Runde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runde
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra. Foto: T. Müller
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra.
Foto: T. Müller
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°23′55″N 05°37′37″EKoordinatar: 62°23′55″N 05°37′37″E

Areal 6,2 km²

Høgaste punkt Varden (332 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 133 (2005)
Folketettleik 21 /km²

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet. I 2009 blei den internasjonale forskingsstasjonen Runde Miljøsenter etablert på Runde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya Runde med brua til Remøy til høgre. (Foto Trond A. Myklebust)

Runde ligg nordvest i kommunen med busetnad i aust, og nord. Garden Runde ligg på austsida, medan Goksøyr ligg på nordsida. På Kvalneset heilt i nordvest på øya, ligg Runde fyr, oppretta i 1767 som eit av dei første i Noreg og sett i ubemanna drift i 2002. Det høgste punktet er Varden med sine 332 meter over havet søraust på øya, men Rundabranden er lettare å sjå der han stig 294 meter nesten rett opp frå havet i vest. Vegen til Runde har kome over Rundebrua frå Remøy sidan 1982. Før den tid var sjøvegen einaste måten å kome seg til Runde.

Ein havhest i flukt ved fuglefjellet på Runde. (Foto: T. Müller)

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finst ein stor bestand med havhest. Sidan byrjinga av 2000-åra har bestandane av dei fleste av dei største arts-populasjonane gått tilbake, ganske visst av sviktande tilgang på føde.

I tidlegare tider var fuglefjellet ei kjelde til matauk. Folk fanga fugl, særleg lundefugl, og sanka egg og samla dun. Denne praksisen tok heilt slutt i tida kring 1940. Fuglefjellet på Runde vart totalfreda som naturvernområde i 1957.

Grunnkrinsen Runde hadde 133 innbyggjarar med eit allsidig virke per 1. januar 2005. Innbyggjarane her står òg bak innsamlingsprosjektet Herøy Village. Næringslivet på Runde omfattar eit gartneri, fiskeri, jordbruk, campingturisme med tilknytte servicebedrifter, guida turar både på sjøen og til lands og ein leirskule.

I 1982 vart Runde tilknytt resten av kommunen med veg då Rundebrua vart ferdigstilt.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga vinteren 1801 budde 94 menneske på Runde, fordelt på 20 huslydar. Hundre år seinare var det 164 fastboande i til saman 24 bustadhus. Ut gjennom 1900-talet voks folketalet vidare, til 272 i 1950 og til 283 i 1960. Frå den tid har talet på busette minka, særleg kraftig har fallet vore i tida etter 1990. I 2001 budde 164 menneske på øya. Åtte år etterpå var det kome ned i 119, «Meir enn halvparten av desse er over 50 år».[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hendingar
  • 8. mars 1725: Funn av vrakrestar og lik etter Aust-India-fararen «Akerendam».
  • 1767: Runde fyr vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr.
  • 1807: Runde fyr vart overteke av staten.
  • 10. mars 1880: 8 mann døydde i ei ulukke, fem av dei då dei prøvde å berge dei tre andre.
  • 4. juni 1982: Rundebrua vart opna
  • 12. mars 1992: Bulkskipet MS «Arisan» gjekk på grunn utanfor Runde og olja tok livet av fleire tusen fugl|}
  • 1. oktober 2009: Forskingsstasjonen Runde Miljøsenter vart offisielt opna

Folket på Runde levde av jordbruk og fiske. På øya er det god voksterjord, og på fjellet gode beite som småfe kunne nytte seg av heile året, då staden jamnast har eit rimeleg mildt vinterklima. Nærleiken til fiskefelta gjorde det mogleg å drive fiskje heile året.

Runde er eit gammalt fiskevær. Under vintersfiskja etter torsk i 1888 hadde 26 båtlag med 142 mann utroren sin frå øya. Åtte av båtane kom frå andre sokner enn Herøy.[2] Korkje på Runde-garden eller i Goksøyra hadde dei tilreisande fiskarane eigne rorbuder. Dei måtte leige seg inn i heimane, låg då i kjellarar, eller på loft, der det fanst.

Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytte til vêret. Fleire forlis, nokre berre nemnde i segner, andre med store skattar som er berga, førte til oppføringa av Runde fyr. Seinare, i 1880, tok ei dramatisk ulukke med mange augnevitne livet av 8 personar der dei fleste var frå Runde.

«Akerendam»[endre | endre wikiteksten]

Det går segner om at eit skip i den spanske flåten, «Castillo Negro», forliste ved Runde på slutten av 1500-talet. Den nederlandske austindiafararen Akerendam gjekk i alle høve ned nord av øya like etter at det blei bygd i 1725. Skipet skulle eigentleg til Batavia (noverande Jakarta i Indonesia), men blei drive ut av kurs av ein storm i Nordsjøen. Heile mannskapet på 200 døydde, og ei mengd gull- og sølvmynter forsvann i havet. Vrakrestar og lik blei vaska opp på Runde. Sommaren 1725 henta ein ut ein del av lasta, men arbeidet blei snart gjeve opp. No og då fann rundebuane myntar frå vraket, og desse kan ha gjeve opphavet til sogene om det forliste spanske armadaskipet.

I 1972 fann sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale att vraket. Året etter blei staden undersøkt av Bergens Sjøfartsmuseum. Ein fann rundt 57 000 myntar, 6 600 av dei av gull. Ein del av dei blei tekne til sjøfarsmuseet, ein annan til Myntkabinettet i Oslo, medan dei tre dukkarane fekk to tredjedelar av skatten. 7 % av funnet gjekk til den nederlandske staten. Funnet frå Akerendam førte til ei lovendring som gjorde alle vrak eldre enn 100 år automatisk freda. Funnet er også omtala som Rundeskatten.

«Arisan»[endre | endre wikiteksten]

I 1992 vart fuglebestanden truga då malmskipet MS «Arisan» lak fleire tonn med tungolje etter det gjekk grunn på skjeret Geitmaren og forliste. Skipet vart liggande til det brotna i to og gjekk ned.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

«Runde Miljøsenter»[endre | endre wikiteksten]

Runde Miljøsenter, Foto: Knut Werner Alsén

Runde Miljøsenterer ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Senterbygget vart opna 1. oktober 2009. Sidan plassen ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, vart senteret bygd med det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Turistinformasjon[endre | endre wikiteksten]

Runde som slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Det var 271 personar som hadde Runde som slektsnamn i Noreg i mars 2005.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Herøyboka. Heimar og folk. Band 1: Runde, Remøya og Leinøya
  2. Herøyboka. Heimar og folk. Band 1: Runde, Remøya og Leinøya:s.11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]