Libania Grenot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Libania Grenot


Statsborgarskap Italia, Cuba
Fødd 12. juli 1983 (40 år)
Santiago de Cuba
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Libania Grenot Martinez (fødd 12. juli 1983) er ein kubansk-italiensk friidrettsutøvar som vann gullmedaljen på 400 meter ved europameisterskapane 2014 og 2016.

Grenot representerte Cuba til 2005. Etter ho i 2006 gifta seg med ein italienar tevla ho for Italia. Under sommarleikane 2008 i Beijing sette ho i semifinalen italiensk rekord på 400 meter med tida 50,83 sekund, men rauk ut or tevlinga med knapp margin, noko ho skulle oppleve fleire gongar i olympiske leikar og verdsmeisterskap. Året etter sigra Grenot på 400 meter i Mellomhavsleikane og forbetra den italienske rekorden til 50,30, gjeldande landsrekord i 2020.

Grenot vann bronsemedaljen på 400 meter under EM 2010 i Barcelona. Fire år seinare vann ho EM-gullet på distansen i Zürich, ein prestasjon ho gjorde omatt ved EM 2016 i Amsterdam. Ho avslutta meisterskapen i Nederland med å spurte Italia inn til bronse i 4 x 400 meter stafett. Grenot la opp etter 2018-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i forsøket i 4 x 400 m (3.28,6=nr 9)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i forsøket på 400 m (53,05=nr 34)
  • OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 400 m (50,83=nr 10)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane på 400 m (50,85=nr 12)
  • EM 2010 i Barcelona: Bronse på 400 m – 50,43, og i 4 x 400 m (3.25,7)
  • VM 2011 i Daegu: Utslått i forsøket i 4 x 400 m (3.26,4=nr 9)
  • EM 2012 i Helsinki: Nr 6 på 400 m – 52,57. Utslått i forsøket i 4 x 400 m (3.31,6=nr 10)
  • OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 400 m (51,18=nr 9). Utslått i forsøket i 4 x 400 m (3.29,0=nr 11)
  • VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane på 400 m (50,47=nr 9). Nr 8 i 4 x 400 m
  • EM 2014 i Zürich: Gullmedalje på 400 m – 51,10. Nr 7 i 4 x 400 m
  • VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane på 400 m (51,14=nr 14)
  • EM 2016 i Amsterdam: Gull på 400 m – 50,73, bronse i 4 x 400 m (3.27,4).
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 på 400 m – 51,25. Nr 6 i 4 x 400 m (3.27,0)
  • VM 2017 i London: Utslått i forsøket i 4 x 400 m (3.27,8=nr 9)
  • EM 2018 i Berlin: Utslått i semifinalane på 400 m (51,54=nr 9)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]