Ludvig Mariboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludvig Mariboe
Ludvig Mariboe.png
Fødd 12. oktober 1781
København
Død

19. juni 1841

Yrke redaktør, politikar, forretningsdrivande
Ludvig Mariboe på Commons

Ludvig Mariboe (12. oktober 178119. juni 1841) var ein dansk-norsk forretningsmann og politikar, fødd i København.

Mariboe gjekk fyrst i lære hos ein optikar, så hos ein dreiar. Sidan var han i fem år tilsett i eit handelshus i Livorno i Italia. Deretter kom han heim til København og byrja i faren sitt grossistfirma. Han kom til Noreg i 1804, etter eit tilbod frå Bernt Anker om stilling ved Kristiania-kontoret hans. Etter Ankers død i 1805 tok han også til med eigne forretningar og industrielle føretak. Fram til 1816 dreiv han handel med korn og trelast, og var dessutan eigar av papirfabrikk, kortfabrikk, jarnverk, glasverk og eit klesmanufuktur. På Snarøya dreiv han saueavl i stor stil.

I 1808 oppretta Mariboe eit frivillig artillerikorps, og som sjef for dette deltok han i krigen mot Sverige. Han gav 12000 riksdalar til det nystifta Selskabet for Norges Vel, og 4000 riksdalar til universitetet då det vart oppretta i 1811.

I 1817 gav Mariboe opp forretningane sine, etter å ha tapt nesten heile den store formuen sin. Han flytta til Stockholm og vart adjutant hos kong Karl XIII. I 1822 tok han avskjed frå krigstenesta. Han busette seg då på garden Eid i Høland i Akershus, der han tidlegare hadde eit glasverk. Nokre år seinare flytta han til Kristiania, der han starta eit boktrykkeri.

Mariboe var stortingsmann for Kristiania i 1830 og Akershus i 1833. I 1830 var han medlem av Lagtinget. På begge tingsamlingane var han medlem av valkomiteen, fullmaktskomiteen og komiteen for gasjar, pensjonar, budsjett- og skattevesen. Statsrevisor 1834-39.

Mariboe gav ut det liberale opposisjonsbladet Patrouillen 1824-32. Denne publikasjonen var den fyrste som trykte utførlege referat frå stortingsforhandlingane.

Han hadde planar om å få i stand dampskipsfart, både innariks og utanriks. I den samanheng hadde han lengre opphald i Hamburg og i England, men lukkast ikkje å få midlar.

Mariboe døydde på ein sinnssjukeanstalt i Slesvig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]