Fanny Horn Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fanny Horn Birkeland
Fanny Horn Birkeland.jpg
Fødd 8. mars 1988
Oslo
Yrke skiskyttar, orienteringsløper
Fanny Horn Birkeland på Commons

Fanny Horn Birkeland, tidlegare Fanny Welle-Strand Horn, (fødd 8. mars 1988) er ein norsk skiskyttar frå Oslo som vart verdsmeister i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2016 på heimearenaen Holmenkollen. Horn har elles vunne ein OL-medalje og to VM-medaljar, alle i bronse og i stafettar. Ho er medlem av Oslo Skiskytterlag. Sidan 2015 er ho gift med skisyttaren Lars Helge Birkeland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fanny Horn VM-debuterte i VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, der ho utan suksess deltok i fem tevlingar. Året etter fekk ho gå ein etappe i verdsmeisterskapen i tyske Ruhpolding, der dei norske kvinnene vann bronsemedaljen i 4 x 6 km stafett. Under vinterleikane 2014 i Sotsji tok ho ein ny bronsemedalje i 4 x 6 km stafett, som i 2012 med Tora Berger på ankerettappen.

I verdscupen i skiskyting vann Horn ein overraskande siger i 7,5 sprint i Ruhpolding i januar 2015, den einaste gongen ho har vore mellom dei seks beste i eit verdscuprenn. Ho vann så si tredje internasjonale bronsemedalje i opningstevlinga mixstafett under VM i skiskyting 2015 i finske Kontiolahti. Som under OL 2014 gjekk ho på lag med Tiril Eckhoff, medan brørne Johannes T. og Tarjei Bø tok seg av dei siste etappane.

Under VM i skiskyting 2016 vart ho nummer 19 på jaktstarten, hennar beste individuelle plassering i eit internasjonalt meisterskap. Fem dagar seinare gjekk ho den andre etappen for det norske laget som vann kvinnestafetten, dei andre på laget var Synnøve Solemdal, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]