Luca Hänni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luca Hänni
2018-05-13 ZDF Fernsehgarten Luca Hänni-7826.jpg
Fødd8. oktober 1994 (27 år)
FødestadBern
OpphavSveits
Aktiv2012–
Sjangerpop
Instrumentgitar, vokal, tromme, piano
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, modell, låtskrivar, gitarist

Luca Hänni (fødd 8. oktober 1994) er ein sveitsisk songar, låtskrivar og modell. Han slo gjennom då han vann den niande sesongen av Deutschland sucht den Suparstar i 2012. Hänni representerte Sveits i Eurovision Song Contest 2019 med songen «She Got Me».[1] Songen enda på fjerdeplass, den beste plasseringa til Sveits på 26 år.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hänni vart fødd i den sveitsiske hovudstaden Bern i 1994.[2] Allereie i barnehagen fekk Hänni undervising i trommar, og som niåring lærte han eigenhendig å spele gitar og piano. Etter skulegangen gjekk han i lære som murar, men avbraut læretida i 2012 for å satse på musikkarrieren.[1]

Deutschland sucht den Suparstar 2012[endre | endre wikiteksten]

I 2012 deltok Hänni i den niande sesongen av tyske Idol, Deutschland sucht den Suparstar. 28. april 2012 nådde han finalen og vann heile tevlinga over Daniele Negroni med 52,85 prosent av røystene. Han var då den yngste vinnaren i tevlinga og den første ikkje-tyske vinnaren.[1]

Luca Hänni i Tel Aviv i 2019.

2. mai 2012 gav han ut sin fyrste singel, «Don't Think About Me», komponert av Dieter Bohlen. Fire dagar seinare hadde singelen seld til gull i Sveits og nådde fyrsteplassen på singellistene i Sveits, Tyskland og Austerrike.[3]

Debutalbumet My Name Is Luca vart gjeve ut 18. mai 2012 og nådde fyrsteplassen i Austerrike og Sveits, og ein andreplass på den tyske albumlista.[4] Albumet vart sertifisert med gull i både Sveits og Austerrike. Oppfølgjarsingelen «I Will Die for You» vart utgjeven 24. august same år. Denne hadde mindre listesuksess og nådde 54. plass i Tyskland, 46. plass i Austerrike og 37. plass i Sveits.[5] Hausten 2012 heldt han ein omfattande turné, Luca Hänni & Band – Live on Tour, med 32 konsertar i Tyskland, Austerrike og Sveits.

I mars 2013 mottok Hänni pris under Swiss Music Awards i klassa «beste nasjonale gjennombrot». Han vart samstundes nominert i tre klasser i den tyske musikkprisen Echo.

Albumet Dance Until We Die vart sloppe i april 2013 og nådde ein sjetteplass på den sveitsiske albumlista. Vinteren 2015 drog Hänni til Los Angeles der han produserte sitt fjerde studioalbum.

I 2019 vart Hänni vald til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «She Got Me». Han deltok i den andre semifinalen torsdag 16. mai 2019 og kvalifiserte seg til finalen. Dette var fyrste gong sidan 2014 at Sveits kvalifiserte seg til ein finale i Eurovision Song Contest. I finalen enda Hänni på fjerdeplass med 364 poeng, den beste plasseringa til Sveits i Eurovision Song Contest sidan 1993.[6]

Andre oppdrag[endre | endre wikiteksten]

I juni 2012 engasjerte det sveitsiske selskapet Migros Luca Hänni som modell for undertøymerket Nick Tyler. Selskapet presenterte ein undertøyserie for menn, kalla Nick Tyler by Luca. I tillegg vart det lansert ein damekolleksjon kalla Luca's Favorite Edition.[7]

Hänni har òg hatt fleire tv-opptredenar, blant anna som programleiar for RTL II-showet BRAVO The Hits 2012 – The Show. Under den ellevte verdsmeisterskapen i wok i Oberhof, deltok Hänni i det sveitsiske firemannslaget som enda på ein sjetteplass.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Albumdetaljar Høgaste

plassering[8]

Sertifiseringar
SVI AUT TYS
My Name Is Luca
  • Release: 18. mai 2012
  • Label: Universal
  • Format sitt: CD, digital nedlastning
1 1 2
  • SVI: Gull
  • AUT: Gull
Living the Dream
  • Utgjeve: 19. april 2013
  • Selskap: Universal
  • Format: CD, digital nedlasting
1 8 17
Dance Until We Die (med Christopher S)
  • Utgjeve: 11. april 2014
  • Selskap: Future Soundz
  • Format: CD, digital nedlasting
6 38 51
When We Wake Up
  • Utgjeve: 18. september 2015
  • Selskap: Muve Recordings
  • Format: CD, digital nedlasting
6 47 81

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
plassering
Sertifiseringar Album
SVI AUT[8] TYS[8]
«Don't Think About Me» 2012 1 1 1
  • SVI: Gull
My Name Is Luca
«The A Team» 44
«Allein Allein» 55
«I Will Die for You» 37 46 54
«Shameless» 2013 25 46 49 Living the Dream
«I Can't Get No Sleep»
(med Christopher S)
2014 24 Dance Until We Die
«Good Time»
(med Christopher S)
28
«I Can't Get No Sleep (pianoversjon)» Ikkje frå album
«Only One You» 56
«Set the World on Fire» 2015 35 When We Wake Up
«Wonderful» 58
«WARUM!» 2016 Ikkje frå album
«Powder» 2017 29
«Signs» 2018 53
«Bei mir»
«She Got Me» 2019 1 26 62
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Switzerland sends Luca Hänni with 'She Got Me' to Tel Aviv». EBU. 7. mars 2019. Henta 7. mars 2019. 
  2. «DSDS 2012: Kandidat Luca Hänni» (tysk). RTL. Henta 21. april 2012. 
  3. «Luca Hänni – "Don't Think About Me"». Das österreichische Hitparaden- und Musik-Portal. Henta 7. mars 2019. 
  4. «My Name Is Luca». Das österreichische Hitparaden- und Musik-Portal. Henta 7. mars 2019. 
  5. «I Will Die for You». Das österreichische Hitparaden- und Musik-Portal. Henta 7. mars 2019. 
  6. «Switzerland – Eurovision Song Contest». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019. 
  7. «DSDS 2012: Luca Hänni als sexy Unterwäsche-Model». Henta 7. mars 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Lister: Sveits Østerrike Tyskland