Maclura pomifera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maclura pomifera
Maclura pomifera
Maclura pomifera
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Maclura pomifera
Utbreiinga av Maclura pomifera
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Morbærfamilien Moraceae
Slekt: Maclura
Art: M. pomifera
Vitskapleg namn
Maclura pomifera

Maclura pomifera er eit lauvfellande tre i morbærfamilien.

Det blir opptil 20 m høgt med ei uregelmessig kuppelforma krone og har ein pålerot som kan gå meir enn 8,2 m djupt. Borken er oransjebrun, djupt fura og blir ofte flekka av. Skota er sikksakkforma med ein 1,3–2,5 cm lang torn ved basis av kvart skot eller blad. Låge greiner som har døydd på grunn av skugge, sit igjen i mange år og bidreg til at trea dannar ugjenomtrengelege kratt.

Akselblada er lansettforma, 1,5–2 mm lange og hårete. Bladstilken er 1–2,5 cm lang og hårete. Blada er 4–12 cm lange, 2–6 cm breie, bølgjekanta, tilspissa, glinsande mørkegrøne på oversida og lysare under.

Trea er særbu med hann- og hoblomar på ulike plantar. Blomane sit i kulerunde hovud. Dei er vindpollinerte og blomstrar i april–juni. Frukta er ei gulgrøn, kulerund fruktstandfrukt med ein diameter på 7,5–15 cm og ofte ei vekt på meir enn eitt kilo. Frukta er moden i september–oktober. Om ho blir skadd, skil ho ut ei mjølkesaft som kan irritera huda og som blir svart når ho tørkar på frukta.

Frukta er tilpassa spreiing med store, utdøydde planteeterar, som mammutar og kjempedovendyr, og ho er uetande for menneske og nolevande dyr. Når frukta er moden, fell ho av trea og kan trilla nedover bakkar eller bli transportert med elvar. Nokre dyr, som ekorn, rev, grankrossnebb og nordkrattvaktel, kan eta frøa.

I pleistocen hadde Maclura pomifera ei vid utbreiing i Nord-Amerika. Dei store planteetarane forsvann tidleg i holocen, og leveområdet til Maclura skrumpa inn. Då europearane kom til området voks treslaget berre i Red River-området i sørvestlege Arkansas, søraustlege Oklahoma og sentrale Texas. Her veks det på fuktig, veldrenert grunn saman med kviteik, hickory, kvitask og raud morbær.

Arten veks forvilla i store delar av austlege USA og i Great Plains-området. I Nebraska og Kansas invaderer arten overbeita grasmark saman med krosstorn. Seinare i suksesjonen overtek svartvalnøtt, eik, nesletre, hickory og alm. På kalkrik jord i midtre delar av Tennessee og tilstøytande delar av Kentucky og Alabama veks han saman med virginiaeiner, svartvalnøtt, hickory og alm.

Osagefok brukte trevirket til bogar. Arten er planta og delvis naturalisert overalt i det kontinentale USA og søraustlege Canada. Han blir brukt til hekkar for å gjerda inn husdyr, leplanting og til erosjonskontroll. Stammane blir brukte til gjerdestolpar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]