MS «Hardangerfjord» (1959)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå MS Hardangerfjord (1959))
Hopp til navigering Hopp til søk
Hardangerfjord(1959)2.jpg
«Hardangerfjord» i Rosendal i 1982. Foto: Harald Sætre.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Hardangerfjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Stord Verft i Stord kommune
Verftsnummer: 50
Sjøsett: 1959
Teke ut av teneste: 1982
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JXEP
IMO-nummer: 5142750
Generelle mål
Type: Passasjerskip
Tonnasje: 883 bruttotonnregister, 410 nrt
Lengd: 175,5 fot (53,5 m)
Breidd: 35,2 fot (10,7 m)
Djupgang: 7,9 fot (2,4 m)
Installert effekt : 1400 bhk
Framdrift: 2x 7cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk)
Fart: 14 knop
Passasjerar: 420 passasjerar
Bilar: 35 køyretøy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Firda»
Eigar: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
Sett i teneste: 1982
Teke ut av teneste: 1989
Heimehamn: Bergen/Måløy
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Brand»
Eigar: Aanen Nilsen Shipping A/S
Sett i teneste: 1989
Heimehamn: Vedavågen/Koparvik
Generelle mål etter ommåling i 1992
Tonnasje: 967 bruttotonnregister, 351 nrt
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Brand»
Eigar: Ånen Nilsen Shipping A/S
Sett i teneste: 1999
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Brand»
Eigar: Compass Shipping AS
Sett i teneste: 2001
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Croatia.svg Kroatia
Namn: MS «Darli»
Eigar: Dami d.o.o.
Sett i teneste: 2004
Heimehamn: Rijeka
Karriere Flag of Saint Kitts and Nevis.svg Saint Kitts og Nevis
Namn: MS «Dicle»
Eigar: Janine Enterprises Inc.
Sett i teneste: 2009
Heimehamn: Bassaterre
Karriere Flag of Turkey.svg Tyrkia
Namn: MS «Dicle»
Eigar: Alacante Shipping BV
Sett i teneste: 2010
Heimehamn: Istanbul/Bassaterre,
endra i 2011 til Aktau i Kasakstan
Status: Framleis i drift 2011

MS «Hardangerfjord», i dag MS «Dicle», er eit motorskip som vart bygd for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap ved Stord Verft i 1959.

Det var i drift for HSD fram til 1982 og gjekk i ruta mellom Odda og Bergen. Skipet kunne frakte 420 passasjerar og 35 bilar. Like før skipet vart seld skifta det namnet til «Hardangerfjord I». Same året vart det seld til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane som gav båten namnet «Firda». Under dette namnet gjekk ho i rute mellom Sogn og Bergen, eller Nordfjord og Bergen.

M/S «Hardangerfjord» ved kai i Rosendal i 1982. Foto: Harald Sætre

I juni 1989 vart det seld til Aanen Nilsen Shipping og fekk namnet MS «Brand». Ho vart då nytta som turistskip og sidan hotellskip for verfts- og oljeindustrien. Ho segla under dette namnet til 19. april 2004, då ho vart seld til Kroatia og omdøypt til «Darli».

I 2009 vart ho seld vidare til tyrkiske eigarar til Saint Kitts og Nevis og fekk der namnet MS «Dicle». Det vart så utflagga til Kasakhstan og vart nytta som hotellskip i Kaspihavet. Skipet er framleis i drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]