Otus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Otus
Landsbyugle, Otus bakkamoena Foto: Santosh Namby Chandran
Landsbyugle, Otus bakkamoena
Foto: Santosh Namby Chandran
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Pennant, 1769

Otus er ei biologisk slekt i uglefamilien som samlar ca. 55 nolevande kjende artar. Med det er Otus den klårt største ugleslekta målt i artsmengd, nær ein av fire av verdas artar i uglefamilien er ei Otus-ugle. I moderne forstand er slekta avgrensa til «den gamle verda». Alle i denne slekta er små og smidige ugler. Dei er farga i ulike kamuflerande fargetonar, nokre gonger med ei lysare underside og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst typisk i ein grå og ein raudbrun morf.

Namnet Otus er latinsk og tyder 'ugle med øyre'.[1] Nemninga på engelsk for denne slekta er 'Scops owls'.

Det største biologiske mangfaldet er i den indomalayiske regionen, der mange øyartar har blitt skildra. Berre dverghornugle (Otus scops) lever i Sør-Europa. Ho er den einaste langdistansetrekkfuglen av alle ugler, ho overvintrar i Afrika sør for Sahara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dropeugle, Otus gurneyi, på Filippinane er den største arten

Ugler av slekta Otus er små til mellomstore fuglar med ei gjennomsnittleg kroppslengde på ca. 20 centimeter og med berre mindre variasjonar. Medianlengda er ein centimeter kortare enn gjennomsnittet. Den minste arten etter lengde kan vere sokotraugle, Otus socotranus, på ca. 15-16 cm, ein art som er endemisk til øya Sokotra utanfor Afrikas horn.[2] Ein art skil seg ut som den største, dropeugle, Otus gurneyi, på 30 cm. Dropeugla lever på den store øya Mindanao i Filippinane, og nærliggande øyar.[3] Samanlikna med ugler i norsk fugefauna, er dei fleste Otus-ugler mest på storleik med ei sporveugle (15-19 cm), dropeugla er omtrent som hornugle, og mindre enn jordugle.[4]

Otus-ugler har kamuflerande, for det meste borkfarga gråbrun eller brun farge; den ventrale sida, buksida, av mange artar har tydelege mørke, og langsgåande strek. Nokre artar viser forskjellige, for det meste raudbrune og gråbrune fargemorfar. Øyrefjørene som er tilstades i alle artar er langt frå kvarandre; hos nokre artar endar dei rett ut og gir hovudet eit horna utsjånad. Øyrefjørene er av ulike lengder avhengig av arten og nokon artar blir skildra som øyrelause. Alle Otus-ugler har eit ansiktsslør, vanlegvis med ein klår kant. Nokre artar har fjørkledde bein ned til tærne, hos andre er beina likevel stort sett fjørlause. Kjønna er like i utsjånad.

Levevis

Dei fleste Otus-ugler er nattlege jegerar etter store flygande insekt. Berre dei største artane fangar regelmessig virveldyr som mus, spissmus, fuglar, krypdyr og amfibium, men virveldyr speler ei viss rolle som sporadisk byttedyr for alle artar. Enkeltartar har spesialisert seg på gekkoar som dei jaktar om natta.

Otus-uglene lever primært som einslege fuglar, og jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre. Så langt det er kjent, er Otus-ugler hovudsakleg hòlerugarar; dei bruker naturlege hòl eller hakkespettreir som ein hekkeplass.

Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.

I motsetnad til Megascops-uglene, har Otus-uglene berre éin type læte. Denne består av ein serie av korte fløytetonar eller høgfrekvente skrik, gjeve med ein frekvens på 4 støyt per sekund eller færre, eller av ein einskild, utstrekt fløytetone. Ropa varierer mykje mellom artar i type og tone, og i feltet er ofte lætet det første teiknet på desse at fuglane er tilstades, så vel som det mest pålitande middel for å skilje mellom artar. Nokre, som den nyleg skildra arten serendibugle, Otus thilohoffmanni, vart oppdaga fordi vokaliseringa var ukjend for ekspertar i fuglelæte.[5]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Wallacea er ein region med stort biologiske mangfald, òg uttrykt i mangfaldet av Otus-artar
Opphavsrett: Sangster G, King BF, Verbelen P, Trainor CR (2013)[6]

Otus-ugler er vanlege i Afrika, med unnatak av ørkenområda og regnskogbeltet, i Sør-Europa og i Sentral-, Sør- og Søraust-Asia. Slekta er fråverande i Sentral- og Nord-Europa og lever stort sett sør for den boreale sona i Asia. Dverghornugle, Otus scops, og orientugle, Otus sunia, treng inn lengst mot nord. Dei nordlegaste leveområda deira ligg på den sørlege grensa av taigaen, i aust nord til midten av Sakhalin. Slekta Otus er ikkje representert på det amerikanske dobbeltkontinentet, og ingen ugler av denne slekta hekkar i Australia.

