Lappugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lappugle


Lappugle
Lappugle

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes
Familie: Strigidae
Slekt: Strix
Vitskapleg namn
Strix nebulosa

Lappugla (Strix nebulosa) er ei ugle som er nesten like stor som hubroen.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Lappugla har store oskegrå ringar rundt auga, med konsentriske brune strekar og ein halvmåneforma svart bylgjeforma flekk som er avgrensa av kvitt mellom auga og nebbet. Dette partiet er omgjeve av fjør med gule og svarte striper. Iris er gul. Kroppen er oskegrå på oversida, med svartbrune langsgåande flekkar samt brune og gulaktige tverrbylgjer. Framme på brystet og på framsida av halsen er ugla lyst rustgrå med brune langsgåande flekkar og bylgjeaktige tverrlinjer. Nedre del av brystet og magen er kvite, med brune langsgåande flekkar, men utan bylgjer. Stjerten er lang og gråbrun, med fem til seks breie, gråsprengte tverrband. Vengane er mørkebrune med kvite tverrband isprengt rustgult og svart. Fuglen er 60-70 cm lang og vengespennet 135-160 cm. Hoa er større enn hannen. Hoa manglar den gulaktige fargen på oversida og på undersida er ho kvitaktig med brunaktige langsgåande flekkar. På sidene av brystet er desse flekkane vatra i forma.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Lappugla har ei nesten sirkumpolar utbreiing. Ho hekkar i Nord-Amerika, frå Lake Superior til Alaska sin stillehavskyst, og frå Skandinavia austover tvers gjennom heile det nordlege Asia. Lappuglene er standfuglar men flyttar sørover når det er lite mat å finne, men då berre når dei finn mykje smågnagarar lengre sør. Ein liten populasjon på mindre enn 100 individ hekkar i Sierra Nevada i California. Dette er den sørlegaste hekkebestanden av denne arten.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Lappugla er sjeldan i Noreg. På grunn av det nomadiske leveviset finst det ikkje nokon norsk bestand, men heller ein sams bestand for Skandinavia, Finland og Russland. I Noreg hekkar kanskje berre ti par sjølv i gode år. Desse finst helst i Nord-Noreg og då gjerne i aust. Men også i Sør-Noreg er lappugla funna hekkande. I Noreg er det for få lappugler til at det går an å seie noko om endringar i bestanden, men i Sverige har ugla hatt ein ekspansjon.

Hekking og biotop[endre | endre wikiteksten]

Lappuglene hekkar i nærleiken av opningar inne i tette barskogar. Dei bygg ikkje reir men hekkar ofte i gamle reir frå andre store fuglar, oftast rovfuglreir. Dei hekkar også i toppen av avbrotne tre eller i holrom i tre. Hoa legg ofte fire egg.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Lappugla lever hovudsakleg av små gnagarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av artikkelen er henta frå svensk wikipedia, som har henta stoff frå den engelske wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lappugle