The Yes Album

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Yes Album
Studioalbum av Yes
Utgjeve 19. februar 1971
Innspelt 17. juli 1970 («Clap»)
Autumn 1970
Studio Advision Studios, Fitzrovia i London
Spelestad Lyceum Theatre i London («Clap»)
Sjanger
Lengd 41:32
Selskap Atlantic
Produsent
Yes-kronologi
Time and a Word
(1970)
The Yes Album Fragile
(1971)


Singlar frå The Yes Album
  1. «Your Move»
    Utgjeve: 5 Mars 1971
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Christgau's Record GuideB–[4]
Pitchfork8.1/10 [5]
Rolling Stone(positive) [6]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
The Rolling Stone Record Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[8]
The Daily VaultB+[1]

The Yes Album er det tredje albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes. Dette er det første albumet der gitaristen Steve Howe medverkar. Albumet vart gjeven ut i februar 1971 i Europa og i mars same år i USA. Dette albumet vart det store gjennombrotet til bandet, og vart hylla av platekjøparar så vel som kritikarar. Dette er òg det siste albumet Tony Kaye medverkar på, før kom attende til bandet 12 år seinare på albumet 90125.

Albumet kom på 40. plass på Billboard 200 i USA, og på fjerdeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.[9]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Yes Album vart nettopp det albumet plateselskapet ynskte seg etter den labre interessa for bandet sine to første album. Innspelingane vart gjort i studioet Langley Studios i Devon i England, og Steve Howe likte seg så godt der at han seinare kjøpte huset med tilliggande landområde, og han bur framleis der.

Òg på dette albumet er førenamnet til Jon Anderson stava «John» men for siste gongen sidan alle dei påfølgjande albuma brukar staveforma «Jon». På coveret er det eit bilete av bandet, og ein kan sjå Tony Kaye med gips på det eine beinet. Dette på grunn av at han kort tid før fotografiet vart teke var innblanda i ei mindre bilulykke.

Under den påfølgjande turneen var bandet Strawbs med som oppvarmingsband. Klaverspelaren i Strawbs var den unge og særs lovande Rick Wakeman, som med sitt virtuose spel på alle sine ulike tangentinstrument trekte til seg merksemd frå alle, Yes-medlemmane inkludert.

Etter turneen fekk Kaye sparken fordi han berre motvillig gjekk med på å spele på Moog-synthesizer og generelt nekta å ta i bruk moderne synthesizer og Mellotron, og ynskte berre å spele piano og Hammondorgel. Dermed tok Yes kontakt med Wakeman, som under tvil godtok å møte på ei øving. Få dagar seinare vart han presentert som den nye klaverspelaren i Yes.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I 2000 plasserte magasinet Q albumet på 86. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Yours Is No Disgrace»   9:41
2. «Clap» (instrumental) 3:15
3. «Starship Trooper»
  • a. «Life Seeker»
  • b. «Disillusion»
  • c. «Würm»  
9:36
Side to
# Tittel Lengd
4. «I've Seen All Good People»
  • a. «Your Move»
  • b. «All Good People»  
6:46
5. «A Venture»   3:12
6. «Perpetual Change»   8:50
Bonusspor på 2003-utgåva
# Tittel Lengd
7. «Your Move» (singelutgåve) 3:00
8. «Life Seeker» (singelutgåve) 3:28
9. «Clap» (studioutgåve) 4:02
Definitive-utgåva frå 2014 - «Alternate album»
# Tittel Lengd
1. «Yours Is No Disgrace» (Live, London 1971) 11:28
2. «Clap» (studioutgåve) 4:04
3. «Life Seeker» (singelutgåve) 3:28
4. «I've Seen All Good People» (Live, London 1971) 7:47
5. «A Venture» (lang miks) 4:45
6. «Perpetual Change» (Live, New Haven 1971) 14:41
Definitive-utgåva frå 2014 «Single version, edits & live»
# Tittel Lengd
1. «Your Move» (singelutgåve, Stereo) 2:56
2. «Clap» (singelutgåve, Stereo) 3:12
3. «America» (Simon & Garfunkel-sog) (Live, London 1971) 15:58
4. «It's Love» (The Young Rascals-song) (Live, London 1971)) 11:06
5. «Your Move» (singelutgåve, Mono) 2:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Warburg, Jason (2011). «The Daily Vault Music Reviews : The Yes Album». dailyvault.com. Henta 21. desember 2019. 
  2. Gallucci, Michael (19. februar 2016). «45 Years Ago: Yes Have Their Breakthrough Moment With ‘The Yes Album’». Ultimate Guitar. 
  3. Eder, Bruce. «The Yes Album – Yes | AllMusic». AllMusic. Henta 21. desember 2019. 
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: Y». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta Mars 9, 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. Dahlen, Chris; Leone, Dominique; Tangari, Joe (8. februar 2004). «Pitchfork: Album Reviews: Yes: The Yes Album / Fragile / Close to the Edge / Tales from Topographic Oceans / Relayer / Going for the One / Tormato / Drama / 90125». pitchfork.com. Pitchfork Media. Henta 19. januar 2008. 
  6. Koegel, John (22. juli 1971). «Yes The Yes Album > Album Review». Rolling Stone (87). Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 17 Desember 2011. 
  7. Lechner, Ernesto (6. februar 2003). «Classically Trained!». Rolling Stone (915): 64. Arkivert frå originalen 23 Mars 2006. Henta 13 Mars 2005.  Reviews reissues of Yes, Time and a Word, The Yes Album, and Fragile.
  8. Marsh, Dave; Swenson, John, red. (1979). The Rolling Stone Record Guide (1st utg.). Random House/Rolling Stone Press. s. 424. 
  9. UK Albums Chart: Yes – The Yes Album