Michel Preud'homme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michel Preud'homme
Michel Preud'homme.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Michel Georges Jean Ghislain Preud'homme
Fødselsdato 24. januar 1959 (60 år)
Fødestad Ougrée, Belgia
Høgd 183 cm
Posisjon Målvakt
Klubbinformasjon
Noverande lag
Standard Liège (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1977-1986 Standard Liège 240 (0)
1986-1994 Mechelen 263 (0)
1994-1999 Benfica 147 (0)
Totalt 650 (0)
Landslag
1979-1994 Belgia 58 (0)
Trenar for
2001-2002 Standard Liège
2006-2008 Standard Liège
2008-2010 Gent
2010-2011 Twente
2011-2013 Al-Shabab
2013-2017 Club Brugge
2018- Standard Liège
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Michel Georges Jean Ghislain Preud’homme (fødd 24. januar 1959) er ein belgisk fotballspelar og seinare -trenar frå Ougree. Han var ei framifrå målvakt som særleg utmerkte seg med sine refleksredningar. Etter VM i fotball 1994 vart han kåra til turneringas beste målvakt og same året vart han tildelt Jasjin-prisen som verdas beste fotballmålvakt.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Preud'homme var aktiv i Standard Liège frå 1977 til-86. Med Standard vann han den nasjonale cupfinalen i 1981 og den belgiske toppserien i 1982 og 1983. Sommaren 1986 gjekk han over til KV Mechelen, der han i 1987 vart nasjonal cupmeister for andre gong. I 1988 var Preud'homme med å vinne cupvinnarcupen etter å ha slått nederlandske Ajax 1-0, året etter vart han belgisk seriemeister for tredje gong. Sommaren 1994 vart han overført til SL Benfica, ein klubb han vann den portugisiske cupen 1996 med. Preud'homme la opp i 1999, 40 år gammal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Preud'homme fekk sin landslagsdebut i mai 1979, men fekk få kampar for Belgia ettersom Jean-Marie Pfaff var det klare fyrstevalet som landslagsmålvakt til og med Fotball-VM 1986 i Mexico. Frå 1987 og til 1994 hadde Preud'homme hevd på målvaktsplassen i landslaget og deltok både i verdsmeisterskapane 1990 og 1994. Opp til desember 1994 vakta han Belgias mål i 58 landskampar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1988 med KV Mechelen
  • Belgisk seriemeister: 1982 og 1983 med Standard Liège og 1989 med KV Mechelen
  • Belgisk cupmeister: 1981 med Standard Liège og 1987 med KV Mechelen

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Tida 2007-16 hadde Preud'homme stor suksess som klubbtrenar. Han sanka pokalar både med Standard Liège, KAA Gent og Club Brugge i heimlandet, så vel som med nederlandske Twente og saudiarabiske Al-Shabab.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]