Roberto Donadoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roberto Donadoni
Roberto Donadoni - SSC Neapel (2).jpg
Statsborgarskap Italia
Fødd 9. september 1963
Cisano Bergamasco
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Roberto Donadoni (fødd 9. september 1963) er ein italiensk fotballtrenar og tidlegare spelar frå Cisano Bergamasco i Bergamo-provinsen. Tida 1986-96 spelte han for storklubben AC Milan og var med å vinne Europacupen to gongar, Meisterligaen i 1994 og Serie A fem gongar. Han var landslagssjef for Italia frå 2006 til -08 , og er sidan 2012 trenar for Parma FC.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Donadoni seriedebuterte for Atalanta i 1982, som då spela i Serie B. Han var sentral då klubben vann serien i 1984 og rykte opp i Serie A. Sommaren 1986 gjekk han over til Milan, der han dei neste ti sesongane vanlegvis spelte i ein høgre midtbane-posisjon. I 1988 var han med på å verte italiensk seriemeister, medan klubben den etterfylgjande sesongen vann ein overbevisande siger i Europacupen med 4-0 over Steaua București. Milan forsvarte triumfen i Europacupen i 1990, men der deltok ikkje Donadoni då han var sjukmeld etter ein livstrugande episode i ein tidlegare europacupkamp.

Donadoni og Milan vann tre strake seriemeisterskap åra 1992 til -94. Saman med mellom andre lagkapteinen Franco Baresi og Paolo Maldini var han sentral i det norditalienske storlaget som i 1993 tapte den fyrste finalen i den nystarta Meisterligaen. Året etter vann den klubben same Meisterligaen med heile 4-0 over FC Barcelona i finalekampen. Derimot vart det tap for Ajax då Milan i 1995 spelte sin tredje meisterligafinale på rad. Donadoni vart seriemeister i Italia for femte gong då AC Milan vann Serie A i 1996 med romsleg margin til Juventus.

I 1996 og 1997 spelte Donadoni i vel to sesongar for New York Metrostars. Seint i 1997 vende han tilbake til AC Milan og den kjende midtbaneplassen, men fekk lite speletid i den påfylgjande 1999-sesongen. Han la fotballskoa på hylla etter ein kortare periode i Al-Ittihad i Saudi-Arabia i 1999/2000.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Donadoni landslagsdebuterte 8. september 1986, straks etter han vart Milan-spelar. Omgåande fekk han plass i den nasjonale fyrsteellevaren og var med å spele Italia til semifinale i EM 1988, og til bronsemedalje etter siger over England i fotball-VM 1990 på italiensk heimebane. I 1994 var han på plass då Italia spelte VM-finale mot Brasil, ein kamp som enda utan skåringar i speletida, men som Brasil vann 3-2 etter straffesparktevling. Han spelte sin 63. og siste landskamp då Italia vart utslått i EM i fotball 1996, etter 0-0 mot Tyskland i innleiingsrunda. Gjennom sine ti år landslagsår skåra han fem landslagsmål, to av dei i ein EM-kvalifiseringskamp mot Ungarn hausten 1991.

Roberto Donadoni i 2009

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Etter at han la opp som spelar, trente Donadoni dei italienske klubbane Lecco, Livorno og Genoa 1893. I juli 2006 vart Donadoni tilsett som ny landslagssjef for Italia. Hans fyrste oppgåve vart å leie dei ferske verdsmeistrane gjennom kvalifiseringa til EM 2008, noko han lukkast med. Derimot vart Italia slått ut av EM-turneringa i kvartfinalane, og det italienske fotballforbundet sa opp kontrakten.

Donadoni var i etterttid trenar for Cagliari, Parma og frå 2012 for SS Lazio.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv 1994
  • VM-bronse 1990
  • Vinnar av Europacupen 1989 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1988, 1992, 1993, 1994 og 1996 med AC Milan
  • Saudisk meister 2000 med Al-Ittihad

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]