MF «Fjordgar» (1967)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjordgar(1967).jpg
MF «Fjordgar» i rute Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad 2002
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Torulf»
Eigar: A/S Torulf, seinare Møre og Romsdal Fylkesbåtar
Verft: Hatlø Verksted i Ulsteinvik
Verftsnummer: 33
Sjøsett: Juni 1967
Heimehamn: Ulsteinvik/Ålesund
Kjennemerke: LLZX
IMO-nummer: 6721319
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 135 bruttotonnregister, 60 nrt
Lengd: 29,07 m
Breidd: 7,52 m
Djupgang: 2,40 m
Installert effekt : 320 bHk
Framdrift: 4cyl. 4-takts DM (Aabenraa Motorfabrik Heinr. Callesen i Åbenrå)
Fart: 10 knop
Passasjerar: 62 passasjerar
Bilar: 9 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Fjordgar»
Eigar: 1990-1992: Øygarden og Sotra Rutelag
1992-2000: Vest Trafikk
2000-2011: HSD/Tide Sjø/Norled
Kjøpt: Januar 1990
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 123 bruttotonnregister, 43 nrt
Karriere Flag of Finland.svg Finland
Namn: MF «Nordic Eider»
Eigar: Nordic Jet Line
Kjøpt: 2012
Heimehamn: Porvoo
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Rosesund»
Eigar: Gulen skyss
Kjøpt: November 2014
Heimehamn: Eivindvik

MF «Fjordgar» er ei bilferje bygt i 1967 som MF «Torulf».

Ferja vart opphavleg bygt for å gå i rute mellom Ulsteinvik, Torvik og Runde, og erstatta ei tidlegare ferje med same namn. Etter at Herøybrua opna i 1976 gjekk ferja mellom Torvik og Runde fram til Rundebrua kom i 1982. Den siste strekninga «Torulf» trafikkerte under MRF-flagg var MoldeBolsøya.

I januar 1990 vart ferja selt til Øygarden & Sotra Rutelag og omdøypt «Fjordgar». I 1992 vart ho overteken av Vest Trafikk og til slutt i august 2000 av HSD. Sidan vart reiarlaget omdøypt Tide Sjø og Norled. I heile denne perioden og fram til 31. desember 2011, gjekk ho i sambandet Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.

I juli 2012 vart ferja seld til Nordic Jet Line i Finland og omdøypt «Nordic Eider». Der var ho reserverferje og fraktebåt frå Kotka til Pyhtää. Seint i 2014 vart ho kjøpt attende til Noreg av Gulen skyss og fekk namnet «Rosesund». Ho vart då reserveferje på Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad.[1]

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]