Taranaki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taranaki
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of Taranaki.png
Regionstyre
Namn: Taranaki Regional Council
Folketal: 105 000
Estimat juni 2006 [1]
Flatevidd: 7,257km²
Leiar: David Walter
Heimeside: http://www.trc.govt.nz/
Tangata whenua
Lokale iwi Te Āti Awa, Ngā Rauru, Ngā Ruahine, Ngati Ruanui, Ngāti Maru, Ngāti Mutunga, Ngati Tama Pakakohi, Tangahoe, Taranaki
Større og mindre byar
Større byar: New Plymouth
Mindre byar og tettstader: Ahititi, Alton, Auroa, Awakino, Bell Block, Cardiff, Douglas, Eltham, Hawera, Huiakama, Huiroa, Hurleyville, Inglewood, Kakaramea, Kaponga, Kapuni, Lepperton, Manaia, Mangatoki, Mangorei, Midhirst, Mokau, Motunui, Ngaere, Ngamatapouri, Normanby, Oakura, Oaonui, Ohangai, Okato, Omata, Onaero, Opunake, Patea, Pungarehu, Puniho, Rahotu, Ratapiko, Rawhitiroa, Stratford, Strathmore, Tahora, Te Popo, Toko, Tongaporutu, Tututawa, Urenui, Uruti, Vogeltown, Waipuku, Waitara, Waitoriki, Warea, Waverley, Welbourn, Westown, Whangamomona, Whenuakura
Distriktsstyre
Namn: New Plymouth District Council
Stratford District Council (delvis)
South Taranaki District Council
Heimesider: http://www.stratford.govt.nz
http://www.newplymouthnz.com
http://www.stdc.govt.nz

Taranaki er ein region vest på NordøyaNew Zealand. Han har fått namn etter det mest karakteristiske geografiske kjennemerket i regionen, den vulkanske fjellkjegla Mount Taranaki.

Geografi og innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kartet syner folketettleiken i Taranaki-regionen ved folketeljinga i 2006. (Klikk på biletet for å finna teiknforklåringa.)

Taranaki ligg på vestkysten på Nordøya, kring vulkankjegla. Dei store havbuktene nordvest og sørvest for Cape Egmont er naturleg nok kalla North Taranaki Bight og South Taranaki Bight.

Satellittbilete av Mount Taranaki or Mount Egmont, frå NASA Earth Observatory, som viser den nær sirkulære omliggjande Egmont National Park. Byen New Plymouth er det grå området på nordkysten.

Mount Taranaki or Mount Egmont—Te Maunga O Taranakimāorispråk—er det dominerande landemerket i regionen. Dette er det nest høgaste fjellet på Nordøya. Māorilegender fortel at Taranaki levde saman med fjella Tongariro, Ngauruhoe og Ruapehu sentralt på Nordøya, men måtte rømma dit det står no etter ein kamp med Tongariro.

Taranaki, som er ei nesten perfekt kjegle, hadde det siste utbrotet sitt midt i det 18. hundreåret. Sjølve fjellet og dei næraste områda kring det dannar nasjonalparken Egmont National Park.

Sjølv om māoriane hadde kalla fjellet Taranaki i fleire hundre år, gav kaptein James Cook det namnet Egmont etter John Perceval, 2nd Earl of Egmont, den nyleg avgåtte flåtesjefen, som hadde arbeida for støtte til ekspedisjonen hans. Det offisielle namnet til fjellet har sidan 1980-talet vore Mount Taranaki or Mount Egmont, for å verdsetja māorinamnet og det europeiske likt.

Regionen har ei flatevidd på 7258 km² og eit estimert folketal (i juni 2006) på 105 000. Like under halvdelen av desse bur i byen New Plymouth. Andre større sentra er Waitara, Inglewood, Stratford ( som òg er administrasjonssenter i regionen), Opunake,Okato, Kaponga, Eltham, Hawera, Patea og Waverley—den sørlegaste byen.

I fleire hundre år har regionen vore ein viktig tilhaldsstad for māoriar. Mellom dei lokale iwi er Ngāti Mutunga, Ngāti Maru, Ngāti Ruanui, Taranaki, Te Āti Awa, Nga Rauru, Ngāruahinerangi og Ngāti Tama.

Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Mount Taranaki or Mount Egmont sett vestover frå Stratford. Fanthams Peak er til venstre for hovudtoppen. Kua i framgrunnen viser at Taranaki er ein viktig region for mjølkeproduksjon.

Regionen er uvanleg grøderik, takk vera rikeleg nedbør og god vulkansk jord. Mjølkeproduksjon dominerer i jordbruket, og meieribruket like utanfor Hawera er det største på den sørlege halvkula. Der er også olje- og gassførekomstar i regionen, både på land og off-shore. Mauifeltet utanfor sørvestkysten har sørgt for det meste av gasstilførsla til New Zealand, så vel som, i ein periode, forsynt to metanolfabrikkar (eit tidlegare raffineri for syntetisk bensin, Gas-To-Gasolene-fabrikken) nær Waitara. Meir drivstoff og kunstgjødsel vert produsert i eit anlegg ved Kapuni. No er det klårt at Mauifeltet vert tømt snøggare enn det som var rekna med, så der er i gang undersøkingar for å finna nye reservar.

Måten landmassane stikk inn i Tasmanhavet på, med nordlege, vestlege og sørlege kystlinjer, har skapt mange framifrå stader eigna til vindsurfing og surfing, somme av dei er rekna å vera i verdsklasse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var heimstad for ei rekkje māoristammar frå 1200-talet. Frå omkring 1823 fekk māoriane kontakt med europeiske kvalfangarar, og med handelsmenn som kom til området i skonnertar for å kjøpa New Zealand flax(ein fiberplante, Phormium).[1] I mars 1828 opna handelsmannen Richard "Dicky" Barrett (1807-47), ein handelsstasjon ved Ngamotu (dagens New Plymouth).[2] Barrett og partnarane hans, som var væpna med muskettar og ein kanon, vart godt mottekne av iwien Āti Awa på grunn av det bidraget dei kunne gje stammen i dei stadige krigane mot māorifolk frå Waikato[2]. Etter ei blodig trefning ved Ngamotu i 1832, flytta dei fleste av dei 2000 Āti Awa-medlemmene [2]som budde nær Ngamotu, til like med Barrett, sørover til Kapitiområdet og Marlborough.

Seint i 1839 vende Barrett attende til Taranaki som oppkjøpsagent for New Zealand Company, som alt hadde byrja å selja land til framtidige nybyggjarar i England, med forventing om å sikra seg denne jorda. Barrett påstod at han hadde forhandla fram ein avtale om kjøp av eit landområde som strekte seg frå Mokau til Cape Egmont, og innover i landet til dei øvre tilførslene til elva Whanganui River, medrekna Mount Taranaki. Eit seinare sal omfatta New Plymouth og alt kystlandskapet i Nord-Taranaki, medrekna Waitara.

Europeisk busetnad ved New Plymouth byrja i mars 1841 med immigrantar som kom med skipet William Bryan. Vidare europeisk utbreiing utover New Plymouth vart hindra av at māoriane nekta å selja landområda sine, ei haldning som forsterka seg etter som banda deira til rørsla King Movement vart fastare. Spenninga omkring eigarskap til landområde heldt fram med å auka, og førte til utbrot av krig kring Waitara i mars 1860. Sjølv om presset for å selja Waitaraområdet kom frå kolonistane sin hunger etter land i Taranaki, var den største saka som sette nøring til konflikten dei britiske styresmaktene sitt ønskje om å innføra britisk administrasjon, lovverk og sivilisasjon til māoriane.[3]

Krigen vart utkjempa av meir enn 3500 imperiesoldatar skipa inn frå Australia, så vel som av friviljuge soldatar og milits, mot māoristyrkar der mannskapstalet svinga mellom nokre få hundre til omkring 1500.[4] Totale tap hjå imperiestyrkane, dei friviljuge og militiatroppane er rekna til 238, medan māoriane hadde eit tap på omkring 200.

