MF «Rosendal» (1975)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal(1998).JPG
«Rosendal» i rute 2 ved kai i Gjermundshavn i Kvinnherad mars 2002. Foto av Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Stryn»
Eigar: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 117
Sjøsett: 1975
Heimehamn: 1975-1979: Bergen
1979-1993: Måløy
Kjennemerke: JXTH
IMO-nummer: 7405936
Generelle mål
Type: Bilferje
Tonnasje: 497 bruttotonnregister, 234 nrt
Lengd: 64,49 m
Breidd: 11,51 m
Djupgang: 3,1 m
Installert effekt : 1375 bHk
Framdrift: 5cyl. 2-takts DM (Wichmann Motorfabrikk i Rubbestadneset)
Fart: knop
Passasjerar: 240 passasjerar
Bilar: 44 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Seimstrand»
Eigar: Bergen-Nordhordland Rutelag
Kjøpt: November 1993
Heimehamn: Bergen
Generelle mål etter ommåling i 1994
Tonnasje: 768 bruttotonnregister, 258 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Rosendal»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap, seinare Norled
Kjøpt: Oktober 1998
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MF «Rosendal»
Eigar: Torghatten Nord
Kjøpt: 2011
Heimehamn: Tromsø

MF «Rosendal» er ei bilferje bygd i 1975 for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) som MF «Stryn». Dei første ni åra gjekk ho i indre Sognefjorden i sambandet Kaupanger-Revsnes(-Årdalstangen. I 1984 vart ho flytta utover i Sognefjorden til sambandet Dragsvik-Vangsnes, der ho gjekk fram til 1993.

Ferja vart då kjøpt av A/S Bergen-Nordhordland Rutelag og omdøypt «Seimstrand». Ho gjekk då i rute over Fensfjorden i sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik-Gråvik. I oktober 1998 vart ho kjøpt av HSD og omdøypt «Rosendal». Ho gjekk då i ruter i Sunnhordland. Den 27. juli 2010 grunnstøtte ferja ved Gjermundshavn på grunn av ein teknisk svikt i manøversystemet. Ingen personar vart skadd i ulukka.

I 2011 vart ferja kjøpt av Torghatten Nord og byrja å gå i ruta Forøy-Ågskardet

«Stryn» ved Hella fergekai. Foto av Harald Sætre.
«Rosendal» i rute 2 ved kai i Gjermundshavn, Kvinnherad mars 2002. Foto av Harald Sætre.

Ferjesamband[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]