Larry Coryell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larry Coryell
Larry Coryell 1979.jpg
Coryell i 1979
Fødd2. april 1943(1943-04-02)
FødestadGalveston i Texas i USA
Død19. februar 2017 (73 år)
DødsstadNew York City
FødenamnLorenz Albert Van DeLinder III
OpphavUSA
Aktiv1965–2017
SjangerJazz, jazzfusion, frijazz, pop, rock, klassisk
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
PlateselskapVanguard, Arista, Novus, Muse, Shanachie, Chesky, Wide Hive, Patuxent
Verka somMusikar

Larry Coryell (2. april 1943 som Lorenz Albert Van DeLinder III19. februar 2017) var ein USA-amerikansk jazzgitarist.

I september 1964 flytta Coryell til New York City, der han gjekk på Mannes School of Music.[1]

Han erstatta gitaristen Gábor Szabó i kvintetten til Chico Hamilton. I midten av 1960-åra spelte han med The Free Spirits,[2] som var det første bandet han var i studio med. I 1967–68 spelte han med Gary Burton. Musikken hans seint i 1960-åra og inn i 1970-åra kombinerte rock, jazz, og austleg musikk.

I 1970-åra leia han gruppa Foreplay med Mike Mandel, ein barndomsven,[3] men albuma frå denne perioden, Barefoot Boy, Offering og The Real Great Escape, var berre oppførte under Larry Coryell. Han skipa The Eleventh House i 1973. Trommeslagaren Alphonse Mouzon spelte i fleire av gruppene hans.

Han spelte inn eit gitarduett-album med Philip Catherine. I 1979 skipa han The Guitar Trio i lag med John McLaughlin og Paco de Lucia. Gruppa spelte inn eit videoalum frå Royal Albert Hall i London kalla Meeting of Spirits. Tidleg i 1980 vart han erstatta av Al Di Meola på grunn av dopmisbruket sitt.[4] Han spelte inn Together i lag med gitaristen Emily Remler, som døydde i 1990. Frå og med 2010 har Coryell turnert og spelt med ein trio som inkluderte pianisten John Colianni, og bassistane Daryl Johns og Jim Cammack.

