Franco Baresi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Franco Baresi
Franco Baresi.JPG
Fødd 8. mai 1960
Travagliato
Yrke fotballspelar
Franco Baresi på Commons
Franco Baresi til høgre, saman med broren Giuseppe

Franco Baresi (fødd 8. mai 1960) er ein italiensk tidlegare fotballspelar frå Travagliato i Brescia-provinsen, som spela for AC Milan frå 1978 til 1997. I løpet av si tid som aktiv var han med å vinne Europacupen to gongar og oppfylgjaren Meisterligaen ein gong, dessutan fekk han med seg seks seriemeisterskap for klubben. Med Italias landslag vann han sølvmedalje og bronsemedalje i verdsmeisterskapen i fotball i høvesvis 1994 og 1990. Baresi spela midtstoppar i ei libero-rolle, og har vorte rekna som ein av dei beste forsvarsspelarane nokon gong.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Baresi debuterte for AC Milan i april 1978, og fekk snøgt plass i fyrsteellevaren til klubben. Allereie i sin fyrste heile sesong, 1978/79, kunne han innkassere ein triumf då Milan vann Serie A. Fyrst ni år seinare fekk Baresi oppleve å verte seriemeister på ny, då som kaptein for Milan, ein posisjon han hadde frå han var 22 år til han la opp.

Både i 1989 og 1990 vann Milan Europacupen i fotball. Med mellom andre dei nederlandske toppspelarane Ruud Gullit, Marco van Basten og Frank Rijkaard på laget vart det 4-0 siger over Steaua București i 1989-finalen og 1-0 over Benfica i 1990. Baresi hamna elles i 1989 på andreplass i avrøystinga som utnemnde lagkameraten Basten til Årets fotballspelar i Europa.

Perioden 1992-94 tok AC Milan o Baresi tre strake seriegull i Italia. 1994-sesongen vart elles kruna med at Milan gjekk sigrande ut av Meisterligaen, etter i finalen i Athen å ha «feia» FC Barcelona av bana med 4-0. To år seinare vann Baresi si sjette og siste gullmedalje i den italienske serien. Då 1997-sesongen var over la han opp etter i alt 719 obligatoriske kampar for AC Milan.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Landslagsdebuten fekk Baresi i desember 1982, men det var fyrst hausten 1986 han hadder sikker plass i forsvarsrekka til Italia. Han deltok i fotball-EM 1988 der Italia vart slått ut i semifinalane av Russland, og i VM i fotball 1990 på italiensk heimegrunn. På fotballstadion i Napoli tapte Italia semifinalen mot Argentina på straffeskyting, men lukkast vinne bronsefinalen mot England i Bari med 2-1.

Den 5. juni 1991 vart Italia slått av Noregs landslag med 2-1 i ein EM-kvalifiseringskamp. Mange norske fotballinteresserte vil hugse at Baresi på Ullevaal stadion vart rundlurt av Lars Bohinen då Noreg gjekk opp til 2-1. Tre år seinare var han kaptein for eit defensivt Italia som spela seg fram til finale mot Brasil i VM 1994. Kampen enda utan skåringar. I den påfylgjande straffetevlinga opna Baresi for Italia med å bomme, og trass i at spelarar på begge laga mislukkast i sine forsøk, enda det heile med brasiliansk siger. To månader etter VM-finalen spela Baresi sin 81. og siste landskamp for Italia, han skåra sitt einaste landslagsmål i 1987.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv 1994 for Italia
  • VM-bronse 1990 for Ialia
  • Vinnar av Europacupen 1989 og 1990 med AC Milan
  • Vinnar av Meisterligaen 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister 1979, 1988, 1992, 1993, 1994 og 1996 med AC Milan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Franco Baresi – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.