Mange artar er endemiske for svært små område eller øyar i Wallacea. Andre har store, samanhengande utbreiingsområde slik som dverghornugle i Sør-Europa og sentrale Asia, orientugle i Asia, ravineugle, Otus brucei, i Midtausten og vestlege Asia, halsbandugle, Otus lettia, i Søraust-Asia og ei smal stripe sør for Himalaya til nordaustlege Pakistan, landsbyugle, Otus bakkamoena, over det indiske subkontinentet og akasieugle, Otus senegalensis, i Afrika sør for Sahara.

Dei fleste Otus-ugler er standfuglar. I tillegg til den eurasiske dverghornugle, der dei fleste populasjonane er langdistansetrekkfuglar, migrerer nordlege populasjonar av ravineugle, kamiugle, Otus semitorques, og orientugle. Småskala trekk og vertikale kompenserande rørsler er òg rapporterte av andre artar.

Føretrekte naturtypar til desse uglene er høgst varierande. Laust trekledde landskap er attraktive for dei fleste artane, nokre artar føretrekker tørre habitat og trengjer inn i utkanten av ørkenar. Dei austasiatiske artane er derimot òg funne i tropiske skogar. Men sjølv desse unngår vanlegvis tett skog og gjer òg bruk av opne skogsområde, opningar etter hogst, brannar eller stormhendingar. Tre langs elvar blir nytta av mange tropiske artar. Menneskeskapte landskap som gummi- eller fruktplantasjar, eller store parkar blir ofte brukte.

Artar av slekta Otus lever både i låglandsregionar og i alpine regionar. Til dømes hekkar sulawesiugle, Otus manadensis i parkar og i utkanten av mange kystbyar på Sulawesi, så vel som i tåkeskog i over 2500 meters høgde.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Avhengig av den vitskaplege ståstaden, famnar slekta Otus om ca. 50 til 55 artar. Mangfaldet blant øyartar er stort og slektsskap mellom artar på Sundaøyane og Komorane er uklår.

Mellom år 2008 og 2021 har omtrent 10 artar komme til i sjekklister. Denne auka skuldast både taksonomiske revisjonar og nye funn,[6] til dømes blei storfilippinarugle, Otus megalotis, splitta opp i tre artar i 2012, slik at negrosugle, Otus nigrorum og småfilippinarugle, Otus everetti, kom inn som nye artar.[7] I 2012 blei òg lombokugle, Otus jolandae, skildra som eit nytt takson.[6]

Artslista

Grensene for artar og underartar for Otus-ugler er ustabile og varierer mellom autoritetane.[6] Her følger Otus-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[9]

