Maria Callas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Callas

Fødd2. desember 1923
FødestadFlower Hospital, New York by
Død16. september 1977 (53 år)
DødsstadParis, 16. arrondissement
FødenamnMaria Anna Cecilia Sofia Kalogeropoulou, Μαρία Άννα Καικιλία Σοφία
Aktive år1942–1974
Verka somoperasongar, songar, skodespelar
EktefelleGiovanni Battista Meneghini
SambuarAristoteles Onassis
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, kommandør av Republikken Italias fortjenstorden

Maria Callas (gresk Μαρία Κάλλας, 2. desember 192316. september 1977) var ein amerikanskfødd gresk[1] dramatisk koloratursopran (soprano drammatico d'agilità). Sjølv om den eigentlege store karrieren hennar varte relativt kort (berre 15 år), blir ho rekna for å vera ein av dei mest framståande personlegdommane i operahistoria. Mange kritikarar lovprisa bel canto-teknikken hennar, det vide registeret og dei dramatiske tolkingane hennar. Repertoaret hennar gjekk frå klassisk opera seria til bel canto-operaene til Donizetti, Bellini og Rossini, vidare til verka til Verdi og Puccini, og tidleg i karrieren hennar musikkdramaa til Wagner. Det musikalske og dramatiske talentet hennar gav henne kallenamnet La Divina ('den guddommelege').

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Maria Callas var fødd som Sophia Cecelia Kalos i New York av greske foreldre (seinare Maria Anna Sofia Kekilia Kalojeropoulou, gresk Μαρία Άννα Σοφία Καικιλία Καλογεροπούλου). Ho flytta til Hellas saman med mora og systera si då ho var 13 år gammal.

Callas fekk den musikalske utdanninga si i Hellas, og etablerte karrieren sin i Italia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte i Cavalleria rusticana i Aten som 15-åring, og slo gjennom for alvor i 1947 ved Arena di Verona i La Gioconda av Amilcare Ponchielli.

Callas var ei stor stjerne ved La Scala i Milano og ved Metropolitan i New York. Ho vart særleg kjend for opptredenane sine i Verdi-operaene La traviata (Violetta), Maskeballet (Amelia), Trubaduren (Leonora), Macbeth (Lady Macbeth), Medea av Cherubini, Norma, La sonnambula (Amina), I puritani (Elvira) og Il pirata (Imogene) av Bellini, Lucia di Lammermoor, Anna Bolena og Poliuto (Paolina) av Donizetti, La Vestale (Giulia) av Spontini, Il barbiere di Siviglia (Rosina), Il turco in Italia (Fiorilla) og Armida av Rossin og også Tosca av Puccini og Ifigenia in Tauride og Alceste av Gluck.


Pressa var mykje opptatt av den påståtte divaoppførselen til Callas, den antatte rivaliseringa hennar med Renata Tebaldi og kjærleiksaffæren hennar med Aristoteles Onassis. Ho hadde eit forhold til Onassis medan begge var gifte med andre. Etter at dei var blitt skilde gifta Onassis seg med Jacqueline Kennedy i staden.[2]

Callas spelte inn fleire plater, både med operaer og solokonsertar. Dei mest interessante opptaka hennar er gjerne sceneopptak. EMI har gitt ut fleire, mellom anna Norma (1952), Medea (1953, 1958, 1959 og 1961) Macbeth, Anna Bolena, La Sonnambula (1955 og 1957) og Un Ballo in Maschera. Det er òg oppdaga nye opptak med Callas av I Puritani, Don Carlo, Tristan und Isolde og Il Turco in Italia.

Callas kombinerte bel canto-teknikk med glimrande skodespelarkunst. Det store registeret og stemmen hennar peikte seg ut med ein karakteristisk, fascinerande klang, og ho nytta seg av dette med ein teknisk virtuositet som alltid var underlagt det dramatiske uttrykket. Ho var ein allsidig songar, med eit repertoar som gjekk frå klassisk opera seria til bel canto-operaene av Donizetti, Bellini og Rossini til Verdi, Puccini og tidleg i karrieren òg til musikkdramaa av Wagner. Dei musikalske og dramatiske talenta hennar gav henne kallenamna La Divina ('Den guddommelege') og «Hundreårets primadonna». Bidraget hennar var i størst grad gjenoppføringa av fleire gløymde posisjonar av det eldre operarepertoaret.

Callas fekk problem med stemma på byrjinga av 1960-talet. Dei forverra seg med tida, slik at karrieren hennar varte relativt kort tid (18 år). I 1965 forlét ho operascena for godt.

Ho spelte tittelrolla i filmen Medea av Pier Paolo Pasolini i 1969, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Maria Callas Abandons US Citizenship", Charleston Daily Mail, April 6, 1966, via NewspaperArchive Mal:Subscription
  2. Strønen, Anja (3. juni 2017), «Kjærlighetshistorien som aldri dør», NRK (på norsk bokmål), henta 23. september 2022