Ei utrygg våpenkvile vart forhandla fram seinare på året, berre for å verta broten i april 1863, då spenningane omkring overtaking av landområde fekk det til å koka over på nytt. Totalt 5000 soldatar slost i den andre Taranakikrigen mot om lag 1500 menn, kvinner og born. Krigsframferda denne gongen var svært ulik den i konflikten i 1860-61, ettersom arméen no tok systematisk over māoriland ved å jaga bort innbyggjarane og brukte ein «brent jords taktikk» ved å øydeleggja māoriane sine landsbyar og avlingar, anten dei var krigerske eller ikkje. Etter som troppane drog fram, bygde regjeringa stadig lengre forsvarslinjer som nybyggjararne bygde hus og starta jordbruk bak. Effekten vart ei snikande konfiskering av nesten 4 000 km² land.[5]

Den noverande hovudvegen på austsida av Mount Taranaki følgjer ruta der kolonitroppane, under leiing av generalmajor Trevor Chute gjekk, under store vanskar, frå Patea til New Plymouth i 1866.

Væpna māorimotstand heldt fram i Sør-Taranaki til tidleg i 1869, under leiing av māorihøvdingen Titokowaru, som vann attende land nesten så langt sør som til Wanganui. Eit tiår seinare starta den andelege leiaren, Te Whiti o Rongomai, som heldt til ved Parihaka, ein kampanje med passiv motstand mot styresmaktene si konfiskering av land, og dette kuliminerte i eit brutalt åtak av kolonitroppane den 5. november 1881.

Overtakingane av land, som styresmaktene på New Zealand seinare har vedgått var urettvise og ulovlege,[6] byrja i 1865, og omfatta snart heile Taranakiområdet. Byar som Normanby, Hawera og Carlyle (Patea) vart grunnlagde på konfiskert land som militære busetnadar.[7] Frigjevinga av ein rapport om desse hendingane frå Waitangitribunalet i 1996, førte til eindel debatt om saka. I ein tale til ei gruppe psykologar, samanlikna viseministeren for māorisaker, Tariana Turia, undertrykkinga av māoriane i Taraniki med Holocaust, noko som førte til kraftige reaksjonar[8] rundt om på New Zealand, med statsminister Helen Clark blant dei som kritiserte samanlikninga.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Provinsstyre[endre | endre wikiteksten]

Frå 1853 vart Taranakiregionen styrt som Taranaki Province (frå først kalla New Plymouth Province), til provinssadministrasjonen vart oppheva på New Zealand i 1876.

Regionstyre[endre | endre wikiteksten]

Taranaki Regional Council vart danna i samband med den nasjonale lokalstyrereforma i november 1989, med føremål å få ein meir heilskapleg administrasjon. Regionstyret er etterfølgjar av organa Taranaki Catchment Board, Taranaki United Council, Taranaki Harbours Board, og 16 mindre lokale organ med spesielle føremål, som alle vart oppløyste som følgje av iverksetjinga av Lokalstyrelova, Local Government Amendment Act (No 3) 1988. Administrasjonssenteret i regionen vart lagt til byen Stratford, sentralt i regionen, som «eit godt kompromiss for å imøtekoma dei tradisjonelle interessemotsetnadane mellom nord- og sør-Taraniki» (Taranaki Regional Council, 2001 p.6).

Distriktsstyre[endre | endre wikiteksten]

Det er tre inndelingar i distriktsstyre i regionen:

  • New Plymouth District Council med sete i New Plymouth
  • Stratford District Council med sete i Stratford
  • South Taranaki District Council med sete i Hawera

Anna[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Taranaki og fjellet som skal likna Mount Fuji i Japan, gjorde at området vart nytta til opptaksstad for scener i The Last Samurai, ein film frå 1800-talets Japan. Tom Cruise hadde ei av hovudrollene i denne filmen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Puke Ariki Museum essay
  2. 2,0 2,1 2,2 Angela Caughey (1998) The Interpreter: The Biography of Richard "Dicky" Barrett – David Bateman Ltd. ISBN 1-86953-346-1.
  3. James Belich (1986) The New Zealand Wars and the Victorian Interpretation of Racial Conflict, 1st. utg. – Penguin, Auckland. ISBN 0-14-011162-X.
  4. Michael King (2003) The Penguin History of New Zealand – Penguin Books. ISBN 0-14-301867-1.
  5. The Taranaki Report: Kaupapa Tuatahi by the Waitangi Tribunal, 1996
  6. Ngati Awa Raupatu Report, chapter 10, Waitangi Tribunal, 1999.
  7. B. Wells, The History of Taranaki, 1878, Chapter 25.
  8. "A Taranaki Holocaust?" (2000) Downloadable Radio New Zealand broadcast

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Taranaki

Koordinatar: 39°18′S 174°8′E