Maya Angelou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maya Angelou
Maya Angelou visits YCP Feb 2013.jpg
Fødd 4. april 1928
Missouri, 1924
Død

28. mai 2014
Missouri

Debut I know why the caged bird sings (1970)
Maya Angelou på Commons

Maya Angelou (4. april 192828. mai 2014)[1] var ein amerikansk forfattar, dansar, songar, skodespelar, regissør og film- og TV-produsent.[2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Maya Angelou blei fødd i Saint Louis i Missouri som Marguerite Ann Johnson. Tilnamnet Maya fekk ho av den eitt år eldre broren Bailey, som skal ha kalla henne mya sister. Foreldra var Vivian (Baxter) Johnson, som var utdanna sjukepleiar, og Bailey Johnson, som var marinesoldat. Familien flytta til Long Beach kort tid etter at ho var fødd.[2] Foreldra skilde lag då ho var tre år gammal.[2]

Angelou fortel i sjølvbiografien I Know why the Caged Bird Sings korleis ho og broren blei sende åleine med toget til farmora Annie Henderson i Stamps i Arkansas. Farmora dreiv daglegvarehandel,[2] og klarte seg høvesvis godt under den store depresjonen.

Då Maya var sju, dukka faren umeld opp i Stamps og tok henne og broren tilbake til mora i St. Louis.[2] Dei budde først hjå mora sine foreldre, med ei mormor som hadde mykje makt i nærmiljøet og tre morbrør som var kjende som valdsame mot folk som vanæra familien. Deretter budde dei hjå mora og sambuaren hennar, ein Mr Freeman. Då Maya var åtte blei ho valdteken av Freeman. Han blei stilt for retten og dømd til eitt år og ein dag i fengsel, men lauslaten og kort tid etter funnen drepen.[3] Maya følte at det var orda hennar som hadde drepe han, og blei selektivt stum i fleire år etterpå.[2]

Etter ei tid blei barna sende attende til farmora i Arkansas, der dei blei verande i fire år. Ein ven av familien, læraren Bertha Flowers, hjelpte henne til å finna stemmen sin att. Ho lærte seg etterkvart fleire dikt utanat og til å deklamera.[2] Angelou blei kjend med klassiske britiske og amerikanske forfattarar som Charles Dickens, Edgar Allan Poe, Henry Wadsworth Longfellow, Paul Laurence Dunbar, Douglas Johnson, James Weldon Johnson og William Shakespeare, som ho særleg tok til seg. Bertha Flowers introduserte henne også for afroamerikanske forfattarar som Langston Hughes, Frances Harper, Anne Spencer og Jessie Fauset.[4][5][6]

Som tenåring flytta Maya Angelou og broren til mora att. Ho budde no i San Francisco[2] Oakland i California. Som fjortenåring rømde Angelou heimefrå for å finna far sin, og måtte ei tid klara seg åleine i Los Angeles og Mexico.[7]

Ho vende tilbake til mora og fullførte skulegangen. Ho var elev ved George Washington High School og oppnådde deretter eit stipend til å studera dans og drama ved California Labor School. Etter High School blei Maya trikkekonduktør i San Francisco, i følgje seg sjølv den første afroafrikanske kvinna med denne stillinga.[2]

Ho var sytten då ho fekk sonen Clyde Bailey Johnson, seinare Guy Johnson, og blei einsleg mor for han.[8] For å forsørga seg og sonen tok ho ulike strøjobbar - som nattklubbdansar, kokke, mekanikar og ei tid som prostituert og horemamma. Ei stund var ho stoffavhengig.[2]

Ho gifta seg med ein musikar og tidlegare sjømann, Tosh Angelos, i 1949. Dei skilde lag etter tre års ekteskap.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha lært dans i New York verka Angelou som nattklubbsongar.[7] Ho blei tilsett som calypsosongar ved den kjende nattklubben Purple Onion i San Francisco.[9] Som artistnamn tok ho broren sitt kallenamn for henne og ein variant av den første ektemannen sitt etternamn.[10] Ho blei ven med Phyllis Diller, ein annan tilsett som også skulle bli kjend.[2]

Etter ei tid som songar ved nattklubben fekk Angelou ei rolle i ein turnerande produksjon av musikalen Porgy and Bess, og vitja 22 ulike land med han 1954-1955. [11]

I slutten av 1950-åra budde ho i New York, der ho studerte dans hjå Martha Graham og Pearl Primus. Ho blei også med i den afroamerikanske Harlem Writers Guild, og blei ven med forfattaren James Baldwin. Ho hadde ei rolle i The Blacks av Jean Genet.[12] Ho gav også ut eit calypsoalbum, Miss Calypso, i 1957, som inneheldt fire sjølvskrivne låter. [13]

