Maoridukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maoridukkar

Status i verda: VU Sårbar

Maoridukkar, januar 2008 Foto: Wikipedia-brukar D-rew
Maoridukkar, januar 2008
Foto: Wikipedia-brukar D-rew
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Podicipediformes
Familie: Podicipedidae
Slekt: Poliocephalus
Art: P. rufopectus
Namn på andre språk
  • Engelsk: New Zealand Grebe
  • Vitskapleg namn
    Poliocephalus rufopectus

    Maoridukkar (Poliocephalus rufopectus) er ein liten medlem i dukkarfamilien, endemisk til New Zealand.

    Maoridukkarar er 29 centimeter i lengd og veg om lag 250 gram. Kroppen verkar mørk, kort og butt, nebbet er rett og relativt kort. I hekkedrakt er dei mørk, gråbrune på overida med eit glansa, svart hovud med tynne sølvfarga striper. Framsida av halsen og brystet er rustfarga. Auga er gule, og halen er kvit og dunaktig.

    Ikkje-hekkedrakta er generelt bleikare og meir diffus. Ungfuglar får same drakta etter nokre månader.

    Nordøya han er funne på vestkysten av kystnære innsjøar frå North Cape til Pukekohe og frå sørlege Taranaki til Paraparaumu, på innsjøar og dammar i det sentrale platået, Gisborne, Hawke's Bay og Wairarapa.

    Denne arten var tidlegare til stades på innsjøar i låglandet på Sørøya, men fekk ei rask nedgang der av ukjende grunnar på 1800-talet, og den siste registrerte hekkinga på Sørøya er frå 1941.

    Denne dukkararten er sky og vil dukke og skjule seg når kan blir uroa. Føda består hovudsakleg av akvatiske insekt og larvane deira, og dessutan små blautdyr som sniglar. Nokre gonger tar dei byttedyr som fisk og ferskvasskreps.

    Storleiken på populasjonen av maoridukkarar er estimert til 1700 individ (2005) og er minkande.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maoridukkar
    Maoridukkar
    Namn på andre språk
    SvenskMaoridopping
    DanskNewzealandsk Lappedykker
    EngelskNew Zealand Grebe
    MaoriWeweia
    BokmålMaoridykker