Machine Messiah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Machine Messiah
Song av Yes
frå albumet Drama
Utgjeve 22. august 1980
Sjanger Progressiv rock, heavy metal, hardrock
Lengd 10:27
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire, Alan White
Produsent Yes and Eddie Offord

«Machine Messiah» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1980albumet Drama. Songen er skriven av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White som på det tidspunktet var besetninga i bandet. Dette er den lengste songen på albumet med sine 10 minutt og 27 sekund. Opphavleg var dette ein song som Downes og Horn skreiv i voner om at Yes ville spele han inn før dei sjølv vart medlemmar av bandet. Etter omarbeiding og handsaming av songen saman med resten av Yes, vart han spelt inn med Downes og Horn som nye medlemmar av bandet.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med ein gitar med ei slags dopplereffekt før han går inn i eit tungt og dystert hardrock-inspirert tema. Synthesizeren nyttar òg ei slags dopplereffekt, før vi får eit temposkifte, og melodien blir lettare og ljosare. Ein gitarsolo omtrent midtvegs i songen dreier songen tilbake til det dystre temaet, og songen blir avslutta med gitar med dopplereffekten frå opningssekvensen.

Sjølv om dette er ein av dei tyngste og mest hardrock-inspirerte av alle Yes-songane, er strukturen i den progressive rocken ivaretatt ved dei mange temposkifta og musikkstilskifta. Tekstane er noko mørkare enn det Jon Anderson skreiv før han forlét banda året før denne utgjevinga. Musikken er, trass i at Anderson er borte, umiskjenneleg Yes-musikk.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Machine Messiah» vart spelt under alle konsertar under Drama-turneen, men på grunn av at Jon Anderson nekta å synge nokre av songane frå Drama, vart han ikkje spelt igjen før under In the Present-turneen i 2008-2009 med Benoît David som vokalist.[1]

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Machine Messiah»:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

På originalinnspelinga frå 1980 medverkar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]