I 1960 blei ho med i den afroamerikanske borgarrettsrørsla, og engasjerte seg for Southern Christian Leadership Conference som var skipa av Martin Luther King Jr.[2]

Tidleg på 1960-talet var Angelou mykje i Afrika, og hadde mellom anna eit kort ekteskap med den sørafrikanske fridomskjemparen Vusimuzi Make.[12] Ho og sonen flytta med han til Kairo, og her verka ho som redaktør i Arab Observer.[2]

I 1962 tok forholdet til Make slutt. Ho flytta då til Ghana, der ho blei administrator og instruktør ved School of Music and Drama ved University of Ghana. Ho blei også medredaktør for African Review.[12]

I 1964 vende Angelou tilbake til USA, der ho tok del i skipinga av Organization of African American Unity. Ho blei ein nær ven av Malcolm X, som blei snikmyrda kort tid etter.[2] I 1968 skreiv, regisserte og produserte ho tv-serien Black, Blues, Black in afroamerikansk kultur og var med på planlegginga av ein kampanje for Martin Luther King Jr. i Memphis. Den 4. april 1968, på Angelou sin førtiårsdag, blei også han snikmyrda. Etter dette feira ikkje Angelou fødselsdagen sin, men sende i staden blomar til King si enkje, Coretta Scott King, heilt til King døydde i 2006.[14]

Oppmuntra av ei rekkje vener - James Baldwin, Judy Feiffer som var kona til Jules Feiffer og hadde forleggjarvener[2] og forleggjaren Robert Loomis, skreiv Angelou si første bok, sjølvbiografien I Know Why the Caged Bird Sings,. Skrivinga blei til ei form for sorgterapi etter drapet på King.[15] Boka kom ut i 1969 og blei eit gjennombrot for Angelou, og hennar mest kjende og anerkjende verk. Angelou følgde seinare opp med ein serie sjølvbiografiar.[7] I 1972 blei ho ein av dei første afroamerikanske manusforfattarane til ein heilaftansfilm med Georgia, Georgia.[12] I 1973 blei ho nominert til ein Tony-pris for rolla si i Look Away, sjølv om skodespelet berre fekk ein opptreden på Broadway.[12]

Angelou var gift med Du Feu og budde i California frå 1973 til 1981.[7] Ho hadde fleire film- og tv-roller, mellom anna i Røtter frå 1977 og seinare i Poetic Justice (1993) og How to Make an American Quilt (1995)[12] I 1998 regisserte ho Down in the Delta.[2]

Seinare i livet blei Angelou velkjend som lyrikar, med særmerkte framføringar, og førelesar. Ho gav ut over ti diktsamlingar og skreiv også songar til filmar og musikalar.[7] Sjølv om ho ikkje hadde vidare utdanning blei ho utnemnd til professor i amerikanske studiar ved Wake Forest University i Winston-Salem i Nord-Carolina i 1981, og hadde eit livsvarig professorat der.[16] [7]

Ho var programleiar for eit radioprogram kvar veke på kanalen Oprah & Friends.[17] Ho interesserte seg også for matlaging, og gav ut kokebøker.[7][18]

I 2002 byrja ho eit samarbeid med selskapet Hallmark Cards om å laga vers til kort, koppar, hustavler, puter, notatbøker og liknande i ei produktlinje kalla Maya Angelou Life Mosaic Collection.[19] [20]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Angelou skreiv over 35 bøker gjennom ein femtiårig karriere.[2] Sju av dei var sjølvbiografiske. Memoaret I Know Why the Caged Bird Sings er blitt rekna som banebrytande, både gjennom si skjønnlitteraturliknande form og gjennom innhaldet - skildringa av barndommen til ei afroamerikansk jente i dei raseskilde Sørstatane i første halvdel av 1900-talet. Boka frå 1969 markerte startskotet for ei mengd afroamerikansk kvinnelitteratur på 1970- og 1980-talet med forfattar som Toni Morrison, Alice Walker, Ntozake Shange og Toni Cade Bambara. Boka er mykje lesen på ungdomsskular og college, men er omstridd på grunn av sine vanskelege tema som seksuelle overgrep og rasisme.[2]

Dikta hennar tok for seg kamp og overvinning, og var prega av jazz-rytmar.[2]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(Lista er eit utval)

Sjølvbiografiar[endre | endre wikiteksten]

