Liar av Silia Kapsis
«Liar» Song av Silia Kapsis | ||
Land | Kypros, Australia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 29. februar 2024 | |
Sjanger | Dansepop | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | K2ID | |
Komponist | Dimitris Kontopoulos | |
Tekstforfattar | Dimitris Kontopoulos | |
Låtskrivar(ar) | Dimitris Kontopoulos, Elke Tiel |
---|
«Liar» (norsk omsetjing ‘løgnar’) er ein song frå 2024 av den australske artisten Silia Kapsis. Songen blei gjeven ut 29. februar 2024 og var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Liar» er komponert av Dimitris Kontopoulos og Elke Tiel.[1] Kapsis uttalte at «Liar» var retta mot menneske som lev «falske liv», og kritiserte dei for å presse «body shaming [og] sexualliti [sic])».[2] Kapsis, som vidare uttalte at songen fokuserar på effekten sosiale medium har på unge kvinner, proklamerte at songen blei laga for å overtyde folk om å forlate ei «fasade av falskleik».[3]
«Liar» blei internt vald av den kypriotiske kringkastaren Cyprus Broadcasting Corporation (RIK) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2024. I september 2023 kunngjorde RIK at han hadde vald den australske songaren Silia Kapsis til å representere landet.[4] Låten «Liar» ble offentliggjort 29. februar 2024, og en musikkvideo til låten ble sluppet samme dag.[5]
Opphavleg skulle songen bli send til Russland for den russiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2022, men landet blei kasta ut av EBU etter invasjonen av Ukraina.[6] I 2023 blei låten spelt inn som ein demo av den greske artisten Melissa Mantzoukis, som ho deltok i den lukka nasjonale utveljinga til Hellas for 2023-tevlinga. Songen kvalifiserte seg til andre fase av utveljinga, der han fikk fyrsteplassen av publikumskomiteen med 693 poeng, men berre tredjeplass frå den kunstnariske komiteen med 440 poeng, og enda på andreplass samanlagt med 1 133 poeng, bak songen «What They Say» av Victor Vernicos.[7]
Kypros deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai i Malmö, og var det fyrste bidraget på scena den kvelden.[8][9] Der blei «Liar» nummer seks og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[10][11] I finalen fekk Kypros 78 poeng og enda på 15. plass.[12]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas Internasjonal (IFPI)[13] | 17 |
Litauen (AGATA)[14] | 25 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[15] | 6 |
UK Singles Sales (OCC)[16] | 37 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bijuvignesh, Darshan (29. februar 2024). «Cyprus: Silia Kapsis Releases "Liar"». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. februar 2024.
- ↑ Granger, Anthony (11. februar 2024). «Cyprus: Silia Kapsis Discusses "Liar" & Releases First Images of Her Music Video». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. februar 2024.
- ↑ Tudor, Ruxandra (29. februar 2024). «Cyprus' Silia Kapsis releases her Eurovision 2024 entry "Liar"». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 16. april 2024.
- ↑ «Cyprus: Silia Kapsis joins the party!». Eurovision.tv (på engelsk). EBU. 25. september 2023. Henta 25. september 2023.
- ↑ «No lies detected: Cyprus' Silia Kapsis unleashes her 'Liar'». Eurovision.tv (på engelsk). EBU. 29. februar 2024. Henta 29. februar 2024.
- ↑ «Eurovision2024: Με…γνώριμο τραγούδι η συμμετοχή της Κύπρου». dailypost.gr. 8. januar 2024. Henta 6. april 2024.
- ↑ Ioannou, Dimitris (6. februar 2023). «MelissaMantzoukis protests Greek selection results». ESCXtra. Henta 25. februar 2023.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen 30. januar 2024. Henta 29. februar 2024.
- ↑ Adams, William Lee (26. mars 2024). «Eurovision 2024 Semi-Final Running Order Revealed». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. april 2024. Henta 16. april 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12. mai 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Cyprus through to Eurovision final in Sweden». Cyprus Mail (på engelsk). 8. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Cyprus Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 11. mai 2024.
- ↑ «OfficialIFPI Charts – Digital Singles Chart (International) (Week: 20/2024)». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 23. mai 2024.
- ↑ «202420-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «OfficialSingles Sales Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 18. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Liar (Silia Kapsis-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2024.