Linda Eide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linda Eide

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1969 (55 år)
Voss herad Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, skribent, underhaldningsartist
Prisar Dialektprisen, Målprisen, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, Gullruten for beste programleder
Linda Eide på Commons
Linda Eide på NMD UNG i 2014.
Foto: Tord Litleskare

Linda Eide (fødd 10. februar 1969) er ein norsk journalist, forfattar og kåsør frå Voss som er tilsett i NRK, der ho mellom anna har vore programleiar for programmet Norsk attraksjon og Eides språksjov.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Linda Eide var 19 år då ho byrja på Norsk Journalisthøgskule i 1988, og desidert yngst på kullet.[1] Vidare studerte ho litteraturvitskap ved NTNU i 1996. Frå 1990 vart ho programmedarbeidar i NRK, og har arbeidd i fleire avdelingar, mellom anna i NRK P3 frå opninga i 1993, i NorgesglassetNRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet.

Linda Eide ikledd grilldressen ho brukte under alle sesongane av TV-programmet Norsk attraksjon.
Foto: Bjarne Thune

Norsk attraksjon[endre | endre wikiteksten]

I 2007 hadde Eide premiere på Norsk attraksjon, ein TV-serie der ho reiste rundt i Noreg og viste fram attraksjonar ein ikkje ville finna i ei guidebok.[2][3] Frå 2007 til 2012 vart det produsert tre sesongar av denne serien. For serien vart ho kåra til beste kvinnelege programleiar under Gullruten 2012.

Historisk moro[endre | endre wikiteksten]

I 2014 sette Linda Eide opp forestillinga 200 år på 2 timer saman med pianisten og komikaren Sjur Hjeltnes. Dette var ein presentasjon av norsk historie i høve Grunnlovsjubileet. Forestillinga vart seinare vist på NRK1 under tittelen Historisk moro. Duoen framførte seinare ein forkorta versjon på teater rundt om i landet.[4]

Smæsj[endre | endre wikiteksten]

I 2015 vart Eide programleiar for Smæsj, der ho leita etter opphavet til ulike idrettar.[5][6] Mange av innslaga ho laga til serien var frå USA, Storbritannia og Tyskland.

Eides språksjov[endre | endre wikiteksten]

I 2017 vart Eides språksjov lansert på NRK1 med ulike gjestar, og ein fast trio av Eide som programleiar, professor Gunnstein Akselberg og pianist Sjur Hjeltnes og med nokre innslag med Halvor Folgerø.[7] Talkshowet vart svært populært, og fleire sesongar er vorte laga.[8] I november 2019 vart showet flytta til laurdag kveld.[9] Bakgrunnen for Eides språksjov var ein serie scene-arrangement i regi av Litteraturhuset i Bergen, der Eide, Akselberg og Hjeltnes i fleire år oppførte Ut med språket.[10]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

I 2012 gav Eide ut boka Oppdrag Mottro, som var utforma som ei samling utskrifter av telefonsamtalar mellom henne og mor hennar; «mottro» er vossamål for «mor(en min)». Gjennom desse telefonsamtalene utforska Eide livet til mora opp gjennom 1950-, 1960- og 1970-tallet. For utgjevinga vann ho Melsom-prisen, som etter statuttane blir gjeven til ei bok som er skriven på nynorsk og som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse».[11] Boka er vorte omsett til engelsk.[12] Eide har også skrive fleire andre bøker i ulike sjangrar, frå dikt til lærebok i radio- og lydjournalistikk.