  • I Know Why the Caged Bird Sings (1969): Up to 1944 (age 17)
  • Gather Together in My Name (1974): 1944–48
  • Singin' and Swingin' and Gettin' Merry Like Christmas (1976): 1949–55
  • The Heart of a Woman (1981): 1957–62
  • All God's Children Need Traveling Shoes (1986): 1962–65
  • A Song Flung Up to Heaven (2002): 1965–68
  • Mom & Me & Mom (2013): oversyn

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Personlege essay[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Maya Angelou blei nominert til ein Emmy-pris for rolla si i fjernsynsserien Røtter i 1977.[7]

Angelou skreiv og framførte diktet On the Pulse of Morning til innsettinga av president Bill Clinton i 1993.[2][7]

Ho blei utnemnd til Honorary Goodwill Ambassador for UNICEF i 1996.[28]

I 1998 blei ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.

I 2011 blei ho tildelt presidentens fridomsmedalje av Barack Obama.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forfatter og lyriker Maya Angelou er død, 86 år gammel», VG, 28.05.2014, http://www.vg.no/nyheter/utenriks/usa/forfatter-og-lyriker-maya-angelou-er-doed-86-aar-gammel/a/10124313/ 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 Elaine Woo (28. mai 2014). «Maya Angelou, who vividly detailed the black experience, dies at 86». Los Angeles Times. 
  3. Braxton, Joanne M. (1999). Maya Angelou's I Know why the Caged Bird Sings: A Casebook. Oxford University Press. s. 121. ISBN 9780195116076. 
  4. Angelou (1969), s. 13.
  5. Gillespie et al., s. 23.
  6. Lupton, p. 15.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 7,7 7,8 7,9 Lyn Innes (28. mai 2014), «Maya Angelou obituary», The Guardian, https://www.theguardian.com/books/2014/may/28/maya-angelou 
  8. Long, Richard (1. november 2005), 35 Who Made a Difference: Maya Angelou, http://www.smithsonianmag.com/people-places/10013086.html 
  9. http://sanfrancisco.cbslocal.com/2014/05/28/maya-angelou-poet-and-author-dies-at-86-san-francisco-bay-area-oakland-high-school-purple-onion-stage-streetcar-muni/
  10. «The life of Maya Angelou - slide 2», NY Daily News, http://www.nydailynews.com/entertainment/music-arts/life-maya-angelou-gallery-1.107800?pmSlide=1.107874 
  11. 1950s 'Porgy and Bess' Castmember Maya Angelou Reflects On Production's Significance, NPR, 1. april 2010, https://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=125457527 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 «Maya Angelou», Encyclopædia Britannica, 22. august 2017, https://www.britannica.com/biography/Maya-Angelou 
  13. Jared T.L.C. (29. mai 2014), «Remembering Maya Angelou: The Singer?», Prefix, http://www.prefixmag.com/features/remembering-maya-angelou-the-singer/77648/ 
  14. USA Today.com (26. mars 2008): Maya Angelou celebrates her 80 years of pain and joy, besøkt 24. mars 2011
  15. The New York Times (23. januar 2007): A Career in Letters, 50 Years and Counting, besøkt 24. mars 2011
  16. Wake Forest University (19. january 2010): Forgiveness and hope – Maya Angelou remembers Martin Luther King Jr., besøkt 24. mars 2011
  17. «Maya Angelou, Poet And Author Who Got Her Start In Bay Area, Dies At 86». CBS SF Bay Area. 28. mai 2014. 
  18. John Crace (2. november 2011). «Maya Angelou: 'I make no apologies for writing a cookbook'». The Guardian. 
  19. Emma Yates (11. januar 2002). «Pithy greetings from Maya Angelou». The Guardian. 
  20. Jeannie Williams (10. januar 2002). «Pithy greetings from Maya Angelou». USA Tiday. 
  21. Moyer, Homer E. (2003). The R.A.T. Real-World Aptitude Test: Preparing Yourself for Leaving Home. Sterling, Virginia: Capital Books. s. 297. ISBN 1-931868-42-5. 
  22. Brown, Avonie (1997-01-04), Maya Angelou: The Phenomenal Woman Rises Again, 88, s. 2 
