Mary Chapin Carpenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mary Chapin Carpenter
Mary Chapin Carpenter.jpg
Fødd 21. februar 1958
Princeton
Yrke singer-songwriter, songar, Gateartist
Mary Chapin Carpenter på Commons

Mary Chapin Carpenter (fødd 21. februar 1958) er ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho er kjend for songar som «10 000 miles» Den mest selde plata hennar er Come On Come On frå 1992. Ho har vunne fem Grammy-prisar og er innskriven i Nashville Songwriters Hall of Fame.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Carpenter blei fødd i Princeton i New Jersey. Foreldra hennar var Chapin Carpenter, Jr., ein leiar i Life Magazine og Mary Bowie Robertson. Frå 1969 til 1971 budde Carpenter i Japan før ho flytta til Washington, D.C.[1] Foreldra skilde lag då ho var 16, ei hending som påverka henne djupt og som inspirerte songen «House of Cards».[1] Ho fekk utdanninga si ved privatskulen Princeton Day School[2] før gjekk ut frå The Taft School i 1976 og Brown University i 1981.[3]

I barndommen høyrde Carpenter på musikken til systrene sine med artistar som The Mamas & the Papas, The Beatles og Judy Collins.[4] Gjennom high school spelte ho gitar og piano, og medelevar skal ha truga med å «klippa av gitarstrengane hennar om ho spelte 'Leaving on a Jet Plane' ein gong til.»[5] Sjølv om ho var interessert i musikk, vurderte ikkje Carpenter å opptre offentleg før far hennar, kort tid før ho gjekk ut frå Taft, føreslo at ho kunne opptre ved ein lokal utestad. Opplevinga stressa Carpenter, som var sjenert, og har sagt «Eg trudde eg skulle spy.»[6] Seinare var ho likevel vert for liknande open mikrofon-hendingar i Washington gjennom fleire år.[7]

Carpenter spelte nokre sommarkonsertar i Washington, der ho møtte gitarspelaren John Jennings som kom til å produsera musikken hennar og samarbeida med henne. Ho rekna likevel musikken mest som ein hobby, og planla å få ein «skikkeleg jobb».[4] Etter fleire jobbintervju ombestemte ho seg og vende tilbake til musikken. Carpenter blei overtal av Jennings til å spela sitt eige materiale i staden for coverversjonar.[6] Etter nokre år fekk ho seg ein manager og spelte inn ein demo som førte til kontrkat med Columbia Records.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Carpenter sitt fyrste album, Hometown Girl, var produsert av John Jennings og kom ut i 1987. Sjølv om songar som «Hometown Girl» blei spelt ein del på radio, var det først då Columbia byrja å marknadsføra Carpenter som ein «country»-musikar at ho fekk eit breiare publikum.[8] Carpenter sjølb har i fleire intervju sagt at ho føretrekk å ikkje kategorisera musikk, og har heller kalla seg sjølv «singer-songwriter» eller «slash rocker» (der slash står for skråstrek som i country/folk/rock).[4]

Etter State of the Heart frå 1989 gav Carpenter ut Shooting Straight in the Dark i 1990, som gav henne sin største singel til då, «Down at the Twist and Shout», som også vann ein grammypris. To år seinare gave Carpenter ut albumet som blei hennar største populære suksess: Come On Come On (1992). Album selde til fire gonger platina og låg på Billboard si Country Top 100-liste i over 97 veker.[9] Den sjette singelen frå albumet, «He Thinks He'll Keep Her», var den største hitten frå albumet. Han nådde andreplassen på Billboard sitt Country chart og førsteplassen på Radio & Records sitt Country chart.[10]

