MF «Lauparen» (1950)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Lauparen»
Eigar: Møre og Romsdal Fylkesbåtar
Verft: A/S Stord i Stord kommune
Verftsnummer: 8
Sjøsett: 20. januar 1950
Døypt: av fru Vartdal
Sett i teneste: 1950
Kjennemerke: LGZV
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 184 brt
Lengd: 34,58 m
Breidd: 7,93 m
Djupgang: 3,35 m
Installert effekt : 450 hk
Framdrift: Totakts, 6-syl. dieselmotor frå Crossley
Fart: 12 knop
Passasjerar: 330 passasjerar
Bilar: 14 køyretøy
Generelle mål etter ombygging 1971 og 1974
Installert effekt : 460 hk
Framdrift: 4-taktars, 4-syl. dieselmotor
Aabenraa Motorfabrikk
Fart: 11 knop
Passasjerar: 150 passasjerar
Bilar: 18 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Lofotferje V»
Eigar: Lofoten Trafikklag
Rute: Gimsøystraumen
Sett i teneste: 1977-1981
Heimehamn: Leknes
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Flekkerøy II»
Eigar: Flekkerøyferga, Flekkerøys Dampskibsselskap
Rute: Gimsøystraumen
Sett i teneste: 1981-1991
Heimehamn: Kristiansand
Generelle mål etter ombygging 1981
Tonnasje: 187 BRT
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Flekkerøy II»
Eigar: Øymål (1991-1994), Havlaks (1994-2003), Marine Harvest Norway (2003-?), Lerøy Midnor (?-2011)
Lagnad: opphogd i 2011

MF «Lauparen» var ei bilferje levert for Møre og Romsdal Fylkesbåtar i 1950. Ho vart bygd ved A/S Stord og var systerskipet til MF «Gjemnes».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Båten vart sjøsett 20. januar 1950 og døypt av fru Vartdal. Ferja vart klassifisert av Det Norske Veritas med isforsterkingar og løyve for 330 passasjerar og 14 bilar. Ho vart levert til MRF 26. mai 1950 og sett inn i ruta Molde-Vestnes-Vikebukt. Frå 1954 til 1959 gjekk ho i ruta Ålesund-Brandal-Hareid-Vartdal og fram til 1962 i ruta Ålesund-Brandal-Hareid. Ho vart då erstatta i denne ruta av den nybygde MF «Romsdal». «Lauparen» vart då overført til andre ruteområde, mellom anna Magerholm-Sykkylven i 1962-1963.

I 1971 vart ferja ombygd ved Brattvåg Slipp. Overbygget vart fjerna og erstatta av eit overbygg på babord side. Ho fekk hydrauliske fallemmar og skansekledinga vart forsterka. Passasjertalet vart senka til 150. I 1974 fekk ferja ny motor. Frå 1970 til 1975 gjekk ho i ruta Festøya-Solavågen og stundom Sykkylven-Ikornes og Ålesund-Valderøy.

I 1977 vart ferja selt til Lofoten Trafikklag som gav ho namnet «Lofotferje V». Ho vart nytta i ruta Lyngvær-Smorten, og avløyste òg ruta Lilleidet-Napp. Rutene vart nedlagde i 1981 då Gimsøystrumen bru vart opna og ferja vart seld til Flekkerøyferga i Vågsbygd i Kristiansand. Ho fekk då namnet «Flekkerøy II». Ferja vart samstundes noko ombygd med hydrauliske køyreramper og ferjelem i baugen. Ferja vart sett inn i ruta Lindebø-Mævig. Flekkefjords Dampskipsselskap‎ kjøpte ferja i juli 1985, men ho heldt fram i same rute fram til ruta vart nedlagd i 1989 då det vart bygt tunnel til Flekkerøy. Ferja vart då lagt i opplag i Flekkefjord.

Øymål A/S i Florø kjøpte ferja i juli 1991. Ferja heldt namnet sitt og vart nytta til skjergardsturar kring med restaurant med løyve for skjenking av øl og vin. På bildekket vart det ofte arrangert dans. Det vart òg arrangert fisketurar til havs. Havlaks A/S i Florø kjøpte ferja i 1994. Havlaks var eit dotterselskap til Frøya Holding i Dyrvik. Ferja vart ombygd og fekk påmontert ein kran, slik at ho kunne nyttast til lagring av fôr til laks. Ferja ligg no fast forankra til opprettsanlegget i FillefjordHitra. I 1997 vart Frøya Holding kjøpt av Hydro Seafoods. I 2010 låg båten i opplag ved Reksteren i Tysnes kommune.

Båten vart opphogd av Norscrap West AS på Hanøytangen i 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hvor ble båtene av?. Historiegruppen ved Aker Stord. 2000. s. 26-27. ISBN ISBN 82-95726-0-6 Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp). 
  • «Flekkerøy II». Fjordfähren in Norwegen. Henta 28. desember 2012.