Offentleg utsmykking i Alstahaug kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Offentleg utsmykking i Alstahaug kommune omfattar utsmykking i kommunesenteret Sandnessjøen, der det finst det statuar av Torolv Kveldulvsson, Petter Dass, Sigrid på Sandnes og Skule V. Storheill. I tillegg finst verka Bakersvenden, Seileren, Tassen og SKARV, ei oppstilt ankerkjettinglenke.[1]

Vindenes hus. I bakgrunnen ser ein Helgelandsbrua.

På øya Alsta ligg Petter Dass-monumentet, ein steinbauta vigd diktarpresten, vest for Alstahaug kyrkje. Ved Helgelandsbrua står skulpturen Vindenes hus av Sissel Tolaas som er ein del av Skulpturlandskap Nordland.[2]

På Horvnesåsen, langs Fylkesveg 17, står bronseskulpturen Elgen av Skule Waksvik.[1]

Skipet ved Øyvindsenteret på Sandnes er ein steinskulptur av eit vikingskip av Ståle Botn.[1]

Tjøtta står det ein bauta til minne om Øyvind Finnsson Skaldespiller utanfor Tjøtta kyrkje og ein bauta til minne over avdøde russiske krigsfangar på Tjøtta internasjonale krigskyrkjegardTjøtta.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 HALD IKS (2011). «Kultur for skulptur» (PDF). Alstahaug kommune. 
  2. Maaretta Jaukkuri. «Vindenes Hus». Skulpturlandskap Nordland/Nordland fylkeskommune. Henta 21. august 2018. 
  3. «I Håreks rike - Tjøtta». Helgetur. 14. oktober 2012. Henta 21. august 2018. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.