90125

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
90125
Studioalbum av Yes
Utgjeve 14. november 1983
Innspelt Sarm Studios, London, Spring/Summer 1983, Bonus Tracks 10–13, januar, 1981
Sjanger Progressiv rock, poprock
Lengd 44:49
Selskap Atco – 7 90125 0
Produsent Trevor Horn
utanom «Hold On», produsert av Trevor Horn + Yes
Kritikk
Yes-kronologi
Drama
(1980)
90125 Big Generator
(1987)


90125 er det ellevte studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1983. Dette er det første albumet frå bandet sidan oppløysinga i 1980, og det første der multi-instrumentalisten Trevor Rabin medverkar. Jon Anderson er tilbake, og Tony Kaye er òg tilbake for første gongen sidan albumet The Yes Album i 1971.

Albumet kom på femteplass på Billboard 200 i USA, 16. plass på UK Albums Chart i Storbritannia[3] og på 8. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet representerer eit markant brot med den tidlegare progressive musikken, og består hovudsakleg av rock og pop-basert musikk. Tittelen 90125 viser til katalognummeret på albumet hos plateselskapet.

Tidleg i 1983 heitte bandet ikkje Yes, men Cinema, og bestod av Trevor Rabin, Chris Squire og Alan White. Først seinare i prosessen fekk ein med seg dei tidlegare bandmedlemmane Jon Anderson og Tony Kaye, og då dei var på plass skifta bandet namn frå Cinema til Yes. Bandnamnet som måtte vike «minnest» på instrumentalen «Cinema», som òg vann ein Grammy i 1983 i klassa Årets Rock Instrumental.

Tidlegare vokalist i Yes, Trevor Horn, vart opphavleg spurt om han ynskte å fortsetje som vokalisten til bandet men takka nei. Han takka derimot ja til å produsere albumet, som inneheld den største kommersielle hitten til bandet, «Owner of a Lonely Heart».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Owner of a Lonely Heart»  Anderson/Horn/Rabin/Squire 4:29
2. «Hold On»  Anderson/Rabin/Squire 5:16
3. «It Can Happen»  Anderson/Rabin/Squire 5:29
4. «Changes»  Anderson/Rabin/White 6:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
5. «Cinema»  Kaye/Rabin/Squire/White 2:08
6. «Leave It»  Horn/Rabin/Squire 4:14
7. «Our Song»  Anderson/Rabin/Squire/White 4:18
8. «City of Love»  Anderson/Rabin 4:51
9. «Hearts»  Anderson/Kaye/Rabin/Squire/White 7:39
Bonusspor på 2004-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)Merknader Lengd
10. «Leave It» (Singel Remix)Horn/Rabin/SquireSame som "Leave It (Remix)" på Twelve inches on tape 3:56
11. «Make It Easy»  RabinFørst gjeven ut på Yesyears 6:12
12. «It Can Happen» (Cinema Version)Anderson/Rabin/SquireFørst gjeven ut på Yesyears 6:05
13. «It's Over» (Tidlegare ikkje gjeven ut)Rabin  5:41
14. «Owner of a Lonely Heart» (Extended Remix; tidlegare ikkje gjeven ut)Anderson/Horn/Rabin/SquireLiknar på "Owner of a Lonely Heart (Red and Blue Mix)" på Twelve inches on tape. 7:05
15. «Leave It» (A Capella Version)Horn/Rabin/Squire  3:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 – Rhino CD (Remaster med bonus-spor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «90125 Overview». Allmusic. Henta 17. juli 2012. 
  2. «90125 Review». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen den 24 mai 2011. Henta 17. juli 2012 30 april 2011. 
  3. UK Albums Chart: Yes: 90125
  4. VG-lista: Yes