Matej Tóth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Matej Tóth
Matej Tóth 1.JPG
Statsborgarskap Slovakia
Fødd 10. februar 1983
Nitra
Idrett friidrett
Yrke kappgjengar, friidrettsutøvar, journalist
Matej Tóth i 2017

Matej Tóth (fødd 10. februar 1983) er ein slovakisk friidrettsutøvar frå Nitra som i 2015 vart verdsmeister og i 2016 olympisk meister i 50 kilometer kappgang.

Tóth deltok internasjonalt i fleire år før han byrja markere seg på toppen av resultatlistene i dei store internasjonale tevlingane. I mai 2010 gjekk han heilt til topps på 50 km i kampen om verdspokalen i Chihuahua i Mexico, med tida 3.53.30 viste han Mexicos eigen Horacio Nava til andreplass og Jared Tallent frå Australia til tredjeplass. Ved europameisterskapen 2014 i Zürich vart Tóth andremann på 50 km, nærare fire minuttar bak franske Yohann Diniz som sette verdsbestetid på distansen.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing vann Tóth gullmedaljen på 50 km, med god margin til sølvmedaljøren, Jared Tallent. Året etter kjempa dei same to, og ytterlegare to andre kaggjengarar, om OL-gullet på 50 km, ein kamp som enda med at Tóth vann gullmedaljen, 18 sekundar framom Tallent på sølvplass, japanske Hirooki Arai tok bronsen 26 sekundar bakom Tóth.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]