Lester Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lester Bowie
Fødd 11. oktober 1941 Frederick i Maryland
Død 8. november 1999 (58 år)
Instrument Trompet
Aktive år 1965–1999
Yrke trompetist, låtskrivar
Tilknytte artistar AACM, Art Ensemble of Chicago, Lester Bowie's Brass Fantasy, Lester Bowie's orgel Ensemble, Archie Shepp, David Murray, Jack DeJohnette, Fela Kuti, Kahil El'Zabar, Defunkt, David Bowie,
Plateselskap Nessa, Freedom, Actuel, Black Saint, Atlantic, Horo, ECM, DIW, Birdology

Lester Bowie (11. oktober 19418. november 1999) var ein amerikansk jazztrompetist og låtskrivar. Han var medlem av AACM, og var med å grunnlegge Art Ensemble of Chicago. Han vitja Noreg fleire gonger og var her kjend for det mangeårige samarbeidet sitt med Brazz Bros, dei hadde over 50 konsertar i lag. Om han er sagt: «Ein omgjengeleg og pågåande musikar, og er difor òg vorte omtalt som Chet Bakers motstykke.»[1] På tidleg 60-tal var han innom rock og blues. Til Chicago kom han 1966 og starta Forbundet til fremme av kreative musikarar (AACM) og AAOC, der han med hustru og vokalist Fontella Bass òg utgav plate i 1970. AAOC, «med sin særs frie stilen med klåre røter tilbake i jazzhistoria har hatt stor tyding for utviklinga frå 1970-åra».[2] Ved besøket hans på Club 7 med Archie Shepp, song Ursula Dudziak. Den første utgjevinga hans på ECM var The Great Pretender (1982) som Knut Borge meinte «boblar av humor og alvor, tradisjon og fridom, svidande satire og djupt engasjement».[3] Konserten From the roots to the source frå Moldejazz 1982, der han avfyrte pistolskot og opptredde i legefrakk,[4] vart til kortfilmen Jazz - røtter og kilder ved Jan Horne (NRK, 9.9.1982). Året etter nemner Ketil Bjørnstad at Louis Armstrong er Bowie's forbilde, i meldinga av nok ei ECM-utgjeving All the magic! som «favner hele Bowies verden, fra primitivisme, via naivitet, blues, spirituals og calypso til avansert frijaz».[5] AAOC var òg ved Moldejazz 1983.

I 1984 starta han popjazz-gruppa Lester Bowie's Brass Fantasy med ni medlemmer; dei gjesta prompte Kongsberg Jazzfestival 1984 med blant andre Stanton Davis trompet, Craig Harris og Steve Turre trombone og konkylie, Bob Stuart tuba og Philip Wilson trommer. I gruppa The Leaders (Arthur Blythe, Chico Freeman, Kirk Lightsey, Cecil McBee og Don Moye) opptredde Bowie på Sardines søndag 22.11.1987, og ved Moldejazz 1989.

Då AAOC var ved Moldejazz 1990 framførte dei Bowie sitt arrangement av Edvard Grieg sin musikk til Peer Gynt, og han uttalte at «Me vert halden i gang for eigen motor. Hadde me trudd Amerika skulle halde oss i live, hadde me spelt i ein kjellar i Chicago framleis. Me stolar utelukkande på oss sjølv. Berre derfor kan me den dag i dag produsere jazzmusikk».[6] Året etter spelte han med Brazz BrosOslo Jazzhus; dei heldt fram med tolv konserter, avslutta med Vossajazz den 22.3.1991. Same sommar var han med sin Brass Fantasy ved Moldejazz 1991. Bowie starta ein lang nordisk turne den 22.3.1992 med Brazz BrosTorshovteatret. På David Bowie-plata Black Tie White Noise frå 1993 spelte han, samt fekk tileigna Looking for Lester. Ved Vinter-OL 1994 gav han konsert med Brazz Bros og SKRUK den 25.2.1994 i Oslo, som vart gjevne ut på plate.plateutgivelse.

Ved Kongsberg Jazzfestival 1994 var han med Art Ensemble of Chicago. I eit seminar «gjorde [han] seg til talsmann for at amerikanarar flest er verda dummaste folk. Får dei kloa i ein pickup-truck og ein HotDog er dei såre tilfreds. Slike menneske blir fort ofre for undertrykking frå ein maktelite, ein elite som òg medvit og systematisk ønsker å få kontroll over jazzen».[7] Vel, den 3.11.1994 var han med Don Moye og Brazz Bros på Rebekka West i Oslo og fortsette til Bergen. Dei heldt fram året etter ved Moldejazz 1995, då i Molde domkyrkje med framhald til festivalar i Pori, Tyskland og AUsterrike.

Bowie døydde av leversvikt og Brazz Bros reiste til gravferda i Brooklyn den 16.11.1999. Han vart heidra av Down Beat i 2000. I 2003 utkom Tribute to Lester med dei tre gjenverande medlemmane i Art Ensemble, Roscoe Mitchell, Malachi Favors Moghostut og Famoudou Don Moye, den femte plata på ECM ifølge Roald Helgheim som hevder Bowie alltid spelte i kvit frakk.[8]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagen din, Aftenposten, 11.10.1988 
  2. Knut Borge (4.3.1982), Sterk og god kost, VG 
  3. Terje Mosnes (1991) Jazz i Molde, festivalene 1980-90Moldejazz [Uttalelsen om legefrakk bekreftet i kapitlet om 1982: Kjell Bækkelund og Lester Bowie].
  4. Ketil Bjørnstad (31.8.1983), Magisk Lester Bowie, Aftenposten 
  5. Fredrik Skavlan (19.7.1990), Jazz for dumminger, Aftenposten 
  6. Knut Borge (1.7.1994), Der lågen fosser, Dagens Næringsliv 
  7. Roald Helgheim (28.9.2003), Jazzkunst før og no, Dagsavisen