Etter suksessen med Come On Come On' skreiv Carpenter songar for ei rekkje andre artistar, som Joan Baez, som spelte inn «Stones in the Road» for Play Me Backwards (1992) etter å ha høyrt Carpenter framføra han på ein konsert, Tony Rice som spelte inn «John Wilkes Booth» til Native American (1992), Cyndi Lauper som skreiv «Sally's Pigeons» saman med Carpenter og gav han ut på Hat Full of Stars (1993). Countrysongaren Wynonna Judd spelte inn Carpenter sin «Girls With Guitars» for Tell Me Why (1993) og gav han ut som singel i 1994, som nådde 10. plassen på Hot Country Songs.[11] Carpenter var med på å skriva «Where Are You Now» som Trisha Yearwood spelte inn for Real Live Woman (2000). Andre samarbeid på 1990-talet var ein duett med Shawn Colvin, ein langvarig samarbeidspartnar, bakgrunnsvokal på «Nobody Wins» av Radney Foster,[12] Dolly Parton sin «Romeo» og Joan Baez sitt konsertopptak av «Diamonds & Rust». Carpenter deltok også på fleire konseertar med Joan Baez og Indigo Girls som «The Four Voices».

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hometown Girl (1987)
  • State of the Heart (1989)
  • Shooting Straight in the Dark (1990)
  • Come On Come On (1992)
  • Stones in the Road (1994)
  • A Place in the World (1996)
  • Time*Sex*Love (2001)
  • Between Here and Gone (2004)
  • The Calling (2007)
  • Come Darkness Come Light : Twelve Songs of Christmas (2008)
  • The Age of Miracles (2010)
  • Ashes and Roses (2012)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Party Doll and Other Favorites (1999)
  • The Essential Mary Chapin Carpenter (2003)
  • Super Hits (2007)
  • Playlist: The best of Mary Chapin Carpenter (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zimmerman, David. «Carpenter's foundation: Country star true to her folk roots», USA Today, 1994-10-05.
  2. Kallas, Anna. «Her Prep School Is Notable for Its Notables - Christopher Reeve and Mary Chapin Carpenter walked the same halls - oh, and so did the Menendez brothers.», Dayton Daily News, June 1, 1997. Henta 3. desember 2007. «Chris and I went to the same private school in New Jersey - Princeton Day School - as did Mary Chapin Carpenter and the Menendez brothers, but more about them later.»
  3. Schoemer, Karen. «No Hair Spray, No Spangles», The New York Times, August 1, 1993. Henta 3. desember 2007. «Born and reared in Princeton, N.J., one of four sisters whose father, Chapin Carpenter, worked for Life magazine, Carpenter is suburban to the core. What's more, she attended private schools, including the Taft School in Connecticut, and graduated from Brown University.»
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Wing, Eliza. «Country's Unlikely Star: Bending the genre, Mary-Chapin Carpenter shoots straight for the top», Rolling Stone, 1991-03-21.
  5. Duncan, Petie Oliphant, og Stuart Duncan. «100 Years of Theatre», tale ved Princeton Day School Centennial Follies, oktober 1999. Trykt i Princeton Day School Mame playbill, February 2000.
  6. 6,0 6,1 Harrington, Richard.«"Carpenter, Building a Name: The Washington Area's Singer-Songwriter & Her Label of Success», The Washington Post, 1989-06-11.
  7. Ghosts of DC, «If Walls Could Talk: Nanny O'Briens [...Gallagher's and Mary Chapin Carpenter»], 10. februar 2014, henta 10. februar 2014.
  8. Corliss, Richard (24. august 1992). «Getting there the hard way». Time. Henta 4. februar 2007. 
  9. Harrington, Richard. «Mary Chapin Carpenter, Taking Her Time», The Washington Post, 1994-05-25.
  10. Chart-informasjon frådatabasane RIAA Gold & Platinum Database, the UK BPI Sales Database og UK Every Hit.
  11. Mal:BillboardID/W/Mal:BillboardEncode/W/chart Wynonna Judd Artist Chart History, Billboard.com. Retrieved on 2007-11-28.
  12. Morse, Steve. «A Better Place: Mary Chapin Carpenter's new CD presents her eclectic philosophy», The Boston Globe, 1996-11-29.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mary Chapin Carpenter
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.