Malm i Verran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malm
Tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nord-Trøndelag
Kommune Verran
Areal 1,44 km²
Folketal  1 187 (2015)
Folketettleik 824 / km²
Postnummer 7790 MALM
Preposisjon Malm

Malm er kommunesenteret i Verran kommune i Nord-Trøndelag. Malm ligg på nordsida av Beitstadsundet, ein arm av Beitstadfjorden som igjen er ein arm av Trondheimsfjorden. Frå Malm er det om lag 30 km. til Steinkjer og rundt 150 km til Trondheim. Tettstaden er i dag prega av fråflytting etter at Fosdalens Bergverk blei lagt ned.

Før 1906 var Malm ei typisk jordbruksbygd. Frå 1906 til 1997 dreiv Fosdalens Bergverk gruvedrift på staden. Hovudnæringa i dag er småindustri og jordbruk.

Malm er kjend for Malm Trekkspellklubb, som har fleire NM-gull i trekkspel, seinast under NM i Bøde i 2006. I 2006 hadde Malm hundreårsjubileum, og det blei avduka ei byste av den lokale revyartisten, songskrivaren og tidlegare rektoren ved Malm skole, Mikael Høyem.

På Malm ligg Malm kyrkje frå 1885.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]