Hopp til innhald

Maskeolivenkrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maskeolivenkrone
Maskeolivenkrone, Mitrospingus cassinii Foto: Charles J. Sharp
Maskeolivenkrone, Mitrospingus cassinii
Foto: Charles J. Sharp
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Maskeolivenkrone
Utbreiinga av Maskeolivenkrone
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Olivenkronefamilien Mitrospingidae
Slekt: Mitrospingus
Art: Maskeolivenkrone M. cassinii
Vitskapleg namn
Mitrospingus cassinii

Maskeolivenkrone (Mitrospingus cassinii) er ein sporvefugl i olivenkronefamilien Mitrospingidae, og er ein av berre fire artar i familien. Han hekkar frå Costa Rica i nord til sentrale Ecuador i sør.

Taksonomi og systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Maskeolivenkrone og dei tre andre artane i familien vart tidlegare plassert i tanagarfamilien Thraupidae. Ein publikasjon frå 2013 skildra kvifor dei ikkje høyrde heime der og foreslo etablering av den nye familien for dei.[1] Den internasjonale ornitologiske komiteen (IOC) tok med familien frå januar 2018 i artslista si.[2]

Maskeolivenkrone har to underartar, nominatforma Mitrospingus cassinii cassinii og M. c. costaricensis.[3]

Dei vaksne individa er 18 til 18,5 cm lange og veg 32 til 39 gram. Krona og nakken deira er sennepsgul. Ansiktet har ei stor svart «maske». Oversida er blygrå. Halsen er lysegrå og går over til olivengul på bryst og flankar og vidare til ein grå-oliven-gul blanding på buken. Juvenile fuglar liknar, men har mindre gult på krona og eit gulaktig skjer på undersida.[3]

Maskeolivenkrone av underarten M. c. costaricensis finst langs den karibiske kysten frå Heredia-provinsen i Costa Rica sørover til det ekstreme nordvestlege Panama. Nominatunderarten finst i begge skråningane av det vestlege Panama sør gjennom vestlege Colombia til Guayas-provinsen i Ecuador. Han finst også i austskråninga av den sentrale fjellkjeda av Andes i nordlege Colombia.[3]

Maskeolivenkrone lever i låg vegetasjon av tette buskar, kratt og andre vekstar. Han finst langs skogkantar, skogsopningar, og langs skogsbekker og myrområde. I Costa Rica strekkjer utbreiinga seg vanlegvis opp til 300 moh., men kan bli funne opp til 600 m. Den øvre grensa i Panama er 1200 m. I Colombia lever han tort sett under 800 m, sjølv om det er registrert opp til 1100 m. I Ecuador kan han finnast så høgt som 800 moh.[3]

Maskeolivenkrone ser ut til først og fremst å vere ein fruktetar, sjølv om han også et insekt og frø.[3]

Ein kjenner lite til hekkebiologien for denne arten. I Costa Rica, Panama og Colombia er det registrert hekkeaktivitet mellom mars og mai. I to tilfelle av hekking som er studerte var reira koppforma og hengt opp i buskar. Kullet var tilsynelatande to egg, og ungane vart følgt av minst tre vaksne.[3]

Maskeolivenkrone sin daggrysong er «seety, seety, seety, seety, seety».[4] Dei skravlar heile dagen med «sputrande tonar som chet eller chet-ut».[3]

IUCN har vurdert arten maskeolivenkrone som livskraftig. Han har eit stort utbreiingsområde mellom anna i fleire verna område,[3] og bestanden ser ut til å vere stabil.[4]

  1. Barker, F.K.; Burns, K.J; Klicka, J.; Lanyon, S.M.; Lovette, I.J. (2013). «Going to extremes: contrasting rates of diversification in a recent radiation of New World passerine birds». Systematic Biology 62: 298–320. 
  2. Gill, F.; Donsker, D. «IOC World Bird List (v8.1)». Arkivert frå originalen 24. februar 2018. Henta 5. september 2024. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Ocampo, D. og A. Montoya (2020). Dusky-faced Tanager (Mitrospingus cassinii), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.duftan1.01
  4. 4,0 4,1 BirdLife International (2020). «Dusky-faced Tanager Mitrospingus cassinii». IUCN Red List of Threatened Species 2020. Henta 5. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Maskeolivenkrone