Paolo Maldini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paolo Maldini i Milan-drakt 2008

Paolo Cesare Maldini (fødd 26. juni 1968) er ein italiensk tidlegare fotballspelar, fødd i Milano. Heile si 24-år lange karriere spela han for AC Milan, ein klubb han vann sju sju italienske seriemesterskap, to europacup-finalar, tre meisterliga-titlar og eitt italiensk cupgull med. I alt spelte han åtte finalekampar i Europacupen og Meisterligaen, samt tre finalar i den italienske cupen.

Maldini vert rekna for å ha vore ein av dei beste forsvarsspelarane i fotball nokon gong. I sine yngre år spelte han venstreback, etter kvart vanlegvis som midtstoppar. Han kom på andreplassen i FIFA si kåring av årets spelar i verda. Far hans, Cesare Maldini, var ei tid italensk landslagstrenar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Maldini debuterte for AC Milan som 16-åring, 20. januar 1985, og fekk fast plass på fyrstelaget sesongen etter. I 1988 var han med på å sikre Milan meistertrofeet i Serie A. Sesongen etter spela klubben seg fram til siger i Europacupen 1989, ein triumf som vart gjenteken i 1990. Med spelarar som nederlendarane Marco van Basten, Ruud Gullit og Frank Rijkaard, samt Maldinis eigne landsmenn Franco Baresi og Alessandro Costacurta, framstod Milan som den tids beste klubblag i Europa.

Åra 1992 til -94 vann Milan tre strake seriegull i Italia, ein treårsperiode som vart krynt med at laget vann Meisterligaen i 1994. Året i førevegen hadde klubben tapt den aller fyrste finalen i den nye turnerneringa, som kom i staden for Europacupen. I 1995 nådde Milan finalen i Meisterligaen for tredje året på rad, der Ajax vann 1-0.

Maldini vart italiensk seriemeister for sjette gong i 1999. Fire år seinare var han med på Milans dobbeltriumf, fyrst då han vart italiensk cupmeister for fyrste gong, sidan då Milan tok sitt andre trofe i Meisterligaen etter å ha vunne ein mållaus finalekamp mot Juventus etter straffeskyting. I 2004 vann Maldini sin sjuande og siste seriemeisterpokal. Etter å ha tapt finalen i Meisterligaen 2005 mot Liverpool FC, der Maldini opplevde si svartaste stund som Milan-spelar, fekk både han og klubben revansje mot nettopp Liverpool i Meisterliga-finalen 2007 med 2-1.

Maldini spelte sin siste offisielle kamp for Milan borte mot Fiorentina på Stadio Artemio Franchi i Firenze 31. mai 2009, ein kamp som enda med Milan-siger 2-0.

Til saman spelte Maldini 647 seriekampar for Milan og 161 kampar i dei europeiske turnerningane. Gjennom desse 808 klubbkampane stod han for 32 nettkjenningar, einast tre av dei i internasjonale kampar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Maldini spelte 126 landskampar for Italia i tida frå debuten 31. mars 1988 og fram til han sa nei til vidare landslagsspel etter fotball-VM i 2002. Han deltok i EM 1988, VM 1990 og 1994, EM 1996, VM 1998, EM 2000 og VM 2002. Maldini skåra sju landslagsmål for Italia.

Under VM på heimebane 1990 vart Italia og Maldini slått på straffeskyting i semifinalen mot Argentina, men vann bronsekampen mot England. Maldini spelte midtstoppar saman med klubbkameraten Franco Baresi då Italia tapte VM-finalen 1994 mot Brasil, ein tam kamp som vart avgjort med ei straffetevling. I 2000 var Maldini lagkaptein då Italia nådde EM-finalen i Rotterdam. Kampen mot finalemotstandar Frankrike gjekk til ekstraomgangar, der David Trezeguet vart kampvinnar då han skåra Frankrike sitt andre mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen 1989 og 1990 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994, 2003 og 2007 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1988, 1992, 1993, 1994, 1996, 1999 og 2004 med AC Milan
  • Italiensk cupmeister 2003 med AC Milan
  • VM-sølv 1994 for Italia
  • VM-bronse 1990 for Italia
  • EM-sølv 2000 for Italia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Paolo MaldiniFIFA si offisielle heimeside

Kjelder[endre | endre wikiteksten]