Lene Kaaberbøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lene Kaaberbøl (2012)

Lene Kaaberbøl (fødd 24. mars 1960) er ein dansk forfattar frå København. Ho har cand.mag. i engelsk og dramaturgi frå Aarhus Universitet. Inspirert av The Lord of the Rings (Ringenes herre) av Tolkien og Ursula K. Le Guins trilogi om Jordhavet føregår mange af Lene Kaaberbøl sine bøker i mytiske fantasy-mellomalderunivers. Bak dette gøymer personskildringar og jordnære problemstillinger om å vekse opp og verte vaksen seg. Kaaberbøl er medeigar i forlaget Phabel.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Skammer-serien[endre | endre wikiteksten]

Lene Kaaberbøl har m.a. skrive barnebokserien Skammerserien (Skammarserien på norsk) som består av fire bind:

  • Skammerens datter (2000, på norsk Skammarens dotter, 2003)
  • Skammertegnet (2001, på norsk Skammarteiknet, 2003)
  • Slangens gave (2001, på norsk Slangens gåve, 2004)
  • Skammerkrigen (2003, på norsk Skammarkrigen, 2004)

Serien er omsett til mange språk og utgjeven eller planlagt utgjeven i m.a. USA, England, Sverige, Japan, Tyrkia, Frankrike, Tyskland, Nederland, Russland, Litauen, Noreg og Færøyane. Ein filmatisering av fyrste bind i Skammarserien kom ut i 2015[1].

Katriona-serien[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvhesten - historien om Katriona Teresadatter (1992, på norsk Sølvhesten : historia om Katriona Teresadotter, 2005)
  • Hermelinen - historien om Katriona Trivallia (1994, på norsk Hermelinen : historia om Katriona Trivallia, 2006)
  • Isfuglen - historien om Katriona Bredinari (2000, på norsk Isfuglen : historia om Katriona Bredinari, 2006)

W.I.T.C.H.-serien[endre | endre wikiteksten]

  • The Salamander’s Heart (på dansk Salamanderens hjerte, 2002, på norsk W.i.t.c.h. : salamanderens hjerte, 2002)
  • Brimestone Music (på dansk Stilnerens musik, 2002, på norsk W.i.t.c.h. : Brimestones' musikk, 2002)
  • Merefire (på dansk Havets ild, 2002, på norsk W.i.t.c.h. : havets ild, 2002)
  • Green Fingers (på dansk Grøn magi, 2002, på norsk W.i.t.c.h. : grønne fingre, 2003)
  • The Cruel Empress (på dansk Den Grusomme Kejserinde, 2002, på norsk W.i.t.c.h. : den onde keiserinnen, 2003
  • The Stone Falcon (på dansk Krystalfuglene I: Stenfalken, 2003, på norsk Steinfalken, 2003)
  • The Talons of the Eagle (på dansk Krystalfuglene II: Ørnekløer, 2003, på norsk Ørnens klør, 2003)
  • The Shadow of the Owl (på dansk, Krystalfuglene III: Uglens skygge, 2003, på norsk Uglens skygge, 2003)
  • The Golden Phoenix (på dansk Krystalfuglene IV: Den gyldne føniks, 2003, på norsk Den gylne føniks, 2003)

W.I.T.C.H.-bøkene er skrivne på engelsk og sidan omsett til dansk, norsk og andre språk.

Parallelt med bøkene finst òg teikneserien W.I.T.C.H., som vert utgjeven i bladet W.I.T.C.H.. Teikneseriehistoriene (som vert teikna og skrivne internt i Disney) kjem sidan i spesielle bøker (W.I.T.C.H-sagaene).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]