  • Dropeugle, Otus gurneyi, Giant Scops Owl, (Tweeddale, 1879), (VU)
  • Kvitpanneugle, Otus sagittatus, White-fronted Scops Owl, (Cassin, 1849), (VU)
  • Rustugle, Otus rufescens, Reddish Scops Owl, (Horsfield, 1821), (NT)
  • Serendibugle, Otus thilohoffmanni, Serendib Scops Owl, Warakagoda & Rasmussen, 2004, (EN)
  • Epifyttugle, Otus icterorhynchus, Sandy Scops Owl, (Shelley, 1873), (LC)
  • Sokokeugle, Otus ireneae, Sokoke Scops Owl, Ripley, 1966, (EN)
  • Andamanugle, Otus balli, Andaman Scops Owl, (Hume, 1873), (LC)
  • Floresugle, Otus alfredi, Flores Scops Owl, (Hartert, E, 1897), (EN)
  • Fløyteugle, Otus spilocephalus, Mountain Scops Owl, (Blyth, 1846), (LC)
  • Javaugle, Otus angelinae, Javan Scops Owl, (Finsch, 1912), (VU)
  • Mindanaougle, Otus mirus, Mindanao Scops Owl, Ripley & Rabor, 1968, (NT)
  • Luzonugle, Otus longicornis, Luzon Scops Owl, (Ogilvie-Grant, 1894), (NT)
  • Mindorougle, Otus mindorensis, Mindoro Scops Owl, (Whitehead, J, 1899), (NT)
  • Saotomeugle, Otus hartlaubi, Sao Tome Scops Owl, (Giebel, 1872), (VU)
  • Torotorokaugle, Otus madagascariensis, Torotoroka Scops Owl, (Grandidier, A, 1867), ()
  • Madagaskarugle, Otus rutilus, Rainforest Scops Owl, (Pucheran, 1849), (LC)
  • Mayotteugle, Otus mayottensis, Mayotte Scops Owl, Benson, 1960, (LC)
  • Komorugle, Otus pauliani, Karthala Scops Owl, Benson, 1960, (EN)
  • Anjouanugle, Otus capnodes, Anjouan Scops Owl, (Gurney Sr, 1889), (EN)
  • Mohéliugle, Otus moheliensis, Moheli Scops Owl, Lafontaine & Moulaert, 1998, (EN)
  • Pembaugle, Otus pembaensis, Pemba Scops Owl, Pakenham, 1937, (VU)
  • Dverghornugle, Otus scops, Eurasian Scops Owl, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Afroditeugle, Otus cyprius, Cyprus Scops Owl, (Madarász, 1901), (LC)
  • Ravineugle, Otus brucei, Pallid Scops Owl, (Hume, 1872), (LC)
  • Arabarugle, Otus pamelae, Arabian Scops Owl, Bates, GL, 1937, (LC)
  • Akasieugle, Otus senegalensis, African Scops Owl, (Swainson, 1837), (LC)
  • manglar norsk namn, Otus feae, Annobon Scops Owl, (Salvadori, 1903), (CR)
  • Sokotraugle, Otus socotranus, Socotra Scops Owl, (Ogilvie-Grant & Forbes, HO, 1899), (LC)
  • Orientugle, Otus sunia, Oriental Scops Owl, (Hodgson, 1836), (LC)
  • Ryukyuugle, Otus elegans, Ryukyu Scops Owl, (Cassin, 1852), (NT)
  • Trollugle, Otus magicus, Moluccan Scops Owl, (Müller, S, 1841), (LC)
  • Sulaugle, Otus sulaensis, Sula Scops Owl, (Hartert, E, 1898), (NT)
  • Biakugle, Otus beccarii, Biak Scops Owl, (Salvadori, 1876), (VU)
  • Sulawesiugle, Otus manadensis, Sulawesi Scops Owl, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC)
  • manglar norsk namn, Otus mendeni, Banggai Scops Owl, Neumann, 1939, (VU)
  • Siauugle, Otus siaoensis, Siau Scops Owl, (Schlegel, 1873), (CR)
  • Sangiheugle, Otus collari, Sangihe Scops Owl, Lambert & Rasmussen, 1998, (LC)
  • Suluugle, Otus mantananensis, Mantanani Scops Owl, (Sharpe, 1892), (NT)
  • Mahéugle, Otus insularis, Seychelles Scops Owl, (Tristram, 1880), (EN)
  • Nikobarugle, Otus alius, Nicobar Scops Owl, Rasmussen, 1998, (NT)
  • Simeulueugle, Otus umbra, Simeulue Scops Owl, (Richmond, 1903), (NT)
  • Engganougle, Otus enganensis, Enggano Scops Owl, Riley, 1927, (NT)
  • Mentawaiugle, Otus mentawi, Mentawai Scops Owl, Chasen & Kloss, 1926, (NT)
  • Rajaugle, Otus brookii, Rajah Scops Owl, (Sharpe, 1892), (LC)
  • Landsbyugle, Otus bakkamoena, Indian Scops Owl, Pennant, 1769, (LC)
  • Halsbandugle, Otus lettia, Collared Scops Owl, (Hodgson, 1836), (LC)
  • Kamiugle, Otus semitorques, Japanese Scops Owl, Temminck & Schlegel, 1845, (LC)
  • Krageugle, Otus lempiji, Sunda Scops Owl, (Horsfield, 1821), (LC)
  • Storfilippinarugle, Otus megalotis, Philippine Scops Owl, (Walden, 1875), (LC)
  • Negrosugle, Otus nigrorum, Negros Scops Owl, Rand, 1950, (VU)
  • Småfilippinarugle, Otus everetti, Everett's Scops Owl, (Tweeddale, 1879), (LC)
  • Palawanugle, Otus fuliginosus, Palawan Scops Owl, (Sharpe, 1888), (NT)
  • Bambusugle, Otus silvicola, Wallace's Scops Owl, (Wallace, 1864), (LC)
  • Lombokugle, Otus jolandae, Rinjani Scops Owl, Sangster, King, BF, Verbelen & Trainor, 2013, (NT)
  • Palauugle, Otus podarginus, Palau Owl, (Hartlaub & Finsch, 1872), ()

I tillegg er Otus tempestatis, engelsk 'Wetar Scops-owl' (LC), (Hartert, 1904), skildra som ein art hos Birdlife International.[10]

Vern og status[endre | endre wikiteksten]

Fordeling av Otus-artar på raudlistekategoriar (2021)

Fleirtalet av artane er øyartar eller er innskrenka på andre små område, og er følgjeleg sårbare artar.[11] Døme på trugsmål for dei trua austasiatiske uglene og artane på Komorane er ukontrollert skogshogst mange stader og omdanning av primærskog til plantasjar.

