MS «Kvinnherad»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnherad.jpg
MS «Kvinnherad» fotografert som «Brand VII» i Bergen.
Foto: Harald Sætre
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Kvinnherad»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Mjellem & Karlsen i Bergen
Verftsnummer: 70
Sjøsett: 1950
Teke ut av teneste: 1957
Kjennemerke: LCOA
Generelle mål
Type: Passasjerskip
Tonnasje: 498 bruttotonnregister, 260 nrt
Daudvekt: 150 tonn
Lengd: 46,20 m
Breidd: 8,00 m
Djupgang: 4,40 m
Installert effekt : 1350 bhk
Framdrift: 8cyl. 2T EV DM
(Crossley Brothers Ltd., Manchester)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Tranøy»
Eigar: Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab
1968: A/S Brand-Båtane i Sykkylven
1981: Aanen Nilsen Shipping
Sett i teneste: 1957
Omdøypt: 1965: «Brand VII»
Generelle mål etter ny motor 1961
Installert effekt : 1125 bHK
Framdrift: 9cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Rygerfjord»
Eigar: L. Rødne & Sønner på Sjernarøy
Sett i teneste: 1988
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: MS «Rygerfjord»
Eigar: Skogsflyg Cassel Aero i Stockholm
2001: Rygerfjord Shipping AB

MS «Kvinnherad» er eit motorskip bygd i 1950 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap. Skipet gjekk i rutefart for HSD til 1957 då det vart selt til Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS) og tok namnet MS «Tranøy». Seinare har ho òg hatt namna MS «Brand VII» (1965–1988) og MS «Rygerfjord» (1988-til i dag).

Sidan ei ombygging i 1995 har «Rygerfjord» vore hotell, losji og resturantskip på Söder Mälarstrand i bydelen Södermalm i Stockholm. Skipet vart levert til HSD i mai 1950 og selt til A/S Ofotens Dampskibsselskap i Narvik i juni 1957. Ho fekk då namnet «Tranøy». I 1961 fekk skipet ny motor og i 1965 fekk ho namnet «Brand VII». Skipet vart i 1968 selt til A/S Brand-Båtane i Sykkylven/Ålesund. Skipet vart seld vidare til Aanen Nilsen Shipping A/S i Vedavågen/Kopervik i april 1981 og til L. Rødne & Sønner A/S i Sjernarøy/Kopervik i februar 1988 og fekk då namnet «Rygerfjord». Skipet vart seld til AB Skogsflyg Cassel Aero i Stockholm i juni 1995. Ho vart då lagt opp i Stockholm som flytande hotell. I 2001 vart ho seld til Rygerfjord Shipping AB i Stockholm. Skipet vart stroke frå Lloyds i 2010.

MS «Kvinnherad», her som flytande hotellskip «Rygerfjord» i Stockholm i 2015.
Foto: Tore Sætre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]