Manfuha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 24°35′N 46°44′E
Manfuha
landsby
Manfuha, Riyadh, Saudi Arabia 2.JPG
Manfuha Al-Jaddida
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Koordinatar 24°35′N 46°44′E

Manfuha
24°35′46″ N 46°43′38″ E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Manfuha (arabisk منفوحة) var ein gammal landsby i Nejd, sentralt i Saudi-Arabia. Han vart grunnlagd langs kanten av ein smal, frodig dal kalla Wadi Hanifa, og vart fram til midten av 1900-talet rekna som tvillinglandsbyen til den noverande hovudstaden i landet, Riyadh.

I følgje den islamske krønikaren Yaqut på 1200-talet, vart Manfuha bygd eit par hundreår før islam samstundes som Hajr (no Riyadh) av medlemmar frå Banu Hanifa-stamma og slektningane deira frå stamma Bakr. Manfuha var heimstaden til den kjende, arabiske diktaren Al-A'sha, som døydde omkring samstundes som den muslimske profeten Muhammed, men lite er høyrt om Manfuha etter den tid. Rundt 1900 bestod innbyggjarane hovudsakleg av medlemmar av Banu Hanifa og Bakr (som no identifiserte seg som den tilknytte stamma 'Anizzah), og medlemmar frå Tamim og Subay'. Som Riyadh var byen omgjeven av hagar og palmelundar.

Seint på 1700-talet kom Manfuha under styret til den energiske herskaren i Riyadh, Deham ibn Dawwas, som på den tida ytte stor motstand til den nye wahhabist-staten til Al Saud-klanen i nabobyen Diriyah. Begge byane vart etter kvart underlagt saudiarabarar, men staten vart øydelagd av ein osmansk-egyptisk invasjon i 1818. Frå den tid følgjer historia til byen historia til Riyadh og kom attende under saudiarabisk styre under Turki ibn Abdallah i 1824, før han falt under styret til Al Rashid-klanen frå Ha'il i 1890-åra, og attende til saudiarabarane mindre enn ti år seinare under grunnleggjaren av Saudi-Arabia, Abdul Aziz Ibn Saud.

Etter kvart som hovudstaden Riyadh vart utvida på 1900-talet i takt med oljerikdomen som kom til landet, vart murane i både Manfuha og Riyadh rivne ned, og Manfuha vart raskt slukt av den veksande storbyen. I dag er Manfuha blant dei fattigare bydelane i Riyadh. Dei fleste av dei opphavlege innbyggjarane flytta til nyare bydelar i hovudstaden, og området er i dag stort sett busett av fattige gjestearbeidarar frå Egypt og Sør-Asia, i tillegg til familiar av tidlegare afrikanske slavar. Somme av dei gamle leirsteinshusa står framleis, i tillegg til eit eldgammalt observasjonstårn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]