Meisterligaen 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Meisterligaen 1993 var den aller fyrste utgåva av den meste prestisjetunge turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Turneringa kom i staden for Europacupen for serievinnarar. Serievinnarcupen, som den ofte vart kalla i Noreg, var ei rein utslagsturnering med cupkampar. Nydanninga Meisterligaen kombinerte derimot både cupspel og seriespel.

Lagoppstillingane i den fyrste meisterligafinalen - Olympique Marseille i kvitt

Meisterligafinalen[endre | endre wikiteksten]

Den franske klubben Olympique Marseille vart den fyrste vinnaren av Meisterligaen då laget 26. mai 1993 slo italienske AC Milan med 1-0 på Olympiastadion i München. Midtstopparen Basile Boli vart matchvinnar i det 44. minutt.

Olympique Marseille: Fabien Barthez, Jocelyn Angloma, Basile Boli, Marcel Desailly, Éric Di Meco, Didier Deschamps, Franck Sauzée, Abédi Pelé, Jean-Jacques Eydelie, Alen Bokšić og Rudi Völler. Angloma og seinare Völler vart i 2. omgang bytta ut med Jean-Philippe Durand og Jean-Christophe Thomas.

Milan: Sebastiano Rossi, Mauro Tassotti, Alessandro Costacurta, Franco Baresi, Paolo Maldini, Gianluigi Lentini, Demetrio Albertini, Frank Rijkaard, Roberto Donadoni, Marco van Basten og Daniele Massaro. Jean-Pierre Papin tok Donadoni sin plass tidleg i 2. omgang og Stefano Eranio kom inn få minuttar før slutt då Basten gjek ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]