Mønje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mønje

Kjemisk formelPb₃O₄, O₄Pb₃
Atommasse687,90961478 atommasseeining
Eigenskapar
Smeltepunkt500
CAS-nummer1314-41-6
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve

Mønje er ei kjemisk sambinding mellom bly og oksygen, med kjemisk formel Pb(IV)O2•2Pb(II)O. Det er eit raudt stoff som blir brukt til pigment i måling, særleg rustvernande måling til skip. Industrimønje til måling av skip og bommar kan òg vera sølvgrå.

I mønje finst det bly med to ulike oksidasjonstal: +II og +IV, og formelen for mønje kan skrivast som Pb(IV)O2•2Pb(II)O. Denne samansetjinga er stadfesta av den krystallinske strukturen til stoffet, og av at mønje reagerer kjemisk som ei blanding av Pb(IV)O2 og 2Pb(II)O. T.d. er mønje oksiderande nok til å oksidera i svært sur væske Mn2+-ion til permanganat-ion, MnO4-.

Miniatyr som viser fødselen til Ludvig VIII av Frankrike, måla i raud mønjefarge.

Fram til mellomalderen blei mønje (minium) brukt i illuminerte bøker, og har gjeve namn til miniatyrmåleri, ein bilettype som først blei måla med mønje.

Mønje er svært giftig, som dei fleste blysamband. Difor har ein brukt stoffet som botnmåling på skip for å hindra alge- og rurvekst på kjølen. Dette har medført at mange hamnebasseng er ureina med tungmetallet bly, til dømes Oslo hamn, som har restar av botnstoff brukt ved m.a. Akers mekaniske verksted.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]