Margreth Olin
Utsjånad
Margreth Olin | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1970 (54 år) Stranda kommune |
Yrke | filmregissør, manusforfattar, filmprodusent |
Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.
Margreth Olin er frå Stranda på Sunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.
Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.
Verkliste
[endre | endre wikiteksten]- I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
- Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
- Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
- Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
- Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
- Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
- Lullaby (2006)
- Engelen (2009)
- De andre (2012)
- Cathedrals of Culture (2013) (regisserte episoden om Operahuset i Oslo)
- Mannen fra Snåsa (2016)
- Barndom (2017)
- Fengslet og forlatt (2018)
- Selvportrett (2020)
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.
Prisar
[endre | endre wikiteksten]- Filmkritikarlagets pris for Onkel Reidar
- Amanda-prisen og Gullruten for beste dokumentar, Publikumsprisen ved Nordisk Panorama, Beste dokumentarfilm ved Kortfilmfestivalen i Grimstad, Humanistprisen ved Lilla Filmfestivalen i Båstad, og Oslo-prisen av Natt&Dag for Dei mjuke hendene
- Gullstolen og publikumsprisen frå Filmfestivalen i Grimstad, The prize of the Museum of New Art frå Pärnu filmfestival,dokumentarprisen frå One World Human Rights Festival i Praha, i tillegg Geitprisen for Kroppen min
- Aamotstatuetten i 2003.
- Ole Vig-prisen i 2003.
- Årets Nordmann 2008.
- Publikumsprisen Dragon Award ved filmfestivalen i Gøteborg for Engelen.
- Folkets Amanda for Engelen i 2010.
- De andre, regissert av Olin vann Amandaprisen for beste dokumentar i 2013.