Jermain Defoe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jermain Defoe
Personleg informasjon
Fullt namn Jermain Colin Defoe
Fødd 7. oktober 1982
Fødestad Beckton
Høgd 170 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tottenham Hotspur
Nummer 18
Ungdomsklubbar

1997-1999
1999-
Senrab FC
Charlton Athletic
West Ham
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2004
2004-2008
2008-2009
2009-
West Ham
Tottenham
Portsmouth FC
Tottenham
93 (29)
139 (43)
30 (15)
47 (21)
Landslag
2004- England 45 (15)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. desember 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Jermain Colin Defoe (fødd 7. oktober 1982) er ein engelsk fotballspelar som har spelt for Tottenham Hotspur sidan 2009.

Jermain vart fødd i London. Mora kom frå St. Lucia og faren frå Dominica. Det fyrste laget Jermain spelte for, var London-klubben Senrab. I ungdomstida spelte han òg for Charlton Athletic før han kom til West Ham United. Han kom på West Ham sitt fyrstelag i 1999. I 2004 bytte han klubb til Tottenham, deretter til Portsmouth før han reiste tilbake til Tottenham i 2009. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og 2009/10-sesongen.

Defoe har spelt for det engelske landslaget sidan 2004. Han fekk ikkje delta i fotball-VM 2006, men var ein del av troppen i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han det einaste målet i ein kamp mot Slovenia i gruppespelet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Jermain Defoe.