Martha Tynæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martha Tynæs

Fødd5.november 1870
Flora kommune
Død8. januar 1930 (59 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
YrkeFullmektig
EktefelleLars Tynæs
MedlemArbeiderpartiets kvindeforbund
VervMedlem i formannskapet i Kristiania, sentralstyremedlem, agitator, skribent.
Martha Tynæs i sentralstyret til Arbeiderpartiet 1906 - 1909. Framme frå venstre Magnus Nilssen, Christian Holtermann Knudsen, Oscar Nissen, Carl Jeppesen og Martha Tynæs. Bak frå venstre Arnt Aamodt, Ole O. Lian, Johan Karlgren og Johan Nygaard. Foto: Arbeiderpartiet.

Martha Ottomine Tynæs (fødd 5. november 1870 i Florø, død 8. januar 1930 i Oslo) var ein norsk politikar. Ho var særs aktiv i arbeidarrørsla, og blei spesielt kjend som ein god talar og agitator. Martha Tynæs markerte seg ved samlingar i kampen om full røysterett for kvinner, og på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1899 hadde ho eit sterkt innlegg om kvinner og samfunnsdeltaking: «Hvorfor staar kvinderne saa sløve og likegyldig overfor arbeiderbevægelsen og samfundsspørsmaalene?». Ho engasjerte seg også sterkt når det gjaldt barns rettar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Martha Tynæs var fødd Martha Steen, og var dotter til ein ølbryggar. Ho var gift med målaren Lars Tynæs frå Sykkylven på Sunnmøre. Dei hadde tre born.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Første kvinne i bystyret[endre | endre wikiteksten]

Martha Tynæs leia Arbeiderpartiets Kvindeforbund, som arbeidde i 15 år med politiske saker gjennom opplysing. Ho sat i 17 år som einaste kvinne i sentralstyret i Arbeidarpartiet, og var blant dei første kvinnelege representantane i Kristiania bystyre frå 1901 til 1919. Frå 1908-1919 sat ho i formannskapet i hovudstaden.

Til val for Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Historisk er kanskje Martha Tynæs mest kjend for at ho var ei av dei aller første kvinnene i landet som stod på val til Stortinget. Det var i 1909 at ho var kandidat for Arbeidarpartiet i Hammersborg krins i Kristiania. Men Tynæs vart ikkje vald inn i nasjonalforsamlinga.

Arbeid for full røysterett[endre | endre wikiteksten]

Martha Tynæs vart først formann i Arbeiderparties Kvindeforbund i 1904, og frå 1906 blei ho i vervet dei neste fjorten åra. Av dei viktigaste sakene var arbeidet med å sikre kvinnene full røysterett ved stortingsval. Det lukkast i 1913. I 1921 braut Martha Tynæs med Arbeidarpartiet og gjekk inn i leiinga i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.

Skriving[endre | endre wikiteksten]

Martha Tynæs skreiv fleire artiklar i Kvinden, eit månadstidsskrift Arbeiderpartiets Kvindeforbund starta i 1909. Nye barnelover, foreiningar for kvinner i arbeidarrørsla, rekrutteringsarbeid og kommunal stønad til trengande var tema Tynæs skreiv om i artiklar i dette tidsskriftet.

Arbeid for barnerettar[endre | endre wikiteksten]

Martha Tynæs arbeidde ved byfutkontoret i Kristiania der ho etter kvart fekk stilling som fullmektig. Ho var svært oppteken av sosiale spørsmål, og var sakkunnig for Sosialdepartementet under arbeidet med lover og rettar for barn fødde utanfor ekteskap («Dei Castbergske barnelovene»).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Utval artiklar i tidsskriftet Kvinden (utgitt av Arbeiderpartiets Kvindeforbund):

  • «Bør kvinderne ha eget kvindeforbund». Kvinden. 1910. 
  • «Kvindeorganisationer». Kvinden. 1911. 
  • «Nye forslag til barnelove». Kvinden. 1914. 
  • «Kvindeklinikken og ansættelsen der». Kvinden. 1914. 
  • «De nye barnelove». Kvinden. 1915. 
  • «Kommunale hjelpekasser». Kvinden. 1915. 
  • «Valgbetragtninger». Kvinden. 1917. 
  • «Kvindernes Vælgerforening». Kvinden. 1918. 
  • «Kvinderne og valget». Kvinden. 1918. 
  • «Min agitationsturne». Kvinden. 1918. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]