Longerak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garden Monen ligg ved Byglandsfjorden med Frøyrakshorgji bak til høgre.
Langerak kraftstasjon, sett i drift i 1916.

Longerak er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden, sør i Bygland kommune. Ho ligg ved riksveg 9 mellom bygdene Grendi og Lauvdal. Longerak (g.nr. 54) er ein eigen grunnkrins i kommunen, og i 2012 var 42 personar busette her.[1] Longerak har eit areal på 23,61 km² (5,55km² ferskvatn og 18,06km² landareal).[2]

Den gamle grendeskolen ligg ved garden Innistog, og vidare ligg tre overnattingsstader i Bygland her (Longerak Hyttesenter og Camping, Søbø Camping og Longerakhyttene). På austsida av riksveg 9 ligg Langerak kraftverk som blei bygd av Staten for å forsyna Landeskogen tuberkulosesanatorium med elektrisitet, dette blei sett i drift i 1916.[3] Bygda har eige grendehus som blir drive på dugnad.

Frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 var det postopneri på Innistog, og seinare blei telefonsentralen lagt dit. 1. juli 1925 skifta poststaden namn frå Langerak til Longerak. Torgeir Olavson Langerak var den første postopnaren, medan Ingebjørg Langerak var telefonbestyrar frå 1. oktober 1921.[4] Medan dampskip var ein del av den offentlege transporten mellom Byglandsfjord og Ose, var Innistog ein av ferjestadene. I 2012 var postnummeret 4741 Byglandsfjord.

På garden Monen låg Setesdals Landbruks- og Husmorskule.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Longerak («Longerack») er første gong nemnd i eit diplom frå 1563, men garden Longerak er eldre.[5] I diplomet stadfestar Roer Rolleuson og Biørn Aadson, lagrettemenn frå Evje sokn i Råbyggelaget, at Theu (Thof?) Østenssøn selde ein del av garden Longerack i Ordall (Årdal) til Jørund Svenungssøn under eit ting på «Ardals kiercky gar» (kyrkjegarden ved Årdal kyrkje). Garden hadde kna til Østenssøn arva etter foreldra sina, og salsprisen var «1 Mark Guld».

Ifølgje Reidar Bolling[6] er truleg Innistog det eldste bruket på Longerak, og det er usikkert akkurat kva tid det blei delt i mindre einingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Befolkningstall fra 1999–2012 på nettstaden til Statistisk sentralbyrå
  2. Tall fra 2010 på Statisisk sentralbyrås nettsider. Gå via «Velg via søk» og søk på Longerak.[daud lenkje]
  3. Eventyrslottet som brakte strøm til Longerak, Avtrykk.no, 25.04.2018
  4. Langerak poståpneri[daud lenkje] på nettstaden til Postmuseet
  5. Diplomatarium Norvegicum Nummer: 712, bind XI side 807
  6. Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge Bygland, utg. 1952, s. 352 ff