Hausten 2018 hadde Eide premiere ved Det Vestnorske Teateret i Bergen på ei teaterforestilling bygd på si eiga bok. Også teaterforestillinga hadde tittelen Oppdrag Mottro.[13] Hausten 2019 drog ho på turné med forestillinga.[14][15][16][17]

I 2018 skreiv ho på bestilling den musikalske forestillinga Melodi Grand Jazz til Vossa Jazz. Ho handla om jazzmusikken som gjennom åra har vore med på å prega Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2006 var Eide den fyrste som fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.[18]

I 2008 fekk ho Dialektprisen frå Norsk Målungdom.[19] Det same året fekk ho òg sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening for det langvarige engasjementet sitt for sykkelen som framkomstmiddel. Dette hadde mellom anna manifestert seg i dokumentaren Døden Bak Styret som vart send på NRK i 2005, og som vann Bergen journalistlag sin Gullparaply same året.[20]

I 2019 fekk Linda Eide Storegutprisen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2000 – Då gamlemor baka seg i hel: moderne skillingsdikt. NRK P1. ISBN 8241902654.
  • 2003 – Kvardagstraume i utval. ISBN 9788252162110
  • 2004 – Radioradio: lyd i journalistikk. Med Lars Nyre. ISBN 9788252161618
  • 2009 – Norsk attraksjon: guiden til det du ikkje finn i guideboka. Med Kristin Helgeland Hauge. ISBN 9788281783089
  • 2012 – Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dager. ISBN 978-82-430-0708-6
  • 2012 – Norske Smakar. Med Hanne Frosta.[21]
  • 2015 – Lydjournalistikk - innføring i radio og podkasting. Med Jørgen Warvik Lyngvær og Lars Nyre.[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hallgeir Opedal: «Frk. Rundtomkring» på Dagbladet.no (11. september 2009).
  2. «Norsk attraksjon» (på norsk bokmål). NRK. Henta 17. oktober 2020. 
  3. «Norsk attraksjon - Strømme online | TV Guide», VG TV-guide (på norsk), henta 11. november 2021 
  4. «Historisk moro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes» (på norsk bokmål). Henta 17. oktober 2020. 
  5. «Linda Eide med ny drakt og nytt program». NRK Hordaland. 24. oktober 2015.
  6. «Smæsj» (på norsk bokmål). NRK. Henta 17. oktober 2020. 
  7. «Eides språksjov» (på norsk bokmål). NRK. Henta 17. oktober 2020. 
  8. «Etter fylte 60 vart Gunnstein Akselberg ein kjendis-professor. No ventar ein ny sesong av «Eides språksjov»». pahoyden.khrono.no. 8. november 2019. Henta 17. oktober 2020. 
  9. «Språkshowet flyttes til lørdager». www.ba.no (på norsk). 20. mars 2019. Henta 17. oktober 2020. 
  10. «Ut med språket!». morgenbladet.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 21. oktober 2020. Henta 17. oktober 2020. 
  11. Christopher, Renold Tennysen (10. oktober 2013). «Linda Eide fikk Melsom-prisen». NRK (på norsk bokmål). Henta 17. oktober 2020. 
  12. «Mission Mother - Linda Eide». Amazon (på engelsk). Henta 19. april 2021. 
  13. Nystøyl, Karen Frøsland (11. november 2018). «Generasjonsgransking med Linda Eide». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. april 2021. 
  14. «Oppdrag Mottro». Det Vestnorske Teateret (på norsk). Det Vestnorske Teateret. Henta 17. oktober 2020. 
  15. «Oppdrag Mottro». www.haugenbok.no. Henta 17. oktober 2020. 
  16. «Oppdrag Mottro - Linda Eide». Bokklubben (på norsk bokmål). Henta 17. oktober 2020. 
  17. Eide, Linda (2012). Oppdrag Mottro jakta på gamle dagar. Spartacus. ISBN 9788243007086. 
  18. «Linda Eide får Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar» på regjeringa.no (22. juni 2006).
  19. Dialektprisen til Linda Eide
  20. «Linda Eide vant Sykkelprisen 2008!» hjå Syklistenes Landsforening (20. august 2008).
  21. «Norske smakar». Tanum (på norsk). 2015. Henta 17. oktober 2020. 
  22. «Lydjournalistikk: innføring i radio og podkasting». Samlaget. Henta 17. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Linda Eide