Matthew Upson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matthew Upson
Matthew-Upson-2009.jpg
Personleg informasjon
Namn Matthew James Upson
Fødselsdato 18. april 1979
Fødestad Eye i Suffolk i England
Høgd 185 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for West Ham United
Draktnummer 15
Ungdomsklubb
1994-1996 Flag of England.svg Luton Town
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1996-1997
1997-2003
2003-2007
2007-
Flag of England.svg Luton Town
Flag of England.svg Arsenal FC
Flag of England.svg Birmingham City
Flag of England.svgWest Ham Utd
1 (0)
35 (0)
113 (5)
112 (4)
Landslag**
2003- Flag of England.svg England 21 (2)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. november 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 1. november 2010.

Matthew James Upson (fødd 18. april 1979) er ein engelsk fotballspelar som for tida spelar for West Ham United.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Upson starta karrieren sin som ungdom i Luton Town i 1994, og heldt fram å spela for fyrstelaget deira i 1996. Han spela berre ein kamp for fyrstelaget til Luton, det var mot Rotherham United i august 1996.

I 1997 vart han kjøpt opp av Arsenal, der han sleit mykje med skadar og ikkje skåra eit einaste mål mellom 1997 og 2003. I 2000 vart han lånt bort til Nottingham Forest FC, i 2001 til Crystal Palace FC og i 2002 til Reading FC. Birmingham City FC kjøpte opp Upson i 2003. Her vart han også plaga med skadar, men heldt fram i klubben til 2007 då han vart kjøpt opp av West Ham United, og signerte ein fire og eit halvt års kontrakt med dei.

På landslagsnivå har Upson spelt 12 kampar på U21-landslaget til England frå 1994-1996. Han deltok også i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han under åttandedelsfinalen mot Tyskland, men kampen enda 2 - 1 i Tysklands favør, og England vart slått ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Matthew Upson.