Landvikvannet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landvikvannet
innsjø
Landvikvannet I.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Agder
Kommune Grimstad
Utløp Ågrelva / Reddalskanalen
Lengd 3,3 km
Areal km²
Koordinatar 58°19′34″N 8°30′32″EKoordinatar: 58°19′34″N 8°30′32″E

Landvikvannet
58°19′34″ N 8°30′32″ E
Wikimedia Commons: Landvikvannet
Landvikvannet teikna i 1800

Landvikvannet er ein innsjø i Landvik i Grimstad kommune kommune, med både ferskvass- og saltvassfisk.

Landvikvannet har vore knytt til havet (Skagerrak) via Reddalskanalen sidan 1877. Vatnet har maksimal djupn på 25 meter, og inneheld ikkje oksygen under fire–fem meters djupn. Ned til to meter er vatnet ferskvatn, men under dette aukar saltinnhaldet, og på 20 meter er det meir enn 20 promille salt i vatnet.

Dei vanlegaste fiskeslaga i Landvikvannet er sild , sørv og aure, men det er òg funne sik, åbor, flyndre og krabbe. Det er ikkje påvist sild i noko anna ferskvatn i Noreg. Forskarane veit ikkje kvar silda i Landvikvannet gyt, om dei gjer det i vatnet eller om dei dreg ut i havet og kjem attende. Genprøver syner at silda skil seg frå nordsjøsild.[1][2]

Vatnet har òg førekomstar av ferskvassreke (Palaemonetes varians).[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. AgderpostenForsker på unik innlandsild 11. mai 2011
  2. Universitetet i Bergen – Dro opp 1000 sild from Landvikvannet
  3. «Noen truede arter i Aust-Agder», Miljøstatus.no, Aust-Agder

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.