Patrick Moraz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patrick Moraz

Patrick Moraz på konsert med the Moody Blues, 1978
Fødd24. juni 1948 (75 år)
FødestadMorges
FødenamnPatrick Phillipe Moraz
OpphavSveits
Aktiv1967 til i dag
SjangerProgressiv rock, elektronisk, jazzfusion
InstrumentKeyboard, Piano
Tilknytte artistarRefugee, Yes, The Moody Blues, Mainhorse
PlateselskapCharisma Records
Atlantic Records (U.S.)
Passport Records
Carerre Records
i-Disk/Time Wave Music
Verka somMusikar, låtskrivar

Patrick Philippe Moraz (fødd 24. juni 1948) er ein sveitsisk klaverspelar. Han er mest kjend som klaverspelar for det progressive rockebandet Yes, frå 1974 til 1976, og The Moody Blues frå 1978 til 1991.

Han har klassisk pianoutdanning frå konservatoriet i Lausanne, men var hovudsakleg jazz-pianist før den «progressive» karrieren hans byrja. Moraz er kjent for sin virtuose spelestil.

Moraz turnerte i Europa som soloartist på midten av 1960-talet då han ofte var oppvarmar for større jazz-artistar. Han starta så gruppa Mainhorse saman med Jean Ristoiri i 1968 og gav ut eit album med same namn. Seinare flytta han til England, der han starta bandet Refugee saman med Lee Jackson og Brian Davidson som tidlegare spelte i The Nice saman med Keith Emerson.

Yes og Moody Blues[endre | endre wikiteksten]

Patrick Moraz vart verdskjent då han i 1974 erstatta Rick Wakeman i Yes, og spelte på albumet Relayer og var med bandet på to verdsturnéar. Med Relayer søkte Yes å utforske eit meir jazz-prega lydbilete, noko Moraz sterkt bidrog til.

I 1976 gav alle Yes-medlemmane ut kvart sitt soloalbum, med påfølgjande verdsturné. Story Of I var Moraz sitt soloalbum-bidrag og han viser her sin varierte bakgrunn med både jazz- og klassisk-inspirert musikk. Han flytta til Brasil og laga musikk med brasilianske rytmar. På slutten av 1976 måtte han forlate Yes.

Han vart hyra til The Moody Blues for å spele keyboard på Octave-turneen i 1978, som erstattar for Mike Pinder, og han fortsette i bandet fram til 1991. Samstundes som han spelte i Moody Blues, fortsette han å spele inn musikk utanfor bandet. Han turnerte med det brasilianske bandet sitt, gjorde innspelingar saman med Chick Corea og Bill Bruford.

Han slutta i Moody Blues i 1992, og gjekk så til søksmål mot bandet fordi han meinte han var vorte snytt for royaltyar som band-medlem. Motsvaret frå Moody Blues var at han aldri var medlem, men berre var med som innleidd musikar, trass i at han er lista opp som band-medlem på alle plateomslaga. Sjølv om Moraz vann rettssaka, vart han tilkjent ein mykje lågare sum enn det han kravde.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Etter dette har Moraz hovudsakleg konsentrert seg om sine soloprosjekt, med hovudvekt på piano. I 1995 turnerte han i USA, og det spesielle med denne turneen var at han var sin eigen agent og booking-operatør. Dermed kunne ein for 800 dollar få ein privat konsert med Patrick Moraz heime i stova, føresett at ein kunne stille opp med eit eigna piano. Under turneen spelte han einskilde konsertar for så få som to personar og nokre konsertar for opptil hundre personar. Ein av desse konsertane vart innspelt, og utgjeve som PM In Princeton på både CD og video. Han har sidan enno å spele inn album og gje konsertar.

For tida bur Patrick Moraz i USA på vestkysten av Florida.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum

  • 1976 - Story of I
  • 1977 - Out in the Sun
  • 1978 - Patrick Moraz
  • 1979 - Future Memories Live On TV
  • 1980 - Coexistence
  • 1983 - Music for Piano and Drums (med Bill Bruford)
  • 1984 - Timecode
  • 1984 - Future Memories II
  • 1985 - Future Memories I & II
  • 1985 - Flags (med Bill Bruford)
  • 1987 - Human Interface
  • 1987 - Les musiques de la Première
  • 1989 - Libertate (nyutgjeving av Coexistence)
  • 1994 - Windows of Time
  • 1995 - PM in Princeton
  • 2000 - Resonance
  • 2003 - ESP
  • 2009 - Change of Space
  • 2012 - PianissiMoraz (samlealbum av Windows Of Time, Resonance og ESP)
  • 2012 - Live At Abbey Road (1987 "konsert")
  • 2012 - Music for Piano and Trommer: Live in Maryland (11/9/1984 konsertoppta med Bill Bruford)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]