Igor Khorosjev
Igor Khorosjev | |
Igor Khorosjev (1998) | |
Fødd | 14. juli 1965 (57 år) |
---|---|
Fødestad | Moskva i Sovjetunionen |
Opphav | Russland |
Aktiv | 1983– |
Sjanger | Progressiv rock |
Instrument | Klaverinstrument |
Tilknytte artistar | Yes, Benjamin Orr |
Igor Petrovitsj Khorosjev[a] (fødd 14. juli 1965) er ein russisk klaverspelar mest kjend for tida si som medlem i progressiv rock-gruppa Yes mellom 1997 og 2001. Han er klassisk utdanna pianist, har diplom-grad i musikk og spelar i tillegg instrumenta trombone, valthorn, gitar og trommer.
Han flytta til USA tidleg på 1990-talet, og bur i Boston. Etter perioden som Yes-medlem har han spelt inn eit soloalbum kalla Piano Works, og arbeider no mest med filmmusikk.
Merknadar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Russisk skrift Игорь Петрович Хорошев
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Igor Khoroshev» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.