Lars Jakobsson Tingnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Jakobsson Tingnes
Fødd 1760
Død

21. januar 1829

Lars Jakobsson Tingnes (176021. januar 1829) var ein norsk gardbrukar, gjestgjevar og stortingsmann frå Førde i Sunnfjord.

Tingnes var frå garden Rotenes i Førde. Sjølv vart han i 1788 gardbrukar og gjestgjevar på Tingneset i Vevring i Sunnfjord.

Både i 1815-16 og 1818 var Tingnes 3. representant for Nordre Bergenhus amtStortinget. I 1815-16 var han medlem av komiteen for landbruk, skogbruk og bergdrift. På Stortinget 1818 var han medlem av ti komitear, mellom dei om sundagsfiske, om allmugeskulelova, om lærarseminar og lærarløner, om matrikkellova, samt om utskifting og odelstakstar. I samband med dei siste sakene kom han då med framlegg om at berre folk med jordbrukskunnskap skulle få eige jord. Unntaket frå denne regelen skulle vere dersom kjøparane hadde planar å nytte tomta til fabrikkanlegg. Tingnes ville slik hindre byborgarar å drive gardsbruk gjennom forpaktarar.

Han var tildelt borgardådsmedaljen.

Tingnes omkom på sjøen ved Rekstalandet i Kinn saman med tre drengar vinteren 1829.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]