Mütterlein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mütterlein
song
Låtskrivar(ar) Gerhard Winkler, Fred Rauch

«Answer Me» er ein popsong, opphavleg kalla «Mütterlein» med tysk tekst av Gerhard Winkler og Fred Rauch i 1952. Den engelske teksten var skriven av Carl Sigman i 1953, og vart sidan «Answer Me, My Love».


Sigman skreiv opphavleg songen som ein religiøs song, der den første linja var «Answer me, Lord above». Etter at songen vart spelt inn av David Whitfield og Frankie Laine i 1953, vart den «religiøse» versjonen bannlyst på BBC etter klagar.[1] Den omskrivne teksten til Sigman nådde toppen av UK Singles Chart.[2] Songen vart ein enno større hit i USA for Nat King Cole i 1954.[3]

Whitfield si utgåve gjekk til topps på den britiske singellista, og vart så erstatta av utgåva til Laine. Dette var første gongen i historia til denne hitlista at ein versjon av ein song vart slått ned frå toppen avlista av ein annan.[2]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Tyske versjonar


Norske versjonar Viggo Sandvik og Eldar Vågan skreiv ein norsk tekst til songen, «Hør på meg», som vart spelt inn av Vazelina Bilopphøggers i 1992 på albumet 11 år uten kvinnfolk - En norsk bygdetragedie.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart framført på scenen (men ikkje innspelt) av Bob Dylan tidleg i 1990-åra.
  • Songen er òg stundom spelt av Keith Jarrett sidan 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Times Online 6. august 2008 «The music the BBC banned»
  2. 2,0 2,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 12. ISBN 0-85112-250-7. 
  3. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 89. ISBN 0-89820-083-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]