Leikanger kommunestyre 2011-2015

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ved kommunevalet 2011 var det fem parti som stilte liste i Leikanger kommune:

Leikanger KrF hadde ikkje klart stilla liste sidan 2003, og partiet vart formelt lagt ned i 2011. Framstegspartiet, som aldri har vore representert i Leikanger, prøvde tre gonger å skipa lokallag i Leikanger vinteren 2011, men lukkast ikkje. Ei stund såg det ut til at heller ikkje Venstre og Høgre skulle klara det, men dei klarde det kort tid før fristen gjekk ut.

Valkampen[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste sakene var kraftutbygging og kommunesamanslåing. Kraftutbyggingssaka var i hovudsak avslutta i førre periode, men saka var ikkje avgjord. Dette viste seg m.a. då kommunestyret skulle røysta over eit nytt alt. C våren 2012. Ordførar Olav Lunden stod fram i Sogn Avis og sa at kraftutbygginga måte bli ei av dei sentrale valkampsakene, men på folkemøtet ein månad seinare sa han at saka var ferdig. SV hadde heile vegen hatt eit klårt standpunkt mot kraftutbygging, og heller ikkje Venstre var positive til planane. Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre hadde sagt tydeleg ja til kraftutbygging. Senterpartiet har sagt eit tydeleg nei til kommunesamanslåing, medan dei andre partia ynskjer utgreiing av saka. Høgre er tydeleg for samanslåing.

Det nye kommunestyret[endre | endre wikiteksten]

Parti Nr Representant Merknad
SV 1 Jan Sigurd Haugen
SV 2 Herdis Ulveseth
Ap 1 Olav Lunden Ordførar
Ap 2 Janne Dokken Formannskapet
Ap 3 Henny Kristin Asperanden Navarsete
Ap 4 Jarle Andersen
(Ap) 5 Tobias Dahle Utmeld av partiet, er no uavhengig
Ap 6 Svein Røysum
Ap 7 Bjarne Asperanden Sjøthun
Sp 1 Ole Simen Nesdal Varaordførar
Sp 2 Anne Katrin Bøyum
Sp 3 Astrid Hilde Ruud
V 1 Trude Risnes Formannskapet
V 2 Marit Lofnes Mellingen
V 3 Susanne Svardal
H 1 Lars Lefdal
H 2 Egil Henning Ytrøy Formannskapet

Partibyte[endre | endre wikiteksten]

Jarle Andersen, som braut ut av Senterpartiet i 2009, stod denne gongen på Ap-lista. Han vart vald inn i kommunestyret. Susanne Svardal var lei av dragkampane i Ap i kraftutbyggingssaka, og melde overgang til Venstre. Begge kom inn i kommunestyret.

Tobias Dahle valde å bryta ut av Arbeidarpartiet etter internt rot med partiprogrammet. Han melde seg ut av partiet valnatta, etter at vallokala stengde. Han vart vald inn i kommunestyret for Ap, men møtte som uavhengig frå dag ein. Måten han braut ut av partiet vekte mykje misnøya i bygda, og fekk jamvel merksemd i riksdekkjande media. I 2013 melde han seg inn i Høgre.

Saka om Leikanger kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Etter synfaringa hausten 2011 kom det fram eit tredje utbyggingsalternativ for Leikanger kraftverk. Alternativet som går under nemninga C, er mykje likt alt. A, men inntaka er flytt 70 m ned i terrenget. Grepet fører til at dei 11 inntaka i alt. A kan reduserast til 6 utan at noko vatn går til spille, då inntaka i alt. C vil liggja nedom samløpet til småelvane som dannar Henjaelvi og Grindselvi. På denne måten vert inngrepa mindre synlege ifrå fjella kring dalføra. Administrasjonen rådde kommunestyret til å fremja alt. C som den beste utbyggingsløysinga, men framlegget fall med 12 mot 5 røyster. Ap, Sp, H og Tobias Dahle heldt fast på alt. A som den beste løysinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Føregangar
2007
Kommunevalet 2011
Etterfylgjar
2015