Maxentius av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maxentius)
Hopp til navigering Hopp til søk
Maxentius av Romarriket
Maxentius02 pushkin.jpg
Fødd278
Død28. oktober 312 (juliansk)
DødsstadPonte Milvio
Gift medValeria Maximilla
FarMaximianus av Romarriket
MorEutropia
BornValerius Romulus

Maxentius (Marcus Aurelius Valerius Maxentius Augustus;[1] fødd ca. 278, død 28. oktober 312) var romersk keisar frå 306 og til 312. Han var son av den tidlegare keisaren Maximianus og svigerson av keisar Galerius. Han er kjend som motstandar av Konstantin den store, og drukna i Tiber under retretten frå slaget ved Pons Mulvius (Ponte Milvio) der han hadde kjempa mot hæren til Konstantin.

Keisarmakt[endre | endre wikiteksten]

Maxentius var son av keisar Maximian Herculius og kona hans Eutropia. Han voks opp i Vestromarriket, og blei sett på som ein kronprins då far hans blei keisar. Han blei svigerson av keisar Galerius gjennom ekteskapet med Valeria Maximilla. Dei fekk to søner, Valerius Romulus (ca. 295–309) og ein son ein ikkje kjenner namnet på.

I 305 abdiserte keisarane Diokletian og Maximianus samstundes. Dei tidlegare cæsarane Konstantius Klorus og Galerius blei opphøgde til augustus. Sjølv om det fanst to keisarsøner som ein kunne forventa ville bli opphøgde til cæsar, Konstantin og Maxentius, men dei blei haldne utanfor tronfølgja til fordel for Valerius Severus og Maximinus Daia. Ifølgje Lactantius hata Galerius Maxentius og påverka Diokletian til å forbigå Maxentius. Det er mogleg Diokletian ogsa rekna Maxentius som ukvalifisert for dei militære pliktene til ein keisar ettersom han ikkje hadde militærerfaring. Maxentius slo seg ned på ein eigedom eit stykke utanfor Roma.

Då Konstantius døydde i 306 blei sonen hans Konstantin krona til keisar og godteken av Galerius som cæsar i Tetrarkiet. Dette laga ein presedens for Maxentius si opphøging seinare same året.

Områdefordelinga mellom keisarane under Tetrarkiet.

Konstantius Klorus døydde i 306 lét Maxentius seg utropa til keisar i vest og i konkurranse med Konstantin. Han fekk, kanskje gjennom press, Maximian til å støtta kravet sitt. I lag med faren vann han over og avretta den utpeikte nye keisaren Valerius Severus, og klartederetter stå imot Galerius sitt forsøk på invasjon.

I desse åra styrte Maxentius sørvestlege Europa med sentrum i Roma, og overlét det som i dag er England og Frankrike til Konstantin. Striden hans med faren førte likevel til nye krigar, og sistnemnde søkte då hjelp frå Konstantin, men blei tilfangeteken og døydde for eiga hand. I 312 kom det til eit endeleg oppgjer. Maxentius allierte seg med Maximinus Daza.

Konstantin invaderte Italia, og då Maxentius freista å slå angrepet attende blei han overvunnen i slaget ved Pons Mulvius (den milviske brua) i oktober og drukna under flukta. Det var i dette slaget der Konstantin skal ha hatt ein visjon om ein kross på himmelen saman med bokstavane ΧΡ (dei greske bokstavane chi og rho, dei første bokstavane i Christos, Kristus) saman med frasen «I dette teiknet skal du sigra» (gresk: Εν Τουτω Νικα, latin: IN HOC SIGNO VINCES). Konstantin, som enno ikkje var kristen, skal ha late soldatane sine bera symbolet på skjolda. Slaget var såleis eit vendepunkt på fleire måtar.[2]

Som fiende av Konstantin har Maxentius generelt fått eit dårleg ettermæle, og er blittskildra som arrogant og maktlysten. Denne karakteristikken blir for så vidt ikkje motsagt av hendingane, men det er neppe rett å oppfatta han som ein religiøs motpol til Konstantin ettersom han sjølv synest å ha vist stor toleranse for kristendomen.

Romulus-tempelet på Forum Romanum er oppkalla etter sonen hans, som døydde ganske ung.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. I klassisk latin villle ein skrive namnet hans som MARCVS AVRELIVS VALERIVS MAXENTIVS AVGVSTVS.
  2. Smith, John Holland (1971): Constantine the Great. London: Hamish Hamilton. ISBN 0684123916. s. 104: «What little evidence exists suggests that in fact the labarum bearing the chi-rho symbol was not used before 317, when Crispus became Caesar...»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Koch, Hal (1952): Konstantin den Store. Pax Romana – Pax Christiana.; dansk utgave, ny udg. 1961.