Coryell døydde av hjartesvikt 19. februar 2017 på eit hotellrom i New York City, 73 år gammal.[5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Coryell (Vanguard Apostolic, 1969)
  • Lady Coryell (Vanguard Apostolic, 1969)
  • Spaces (Vanguard Apostolic, 1970)
  • Fairyland (Mega, 1971)
  • Larry Coryell at the Village Gate (Vanguard, 1971)
  • Barefoot Boy (Flying Dutchman, 1971)
  • Offering (Vanguard, 1972)
  • The Real Great Escape (Vanguard, 1973)
  • Introducing Eleventh House with Larry Coryell (Vanguard, 1974)
  • The Restful Mind (Vanguard, 1975)
  • Planet End (Vanguard, 1975)
  • Level One (Arista, 1975)
  • Basics (Vanguard, 1976)
  • The Lion and the Ram (Arista, 1976)
  • Aspects (Arista, 1976)
  • Two for the Road med Steve Khan (Arista, 1977)
  • Twin House med Philip Catherine (Elektra, 1977)
  • Back Together Again med Alphonse Mouzon (Atlantic, 1977)
  • Difference (Egg, 1978)
  • Better Than Live med The Brubeck Brothers (Direct-Disk Labs, 1978)
  • European Impressions (Arista Novus 1978)
  • At Montreux med Eleventh House (Vanguard, 1978)
  • Standing Ovation: Solo (Mood, 1978)
  • Splendid med Philip Catherine (Elektra, 1978)
  • Return (Vanguard, 1979)
  • Tributaries (Arista Novus, 1979)
  • Live! med Philip Catherine, Steve Kuhn, (Elektra, 1980)
  • Boléro (Philips, 1981)
  • The Larry Coryell/Michael Urbaniak Duo (Keytone, 1982)
  • Scheherazade (Philips, 1982)
  • L'Oiseau de Feu, Petrouchka (Philips, 1983)
  • Facts of Life med Michał Urbaniak (SWS, 1983)
  • Just Like Being Born med Brian Keane (Flying Fish, 1984)
  • Comin' Home (Muse, 1984)
  • Together med Emily Remler (Concord Jazz, 1985)
  • Equipoise (Muse, 1986)
  • Dedicated to Bill Evans and Scott La Faro med Miroslav Vitous (Jazzpoint, 1987)
  • Air Dancing (Jazzpoint, 1988)
  • Toku Do (Muse, 1988)
  • Dragon Gate (Shanachie, 1989)
  • Visions in Blue: Coryell Plays Ravel & Gershwin (Little Major, 1989)
  • Shining Hour (Muse, 1989)
  • American Odyssey (DRG, 1990)
  • Don Lanphere/Larry Coryell (Hep, 1990)
  • Twelve Frets to One Octave (Shanachie, 1991)
  • Live from Bahia (CTI, 1992)
  • Fallen Angel (CTI, 1993)
  • I'll Be Over You (CTI, 1995)
  • Spaces Revisited (Shanachie, 1997)
  • Cause and Effect med Steve Smith, Tom Coster, (Tone Center, 1998)
  • Private Concert (Acoutic Music Records, 1999)
  • Monk, Trane, Miles & Me (HighNote, 1999)
  • From the Ashes med L. Subrahaniam (Water Lily Acoustics, 1999)
  • The Coryells (Chesky, 2000)
  • New High (HighNote, 2000)
  • Moonlight Whispers (Pastels, 2001)
  • Count's Jam Band Reunion med Steve Marcus, Steve Smith, Kai Eckhardt (Tone Center, 2001)
  • Inner Urge (HighNote, 2001)
  • Cedars of Avalon (HighNote, 2002)
  • Tricycles (In+Out, 2003)
  • The Power Trio Live in Chicago (HighNote, 2003)
  • Three Guitars med Badi Assad, John Abercrombie (Chesky, 2003)
  • Electric med Victor Bailey, Lenny White (Chesky, 2005)
  • Traffic med Victor Bailey, Lenny White (Chesky, 2006)
  • Impressions: The New York Sessions (Chesky, 2008)
  • Laid Back & Blues (Rhombus, 2006)
  • Earthquake at the Avalon (In-Akustik, 2009)
  • Montgomery (Patuxent Music, 2011)
  • Larry Coryell with the Wide Hive Players (Wide Hive, 2011)
  • Duality med Kenny Drew Jr. (Random Act, 2011)
  • The Lift (Wide Hive, 2013)
  • Heavy Feel (Wide Hive, 2015)
  • Barefoot Man: Sanpaku (Purple Pyramid, 2016)
  • Seven Secrets med Eleventh House (Savoy, 2016)

Med The Free Spirits

Med Fuse One

  • Fuse One (CTI, 1980)
  • Ice (Electric Bird, 1984)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Gary Burton

Med Herbie Mann

  • Memphis Underground (Atlantic, 1969)
  • Memphis Two-Step (Embryo, 1971)
  • Mellow (Atlantic, 1981)

Med Charles Mingus

  • Three or Four Shades of Blues (Atlantic, 1977)
  • Me Myself An Eye (Atlantic, 1979)
  • Something Like a Bird (Atlantic, 1980)

Med Don Sebesky

  • Don Sebesky & the Jazz Rock Syndrome (Verve, 1968)
  • The Distant Galaxy (Verve, 1968)
  • I Remember Bill (RCA Victor, 1998)

Med L. Subramaniam

  • Blossom (Crusaders, 1981)
  • Spanish Wave (Milestone, 1983)
  • Mani & Co. (Milestone, 1986)

Med andre

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Goodbye…Larry Coryell, 1943-2017». Elmore Magazine. 21. februar 2017. 
  2. Unterberger 1998, pg. 329
  3. Coryell, Larry (2007). Improvising: My Life in Music. New York: Hal Leonard. s. 89. 
  4. Riggs, Mike (19. mars 2009). «Larry Coryell Power Tri o». Washington City Paper. Henta 9. november 2010. 
  5. Keepnews, Peter (21. februar 2017). «Larry Coryell, Guitarist of Fusion Before It Had a Name, Dies at 73». The New York Times. Henta 23. desember 2017. 
  6. Cole, Tom; Hart, Otis (20. februar 2017). «Guitarist Larry Coryell, Godfather Of Fusion, Dies At 73». NPR. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]