Artar som er raudlista hos BirdLife International per september 2021.

Status VU, sårbar

Åtte artar er lista som sårbare, av dei seks artar som er avgrensa til små øyar.

Status EN, sterkt trua

Sju artar er sterkt trua, av dei tre artar på Komorane utanfor Mosambik

  • Anjouanugle, Otus capnodes på Anjouanøya i Komorane: Ho var lenge rekna som tapt og vart funne igjen i 1992. Den totale bestanden var tidlegare estimert til maksimalt 200 hekkande par, i 2021 er det justert til 2300-3600 modne individ.[12]
  • Mohéliugle, Otus moheliensis Moheliøya i Komorane: Denne arten vart først skildra i 1998. Populasjonen på rundt 400 individ er minkande og blir trua av mellom anna hogst og introduserte artar.[13]
  • Komorugle, Otus pauliani på Grande Comore, Komorane: Den totale bestanden av denne ugla vil truleg vere rundt 1000 hekkande par. Arten er trua av skoghogst, beiting og introduksjonen av hyrdestare, som ein hòlekonkurrent og klårt overlegen ugla, som berre er 19 centimeter høg.

Andre i status EN:

  • Sokokeugle, Otus ireneae, ein minkande populasjon på særs små leveområde ved Mombasa i Kenya og eit sør for grensa til Tanzania. Dei 2500-10000 modne individa er trua av trefelling og klimaendringar.[14]
  • Floresugle, Otus alfredi, færre enn 2500 individ på øya Flores i Indonesia er trua tap av habitat og fragmentering. Populasjonen er minkande.[15]
  • Mahéugle, Otus insularis, ein stabil bestand på under 300 individ på Seychellane.[16]
  • Serendibugle, Otus thilohoffmanni, bestanden på 150-700 individ sørvest på Sri Lanka er trudd å vere svakt minkande, trugsmål er fragmentering av habitat.[17]
Status CR, kritisk trua
  • Siauugle, Otus siaoensis på Siau-øya nord for Sulawesi: Denne arten er berre kjend frå eitt skinn. Det er ingen registreringar av levande individ. Avskoginga går veldig raskt på Siau, ei lita vulkansk øy, slik at dei moglege habitata til denne ugla blir alvorleg forstyrra og raskt avtar. Viss siauugle ikkje allereie er utdøydd, er ho i det minste veldig sjeldan.[18]
  • Otus feae, Annobon Scops Owl, er nyleg anerkjend som art, lever på den litle øya Annobon langt frå fastlandet i Guineabukta i Vest-Afrika. Arten har færre enn 500 individ og kan bli trua av planlagt utbygging av infrastruktur på øya.[19]
Status EX, utdøydd

Ein kjenner tre artar av Otus-ugler som døydde ut etter år 1500. Dei levde på øyane Réunion, Rodrigues og Mauritius i Indiahavet.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 286. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus socotranus. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus gurneyi. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  4. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. Warakagoda, Deepal H. & Rasmussen, Pamela C. (2004): A new species of scops owl from Sri Lanka. Bulletin of the British Ornithologists' Club 124(2): 85–105. PDF fulltext Arkivert 2014-02-07 ved Wayback Machine.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 George Sangster; Ben F. King; Philippe Verbelen; Colin R. Trainor (2013). «A New Owl Species of the Genus Otus (Aves: Strigidae) from Lombok, Indonesia». PLOS ONE 8 (2): e53712. Bibcode:2013PLoSO...853712S. PMID 23418422. doi:10.1371/journal.pone.0053712. 
  7. eBird/Clements Checklist 6.7 2012 Updates and corrections, page 163 Posted September 28, 2012, henta 19. september 2021
  8. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  9. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
  10. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus tempestatis. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  11. John W. Fitzpatrick, Amanda D. Rodewald, Chapter 15 Bird Conserversion i «Handbook of Bird Biology (Cornell Lab of Ornithology) 3rd Edition» Wiley-Blackwell, September 2016 ISBN 978-1118291054, s. 592-593
  12. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus capnodes. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  13. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus moheliensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  14. BirdLife International (2021) factsheet: Otus ireneae. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  15. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus alfredi. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  16. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus unsulris. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  17. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus thilohoffmanni. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  18. König & Weick (2008) s. 265
  19. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus feae. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. september 2021
  20. Winkler et al i Birds of the World

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Otus