Saint Kitts og Nevis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Federation of Saint Kitts and Nevis

(norsk: Saint Kitts og Nevis, sanktkittisk)

Det sanktkittiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Oh Land of Beauty!»
Motto Country Above Self
(
Land over seg sjølv)
Geografisk plassering av Saint Kitts og Nevis
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Basseterre
Styresett
Dronning
Generalguvernør
Statsminister
Monarki
Elizabeth II
Dr. Sir Cuthbert Sebastian
Dr. Denzil Douglas
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
261 km² (190.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
50 726 (191.)
194,4 /km² (-.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
19. september 1983
Nasjonaldag 19. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
720 mill. USD (188.)
14 400 USD (61.)
Valuta Austkaribisk dollar (XCD)
Tidssone UTC -4
Toppnivådomene .kn


Saint Kitts og Nevis er ein øynasjon i Karibia. Han er den minste sjølvstendige staten i Amerika både i folketal (51 300 i 2005) og utstrekking og utstrekking (261 km²). Hovudstaden Basseterre ligg på den største øya, Saint Kitts. Denzil Douglas er statsminister i landet.

Øyane var opphavleg folkesette av ulike amerikanske urfolk der den siste bølgja var karibarar. Saint Kitts var ei av dei første karibiske øyane som blei koloniserte av europearar, og danna utgangspunkt for britiske koloniar på fleire øyar rundt. Føderasjonen fekk sjølvstende frå Det britiske imperiet i 1983, men er framleis eit samvelderike med Elisabeth II som statsoverhovud.

Kart over Saint Kitts og Nevis

Historie[endre | endre wikiteksten]

Saint Kitts og Nevis blei først folkesette rundt 3000 f.Kr. av jakt- og sankarfolk som vandra inn frå noverande Florida. Desse folka tilhøyrde ein kultur kjend som arcaico ('arkaisk'), og forsvann etter nokre hundreår.

Rundt 1000 f.Kr. kom saladoidfolk som dreiv med jordbruk og laga keramikk frå Orinocoelva i noverande Venezuela. Rundt år 800 kom arawakfolket igneri same vegen. Rundt 1300 kom kalinago, eller karibar, truleg også frå Orinoco-området, og fortrengde igneriane nordover. Kalinagoane kalla Saint Kitts Liamuiga, 'Grøderik øy', og Nevis Oualie, 'Øy med vakre vatn'. Begge øyane var viktige handelslenkjer og utgangspunkt for raid mot dei noverande Jomfruøyane og Puerto Rico, der tainoar heldt til.

Kristoffer Columbus kom til øyane under si andre ferd til «Den nye verda» i 1493. Han kalla den største øya Sant Jago (Heilage Jakob), men ei samanblanding med øya Saba i nord overførte hennar namn, San Cristobal, til denne øya. Namnet blei seinare omsett til engelsk (Saint Christopher) og forkorta til Saint Kitts. Nevis blei kalla Nuestra Señora de las Nieves, 'Vår frue av snøen', etter skydekket rundt vulkantoppen på øya. Nievis blei forenkla til Nevis.

I 1623 kom den engelske kapteinen Thomas Warner med familien sin til øya og blei teken imot av lokale kalinagoar leia av ouboutou Tegremante. I 1624 hadde Warner henta fleire folk frå England og grunnla med dei den første engelske kolonien i Karibia, Old Road Town. I 1625 kom eit fransk skip leia av kaptein Pierre Belain d'Esnambuc til øya, og fekk løyve av Warner til å busetja seg.

I 1626 fann Kalinagomassakren stad. Europearane hadde fått høyra at kalinagoane skulle samla seg for å overfalla dei. Dei valde å gå til åtak i forkant, og drap tallause kalinagoar frå Saint Kitts og naboøya Waitikubuli (Dominica). Dei overlevande blei anten tekne som slavar eller bannlyste til Waitikubuli.

Etter massakren delte engelskmennene og franskmennene Saint Kitts mellom seg. Midten av øya kom under engelsk kontroll, medan Capisterre i nord og Basseterre i sør blei franske. Begge maktene koloniserte fleire øyar herfrå: Engelskmenn slo seg ned på Nevis (1628), Antigua (1632), Montserrat (1632), Anguilla (1650) og Tortola (1672), medan franskmenn grunnla koloniar på Martinique (1635), Guadeloupe (1635), St. Martin (1648), Saint Barthélemy (1648) og Saint Croix (1650).

Spanjolane tek kontroll over Saint Kitts. Måleri av Don Fadrique de Toledo frå 1634.

Under Den anglo-spanske krigen (1625-1630) tok ein spansk ekspedisjon kontroll over øyane i 1629 og deporterte busetjarane tilbake til Europa. Fredstraktaten i 1630 gav herredømet tilbake til Storbritannia, og busetjarane kunne venda tilbake. Nybyggjarane dyrka først tobakk, men då dei blei utkonkurrert av Virginia gjekk begge øyane over til sukkerrøyrdyrking rundt 1640. Til det harde plantasjearbeidet henta dei inn store mengder slavar frå Afrika. Slaveriet blei først oppheva i Det britiske imperiet i 1834.

På slutten av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet slost dei to kolonimaktene om kontroll over Saint Kitts. I 1705, under Den spanske arvefølgjekrigen, tok franske styrker kontroll over Saint Kitts og heldt henne i åtte år. Storbritannia fekk endeleg herredøme i 1713 med freden i Utrecht. Basseterre blei hovudstad i 1727.

Saint Kitts og Nevis blei lenge styrde fråskilt frå kvarandre, men ved slutten av 1800-talet kom dei to og Anguilla inn under felles kolonistyre. Dei gjekk inn i Den vestindiske føderasjonen i 1958, men denne braut saman i 1962. I 1967 fekk territoriet Saint Christopher-Nevis-Anguilla. Anguilla braut ut i 1971 medan Saint Kitts og Nevis fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1983. I 1998 røysta ei fleirtal på Nevis for lausriving, men sidan eit to-tredjedelsfleirtal mangla blei øya verande i føderasjonen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsyn mot Nevis frå Saint Kitts.

Landet har to hovudøyar, Saint Kitts på 168 km² og Nevis på 93 km². Dei er skilde av eit tre kilometer breitt sund kalla The Narrows. Øyane er av vulkansk opphav. Den høgste fjelltoppen i landet er Mount Liamuiga, på 1 156 moh.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er tropisk maritimt, men noko friskare enn øyane lenger sør. Middeltemperatur er kring 26 °C, med berre små variasjonar gjennom året. Årsnedbøren er 1300-1400 mm.

Naturkatastrofar[endre | endre wikiteksten]

Øyane ligg i eit område som er plaga av jordskjelv og syklonar. I 1690 øydela eit jordskjelv og påfølgjande tsunami i Jamestown, hovudstaden på Nevis, og byen blei forlatt til fordel for Charlestown.

I september 1998 øydela orkanen Georges, den verste i regionen dette hundreåret, for store verdiar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint Kitts og Nevis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]