  23. 23,0 23,1 Waldron, Clarence (2006-12-25), Maya Angelou: On Christmas, Dave Chappelle and What Inspires Her, s. 29, https://books.google.com/books?id=qzsDAAAAMBAJ&pg=PA29&lpg=PA29&dq=%22Maya+Angelou%22+%22My+Life+has+turned+to+blue%22&source=bl&ots=hFHb4d4gyV&sig=mSc3nEOPaDJC8gYqPksZmZExYXM&hl=en&ei=cBSKTqrdJ4GqsQKa1eWbDw&sa=X&oi=book_result&ct=result&resnum=9&ved=0CFQQ6AEwCDge#v=onepage&q=%22Maya%20Angelou%22%20%22My%20Life%20has%20turned%20to%20blue%22&f=false, henta 2011-10-04 
  24. Angelou, Maya. «On the Pulse of Morning». Electronic Text Center, University of Virginia Library. Arkivert frå originalen den 11 February 2011. https://web.archive.org/web/20110211170647/http://etext.lib.virginia.edu/etcbin/toccer-new2?id=AngPuls.sgm&images=images%2Fmodeng&data=%2Ftexts%2Fenglish%2Fmodeng%2Fparsed&tag=public&part=1&division=div1. Henta 2007-05-28. 
  25. Long, Richard (November 2005), Maya Angelou, 36, s. 84 
  26. Vena, Jocelyn (2009-07-07), Maya Angelou's Poem about Michael Jackson: 'We Had Him', http://www.mtv.com/news/articles/1615416/20090707/jackson_michael.jhtml, henta 2009-07-11 
  27. Eby, Margaret (12 December 2013). "Maya Angelou pens poem for Nelson Mandela: 'His Day is Done'". New York Daily News. Retrieved 16 February 2014
  28. «Angelou, Maya». Who's Who in the Twentieth Century. Oxford University Press. 1999. 
Litteraturliste
  • Angelou, Maya (1969). I Know Why the Caged Bird Sings. New York: Random House. ISBN 978-0-375-50789-2
  • Angelou, Maya (1993). Wouldn't Take Nothing for My Journey Now. New York: Random House. ISBN 978-0-394-22363-6
  • Angelou, Maya (2008). Letter to My Daughter. New York: Random House. ISBN 978-0-8129-8003-5
  • Braxton, Joanne M., ed. (1999). Maya Angelou's I Know Why the Caged Bird Sings: A Casebook. New York: Oxford Press. ISBN 978-0-19-511606-9
    • Braxton, Joanne M. "Symbolic Geography and Psychic Landscapes: A Conversation with Maya Angelou", pp. 3–20
    • Tate, Claudia. "Maya Angelou: An Interview", pp. 149–158
  • Burr, Zofia (2002). Of Women, Poetry, and Power: Strategies of Address in Dickinson, Miles, Brooks, Lorde, and Angelou. Urbana, Illinois: University of Illinois Press. ISBN 978-0-252-02769-7
  • DeGout, Yasmin Y. (2009). "The Poetry of Maya Angelou: Liberation Ideology and Technique". In Bloom's Modern Critical Views—Maya Angelou, Harold Bloom, ed. New York: Infobase Publishing, pp. 121–132. ISBN 978-1-60413-177-2
  • Gillespie, Marcia Ann, Rosa Johnson Butler, and Richard A. Long. (2008). Maya Angelou: A Glorious Celebration. New York: Random House. ISBN 978-0-385-51108-7
  • Hagen, Lyman B. (1997). Heart of a Woman, Mind of a Writer, and Soul of a Poet: A Critical Analysis of the Writings of Maya Angelou. Lanham, Maryland: University Press. ISBN 978-0-7618-0621-9
  • Lauret, Maria (1994). Liberating Literature: Feminist Fiction in America. New York: Routledge Press. ISBN 978-0-415-06515-3
  • Long, Richard (2005). "Maya Angelou". Smithsonian 36, (8): pp. 84–85
  • Lupton, Mary Jane (1998). Maya Angelou: A Critical Companion. Westport, Connecticut: Greenwood Press. ISBN 978-0-313-30325-8
  • McWhorter, John (2002). "Saint Maya." The New Republic 226, (19): pp. 35–41.
  • O'Neale, Sondra (1984). "Reconstruction of the Composite Self: New Images of Black Women in Maya Angelou's Continuing Autobiography", in Black Women Writers (1950–1980): A Critical Evaluation, Mari Evans, ed. Garden City, N.Y: Doubleday. ISBN 978-0-385-17124-3
  • Toppman, Lawrence (1989). "Maya Angelou: The Serene Spirit of a Survivor", in Conversations with Maya Angelou, Jeffrey M. Elliot, ed. Jackson, Mississippi: University Press. ISBN 978-0-87805-362-9
  • Walker, Pierre A. (October 1995). "Racial Protest, Identity, Words, and Form in Maya Angelou's I Know Why the Caged Bird Sings". College Literature 22, (3): pp. 91–108.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]